Bygda som er fanga av skredfare

På ein gard i Stryn står dei opp om natta for å sjekke om flaumskredet kjem.

BONDEN OG ORDFØRAREN: Sauebonde Paul Egge og ordførar Sven Flo speidar oppetter fjella inst i Nordfjord. I Sunndalen er det god grunn til å vere på vakt. Her har snøskreda herja og teke mange liv. Foto: Eirik Brekke

Publisert Publisert

– Vi veit at det vil skje ei større hending i Stryn kommune, seier Sven Flo.

Ordføraren frå Høgre lever med ein skremande historikk mellom dei brattaste fjella lengst inne i Nordfjord. 289 menneskeliv skal ha gått tapt i skredhendingar her sidan 1500-talet.

– Vi er førebudde på ulukker med tap av menneskeliv igjen. Det er tilfeldig at det ikkje har skjedd dei seinare åra, seier Flo.

Overslag Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har gjort for Bergens Tidende viser at 75.000 menneske i Hordaland og Sogn og Fjordane bur i skredutsette område. Skredfarekartlegging viser at 240 bygningar i Stryn ligg utsett til.

Få kommunar i Norge er så kringsett av skredfare.

Målt i tap av menneskeliv er Stryn den mest rasfarlege kommunen i landet.

VONDT MINNE: Bjarne Magnar Sunde høyrde eit øyredøyvande brak ved jordskredet i 2013. - Eg kan førestille meg korleis dei krigsramma har det.

Vegen buktar seg oppover Oldedalen. Frukttre blømer under skyfri himmel. Oldevatnet og fjellsidene kappast om å ha den grønaste fargen. Mai er på sitt mildaste, Stryn på sitt fagraste.

Men det er ikkje difor ordførar Flo er guide for ein dag.

Flo vil ta oss med til nokre av dei mest utsette plassane i kommunen, dit dei som lengtar heim til Nordfjord, ikkje lenger får byggje - og til ein gard der ikkje lenger nokon skulle kunne halde fram med å bu.

I Olden ligg 68 bygningar i faresonen. Langs Oldenvatnet er det fare for fleire typar skred. Der ligg Beinnes, med hus og andre bygningar som er truga av den mektige Sandnesfonna på motsett side av dalen. Ho losnar 1700 meter over havet, og fossar nedover ei fjellside på meir enn tre kilometer.

Fonnvinden vil kunne skape eit voldsomt og farleg trykk. Fem hytter og eit bolighus ligg i fare for å bli ramma oftare enn ein gong kvart hundreår.

Av alle nordmenn som bur i skredutsette område, er fire av ti busett i Hordaland og Sogn og Fjordane. Berekninga er gjort basert på såkalla aktsemdskart.

– Aktsemdskarta viser område der det kan vere potensiell fare for skred i bratt terreng, seier Eli K. Øydvin, leiar i seksjon for skred- og flaumkartlegging i NVE.

For å avdekkje den reelle faren for skred, blir det laga meir detaljerte kartleggingar. Her blir skredfaren for eksisterande busetnad undersøkt av geologar. Faresonene blir så kartlagt for ulike sannsyn for skred, som 1/100, 1/1000 og 1/5000-årsskred.

Stryn er ein av kommunane der deler av busetjinga og omgjevnadene allereie er undersøkt, og med god grunn.

Her finn du alle faresonekart og aktsemdskart for din kommune.

SÅRET GROR: Det er framleis eit sår i landskapet i Olden etter jordskredet ved heimen og garden til Bjarne Magnar Sunde.

Vi køyrer rundt Yrineset inst i Oldedalen. Like ved eit gardstun, over beitande sauer og lam, gror eit digert sår i landskapet.

– Ved eit Guds under gjekk det ikkje menneskeliv her, seier ordførar Flo.

På gardstunet steller Bjarne Magnar Sunde plenen med kantklippar. Det er snart fem år sidan sauebonden vakna av eit brak. Minnet gir framleis vakenetter.

For sauebonden kjendest det som om ein sprengningsalve hadde gått av inntil husveggen fredagskvelden i november 2013. Huset rista. Han kom seg på beina og såg det gneistre i høgspentleidninga ute.

Sauebonden skimta ei fem meter høg bølgje reise seg nede på vatnet, flodbølgja slo halvvegs opp langs kraftstolpen og slukte det som kom i vegen.

Det var ikkje fjellet som ramla på vatnet, men eit digert jordskred som hadde losna.

Jordmassane strauk forbi huset, raka med seg beitemarka, reiv med seg vegen.

Berre timar før hadde familiar køyrd inn og ut her i samband med ein 4H-fest. Ein familie blei innesperra mellom to ras. I løpet av natta gjekk det i alt fem ras ved fylkesveg 724. Over 200 menneske blei isolerte utan straum.

Sunde søkte dekning i eit anna hus på eigedomen som han rekna som trygt, sidan det hadde stått i fleire hundre år. Dagen etter såg ungkaren øydeleggingane og trudde det var over med sauedrifta.

Snart fem år seinare gjallar «bææææ» i skråninga.

UTE AV KONTORET: Ordførar Sven Flo på gjenbesøk hos Bjarne Magnar Sunde. Etter jordskredet ved garden i 2013 var Flo heime hjå sauebonden. - Ordførarar må kome seg ut av kontoret og bry seg om innbyggjarane sine, seier Flo.

– Korleis går det med deg no, spør ordføraren.

– Det går greitt nok, seier sauebonden.

Han ser ut i lufta - nokre sekund - før han tilføyer:

– Men eg kan førestille meg korleis dei krigsramma har det.

I uvèr søv han ikkje like godt lenger.

– Er det lagt ned byggjeforbod? spør sauebonden og vender seg mot ordføraren. Han har vore i kontakt med kommunen og fått beskjed om at han ikkje kan byggje noko nytt.

– Skal vi ta utgangspunkt i faren for at noko kan skje, må vi leggje ned byggjeforbod i nesten heile kommunen. NVE sine kart legg store hindringar. Eg bur sjølv på ein plass eg eigentlig ikkje skulle ha budd, seier ordfører Flo.

Sauebonden og ordføraren tek kvarandre i hendene.

– Eg skal sjekke opp det med byggjeforbodet, seier Flo.

Ordføraren tek oss med vidare mot Loen. Flo pratar som ein foss om å vere førebudd. I hans ordførartid har skred og naturskadar råka så å seie årleg, av større eller mindre art . Nokre har vore svært dramatiske, men utan å ta liv. Som orkanen «Dagmar» i 2011 og flaumen i Utvik i fjor sommar.

– Vi har elvar vi er sikre på vil skape vanskar. Vi har dalføre vi veit får jord- og steinras. Og vi kan ikkje stole på andre enn oss sjølve når det skjer, seier han og tenkjer på alle aktørane og etatane ein må be om hjelp og orientere seg i.

Flo seier kommunen må spele på lokale krefter. Entreprenørar, transportørar, bondekvinnelag. Og mest av alle, Røde Kors Hjelpekorps.

– Du kan ikkje vente på hjelp. Du må ha ressursar å gripe tak i nær deg, seier han.

Flo har fått eit brennande engasjement for Røde Kors Hjelpekorps. Kommunen har inngått femårsavtale med dei lokale redningsfolka. Den inkluderer mellom anna innkjøp av utstyr til dei frivillige.

– Altfor mange kommunar har eit for passivt forhold til Røde Kors.

Då straumen og telefonnettet forsvann etter «Dagmar», gjekk Røde Kors frå dør til dør med ordføraren sitt handskrevne og viktige informasjonsskriv til folk i Stryn.

Då flaumen herja i Utvik etter eit intenst regnskyll, vassa Flo i grenda med støvlane på i ei veke. Han dreiv sin del av kriseleiinga frå felten.

– Som ordførar er det di forbanna plikt å vere der hendinga skjer. Då får du ofre alt anna, leve i situasjonen med dei som kjenner katastrofen på kroppen. Kun då forstår du behova. Ordførarar må kome seg ut av kontora og bry seg om innbyggjarane sine.

  1. FLAUMSKRED: I fjor sommar tok flaumen Utvik. Ordførar Sven Flo dreiv kriseleiing i felten. - Då kjenner du behova til dei som er ramma av hendinga. Foto: Svein Rune Kjøllesdal, arkivfoto.

  2. SIKRING: Bak Hotel Alexandra er det reist ein stor voll for å sikre mot skred og flaum.

Vi køyrer forbi Hotel Alexandra, turistnæringa sitt flaggskip i Indre Nordfjord. Ein svær skredvoll til over 17 millionar kroner sto ferdig ovanfor hotellet for eit par år sidan. Vollen sikrar mot både snø- og flaumskred.

– Utan sikringa hadde ein ikkje kunne utvikle hotellet, seier ordføraren.

Eit stykke lenger ute i fjorden, oppe i fjellskråningane, ligg Solvik og Rake. Her står eit boligfelt på vent. Det finst mange slike område i Stryn. Skredfarekartlegginga har gitt kommunen kraftige restrikasjonar.

– Heile Stryn kommune er meir eller mindre skravert raud etter skredfarekartlegginga. Vi er bunden på hender og føter, seier Sven Flo.

Ordføraren er bekymra for korleis dette bremser utviklinga i kommunen. Han påpeikar at ein liten kommune som Stryn er avhengig av tilflytting for økonomisk vekst. Men kor skal folk byggje og bu i framtida? Kor skal dei nye bedriftene halde til?

– Eg er ikkje negativ til å tenkje sikring på vegner av innbyggjarane. Men det blir for mykje føre-var-tenking. For mykje dersom-at-hvis. Uansett kor du snur og vender deg, må det gjerast tiltak. Men det følgjer ikkje midlar til å sikre desse områda staten bandlegg via etatane sine, seier Flo.

  1. HISTORIE: På Jostedalen Nasjonalparksenter vil dei ta vare på skredhistoria til Stryn kommune.

  2. FLODBØLGJE: Lodalen, Ramnefjellet, der gikk det ras i 1936 og bygda blei utradert av flodbølgja som oppstod. Foto: Øystein Torheim, arkivfoto

Vi tek pause i Stryn sentrum. Ordførar Flo peikar på Årheimfjellet som kneisar over eit eldre byggefelt. Hus som blei bygde før nokon i det heile teke tenkte på å kartlegge skredfare.

– Her er det fare for steinsprang. Vi ventar no på ein sluttrapport, seier ordføraren. Han ser utover kommunesenteret, galgenhumoristisk humrar han fram orda:

– I tillegg ligg mesteparten av sentrum på kvikkleire. Det set grenser for kor høgt vi kan bygge og kor vi kan bygge.

Austover i kommunen. Riksveg 15 mot Oppstryn. Historikken fortel at vi er på veg mot eit endå meir rasfarleg område. Stryneelva slyngjer seg gjennom Strynedalen. Under 1400 meter høge Kyrkjenibba gjekk det mange liv i Stryn snøvinteren 1868.

Eit digert skred feia med seg bruka på Gjørven nær kyrkja den 11. februar dette ulykkesåret. 14 omkom. Fonna var to og ein halv kilometer brei. Drygt eit par veker seinare denne svarte februarmånaden gjekk det eit nytt dødsskred, tre kilometer unna. Skredet kom frå det 1247 meter høge Tennafjellet. Alle elleve på garden Tenden døydde. Skredet tok og 26 kyr og 60 sauer. Redningsaksjonen pågjekk i ei veke og det vart funne lik begravd djupt i snø, stein og tømmer.

Det smaragdfarga Oppstrynsvatnet blenkjer i vårsola og tek tankane ein heilt annan stad enn mot fare og tragedie. På motsett side klamrar Flo-bygda seg fast. Det er nyttelaust å skildre kor vakkert det er her.

På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i vasskanten vert det planlagt ei skred- og naturfareavdeling, slik at besøkande kan setje seg inn i og forstå korleis det fagre og farlege går hand i hand. Hengjeskred med trykk som frå ei bombe kan óg vere fint å sjå på storskjerm.

  1. JORDRAS: - Kven kunne forvente at det skulle gå ras her, seier Sven Flo, han viser oss området der jordraset heldt på å ta ein rutebuss i 2013

  2. NESTEN-ULYKKE: Bussen blei nesten teken av jordskredet ved Oppstrynsvatnet. Foto: Privat

Bak neste knaus, rundt ein sving, lurer meir fare. Ordføraren går langs vegen, peikar mot ei skråning som slett ikkje ser spesielt skummel ut på Grande i Oppstryn.

– Kven kunne forutsjå at her skulle det gå jordskred, seier han.

– Eg bur ikkje langt unna og var raskt på staden.

Ein rutebuss på veg til Oslo med over 30 passasjerar blei nær feia på brevatnet midt i november for fem år sidan. Bussen blei fanga mellom to skred, og passasjerane måtte evakuere gjennom gjørme til næraste bustadhus.

– Om bussen hadde hamna i vatnet, ville alle truleg ha mista livet.

Såra i landskapet er heilt borte no.

I enden av Oppstrynsvatnet er fjellet Hjellehynna sjefen. Mektig, men trugande, med snøskredet Hjelleuksen og uhyggeleg sterk fonnavind som kan føre til skade heilt til motsett side av dalen.

Vi parkerer ved Hjelle Hotel, det gamle hotellet der Justin Bieber prøvde å gøyme seg bort for alle ungjentene i Stryn og Norge etter ein konsert i Oslo. Ordføraren slår fortvila ut med armane. Familiar som vil slå seg ned i grenda, får knapt tomt å byggje på. Flo fryktar Hjelle skal slite med rekrutteringa.

– Vi har klart å smette inn to hus på toppen.

Elva frådar gjennom Hjelledalen. Snøsmeltinga er intens i mai. Over ei bru, under eit fjell, der bur ordføraren, ikkje utan risiko.

– Her er det steinsprangfare, seier han.

Men langt farlegare er det lenger oppe i dalen.

Paul Egge sto høgt oppe på skogsvegen mot Sunndalen og speida bekymra ned mot eigedomen sin på Tangen. Med seg hadde han ein walkie talkie for å halde kontakten med kona Alvhild, dottera og foreldra, som budde i nabohuset på garden.

FLEIRE KATASTROFER: På fjellknausen over garden til Paul Egge står ein minnebauta over dei som omkom i snøskredet i Sunndalen i 1868. Fleire gonger blei garden Sunndal ramma av enorme snøskred. Verst i 1868. 13 menneske omkom. 152 husdyr. Terrenget var som bomba etter det massive skredet.

Det var 5. mai 1995. Snøsmeltinga var intens, og det gjekk fleire skred i dei høge fjella øvst i Hjelledalen. Som frå fjellet over Egge sin gard, Grovehynna. Skred brukte å tøme seg i det djupe gjelet, fylle opp dalføret og lage ei demning. Breelva Sunndøla, som renn forbi eigedomen til Egge, hadde vakse seg stor, for så nesten å forsvinne.

Akkurat slik den hadde gjort i 1955, førre gong flaumskredet kom så brått og nesten tok eigedomen.

Paul Egge visste at det var verkeleg fare på ferde, om Sunndøla først vaks seg stor og så blei vekke. Det var teiknet på at noko farleg kunne kome.

Fjellknausen han sto på, byrja å riste, steinane hoppa og dansa rundt han, som om det var eit jordskjelv som herja.

Demninga snøskreda hadde skapt, kollapsa.

Alt kom.

Han rakk ei kort melding før sambandet blei brote.

– Ikkje gå ut.

SKRED I ELVA: Snøskreda frå fjellet går i elva og fyller det djupe gjelet, det skapar farlege situasjonar for dei som bur nær elveløpet Sunndøla.

Der kom elva, sigande, fort. Vatnet, den blaute snøen, dei store steinane. Massane breia seg ut. Som ein slags innlandstsunami skylte flaumskredet nedover gjelet, over jordet, i retning husa på eigedomen, der dottera, kona og foreldra var.

Paul Egge følte hjartet hoppa der han sto, utan å kunne gjere noko. Berre sjå flaumen og massane som følgde, nærme seg huset. Familien.

Faren hans hadde vore på brua for å kike i elva. Dei andre ropte til han.

– Du må springe.

Men han gjekk, nekta å springe og rakk akkurat innomhus før vatnet, snøen og steinane kom.

Kona til Paul og dottera hadde teke seg inn i foreldra hans sitt hus. Frå glaset såg dei katten klamre seg fast i eit bord høgt oppe på husveggen, ein bil segla forbi, snø og vassmengder slo inn mot huset deira, som dei frykta skulle fare.

Men det sto.

  1. MAI 2018: Mai kan verke fager og uskuldig, men i Hjelledalen smeltar snøen i høgfjella og det kan gå skumle skred til langt ut på våren.

  2. Mai 1995: Her kjem flaumskredet mot huset og eigedomen til Paul Egge 5. mai 1995. Han blei ståande på ein bergkant å sjå det fare mot huset kona og dottera og foreldra oppheldt seg i.

Paul og kona Alvhild dekkjer på eit bord i hagen. Serverer sjokoladekake og kaffi. Mai 2018 er vakker, men det er på denne tida dei fryktar skreda frå Grovehynna. Det store skredet, Svellingfonna.

– Eg trivst faktisk ikkje når det er mykje snø i høgda, då er det nattevak. Svellingfonna er eit kjempestort skred her, eit av dei største, seier Paul Egge.

Jamleg passar sauebonden og kona på at elva renn som den skal.

– Eg har vore oppe om natta og sjekka óg, fleire gonger, seier han.

– Vi ligg vakne når det er skikkelig dårleg vêr.

TRIVST: Paul Egge og kona Alvhild Tenden nyt maiveret, men dei er på vakt på denne årstida. Dei gløymer aldri flaumskredet i 1995. Huset er mellom dei som ligg mest utsett til i Stryn kommune.

Huset blei bygd i 1980, foreldra sitt hus i 1940. I dag hadde dei ikkje fått lov til å byggje her. Skredkartlegginga har plassert eigedomen i faresone 1/100, i teorien vert det rekna som for farleg å bu her.

Fra hagen høyrest elvesus.

– De har ikkje tenkt å flytte?

– Neeeei ...

– Berre om vi blir tvangsflytta, seier Paul Egge.

KJELDER: Skredulykker i Norge av Astor Furseth, Skredfarekartlegging for Stryn og Hjelle, NGI/NVE, NVE Skredhendelser

Publisert