Familien i Fyllingsdalen flytta frå Reykjavik til Bergen før bankkollapsen, før vulkanutbrotet på Eyjafjallajökull – og før det islandske fotballeventyret starta.

Dei kryssa Norskehavet i 1996, då språkvitaren Thorsteinn G. Indridason fekk jobb som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Kona Elín Bára Magnúsdóttir er sagaforskar.