INGEN GRENSER: Melvin Cornejo Gomez frå El Salvador vart lam frå livet og ned, då gjengkriminelle skaut han og kompisane. I dag er han elev ved verdsgymnaset i Fjaler. I mai bar Dylan DeMarco frå Florida romkameraten sin til fjells, 650 meter over havet.
BT Magasinet

Lam frå livet og ned, men kameraten bar han til fjells

Melvin (22) elska å spele fotball og drøymde om å studere i utlandet. Han trudde alt var over då han vart skoten. Men det var då verda opna seg i ein vestnorsk fjordarm.

Melvin ser ut på skyene. Han har aldri flydd før, aldri vore heimanfrå. No er han i lufta, på veg bort frå El Salvador og alt han kjenner, og undervegs til ein grøn fjordbotn 9000 kilometer unna.

Rullestolen er slått saman. Flyturen frå Panama til Amsterdam er ti timar lang, men Melvin skal endå lengre. Lande på Flesland, ta ferje for første gong i sitt liv, køyre langs smale, svingete sunnfjordsvegar. Frå bussen skal han sjå ut i den norske sommarnatta og ikkje fatte at det kan vere så lyst.

Bildevisning

       EI SENG I SUNNFJORD: - Eg drøymde alltid om å studere i utlandet. No lever eg draumen min, seier Melvin Cornejo Gomez. På internatet deler han rom med tre gutar frå USA, Noreg og Nepal.
EI SENG I SUNNFJORD: - Eg drøymde alltid om å studere i utlandet. No lever eg draumen min, seier Melvin Cornejo Gomez. På internatet deler han rom med tre gutar frå USA, Noreg og Nepal.

Alt dette veit ikkje Melvin Cornejo Gomez enno, der han sit i det store flyet, mange tusen meter over havet. Alt han veit er at livet ikkje var over likevel, og at han endeleg er på veg. «Dette er det første steget», lovar han seg sjølv.

I haust er det 20 år sidan verda kom til Fjaler. Ordføraren fann nesten ikkje store nok ord på opninga av United World College Red Cross Nordic. Dette er like stort for Fjaler som OL for Lillehammer, dette er ein av dei største festdagane i kommunen og fylket si historie, sa han i talen.

Dronning Sonja og dronning Noor av Jordan var der saman med ministrar, samfunnstoppar og kjendisar, for å opne det niande verdsgymnaset for fred og humanitet. Den norske ambassadøren i Sør-Afrika framførte ei helsing frå Nelson Mandela: «Denne skulen er ein solstråle av håp».

Då celebritetane hadde reist, var dei viktigaste igjen: 103 ungdommar frå 67 nasjonar. Dei neste to åra skulle dei bu i grenda Haugland inst i Flekkefjorden på fire— og femsengsrom. Dei skulle fullføre gymnaset, men endå viktigare, sa ein av festtalarane, bli ambassadørar for fred og fridom.

Bildevisning

       GØY PÅ LANDET: Livet på rommet er vel så viktig som det i klasserommet. Emma du Marchie Sarvaas frå Nederland (frå v.), Belva Widyaprasetia frå Indonesia, Thea Hammer frå Noreg, Mariana A. Yanês frå Venezuela, Sina Øilo Tenold frå Noreg og Maruska Zigova frå Tsjekkia.
GØY PÅ LANDET: Livet på rommet er vel så viktig som det i klasserommet. Emma du Marchie Sarvaas frå Nederland (frå v.), Belva Widyaprasetia frå Indonesia, Thea Hammer frå Noreg, Mariana A. Yanês frå Venezuela, Sina Øilo Tenold frå Noreg og Maruska Zigova frå Tsjekkia.

Sidan har 2000 elevar fullført utdanningsprogrammet International Baccalaureate på verdsgymnaset i Fjaler. Melvin har aldri vore så glad i sitt liv som då opptaksbrevet frå Noreg kom i fjor, og mor hans aldri så engsteleg. Så mykje hadde gått i knas på badeturen fem år tidlegare.

Melvin og fem klassekameratar skulle berre ta ein dukkert etter skuletid. Han var midt i elva då kulene kom. Frå eit sekund til neste var elva raud av blod.

Melvin såg tre av sine beste vener døy den dagen; alle tilfeldige offer for bandidos, gjengkriminelle, som som skaut sivile for å hemne seg på politiet. Melvin var i live då politiet kom, men kulene hadde treft hovudet, handa og ryggmargen hans. Han prøvde å reise seg, men klarte ikkje å stå på beina.

Bildevisning

       VIS VEG: Fjaler kallar seg landets mest internasjonale kommune, og skiltet er blitt sjølve symbolet på 20-åringen United World College.
VIS VEG: Fjaler kallar seg landets mest internasjonale kommune, og skiltet er blitt sjølve symbolet på 20-åringen United World College.

I tre månader låg Melvin på sjukehus. Legen sa at dei ikkje kunne gjere meir. 16-åringen, som elska å spele fotball og drøymde om å studere medisin i utlandet, var blitt lam frå livet og ned. Men han kunne ikkje gi opp draumen. Då han kom inn på den nordiske UWC-skulen, kunne ikkje mors tårer stoppe han.

«Eg kan ikkje hjelpe deg når du er så langt borte», sa ho fortvilt. Han prøvde å trøyste, «ikkje ver uroleg, mamma, eg skal klare meg».

Tyskland, Hongkong, India, Swaziland. Størst av dei 14 UWC-skulane i verda er Singapore med 5000 elevar. Skulen i Sogn og Fjordane er ein av dei minste med 200 elevar, og den som ligg lengst ute på landet. Så langt ute at Arne Osland fekk vondt i magen då han køyrde til Flekke første gong.

Osland hadde jobba fem år i Wales, på den eldste United World College-skulen i verda. Han og kona hadde snakka om å flytte heim igjen, og greip sjansen då Noreg fekk sitt eige UWC.

Sommaren 1996 var familien og flyttelasset på veg til Fjaler, men i Knarvik fekk den nye norsklæraren kalde føter. Det var knapt folk og hus å sjå. Han følte at han køyrde inn i eit ingenmannsland.

- Då vi snakka om å flytte heim, hadde vi tenkt på noko mellom Bergen og Stavanger, ikkje Sogn og Fjordane, seier Osland.

- De hadde tenkt å flytte til ein stad det budde folk?

- Ja.

Bildevisning

       FEIRAR FORSKJELLANE: Rektor Richard Lamont (til v.) og utviklingsdirektør Arne Osland vil gi elevane eit multikulturelt perspektiv og lære dei å feire og forstå forskjellane.
FEIRAR FORSKJELLANE: Rektor Richard Lamont (til v.) og utviklingsdirektør Arne Osland vil gi elevane eit multikulturelt perspektiv og lære dei å feire og forstå forskjellane.

Flekke gjorde fordommane til skamme. Familien, som berre skulle bli i to år, er her framleis, og i dag er Osland utviklingsdirektør på skulen. Ein viktig samarbeidspartnar, Haugland rehabiliteringssenter, ligg vegg i vegg.Skulen og senteret samarbeider om eit rehabiliterings— og utdanningstilbod for overlevande frå krig og konfliktar; ungdom som Melvin frå El Salvador. Fleire elevar jobbar som frivillige på helsesenteret etter skuletid.

- Miljøet i Fjaler er fantastisk ressurssterkt. Folk her har støtta aktivt opp om skulen, og vist at dei veit å verdsetje ein så eksotisk plante som UWC, seier Osland.

- Du finn ikkje maken til undervisingsmiljø. Klassane er små, elevane løfter kvarandre opp. Å rekruttere lærarkrefter er lett, særleg stillingar som blir utlyste internasjonalt. Ikkje like mange søkjer jobb som norsklærar. Det viser vel berre at dei er like fordomsfulle som eg var.

- Er kultursjokket like stort for elevane?

Bildevisning

       INTERNASJONALEN: 95 ulike nasjonar er representerte på UWC dette skuleåret. Her er eit lite utval.
INTERNASJONALEN: 95 ulike nasjonar er representerte på UWC dette skuleåret. Her er eit lite utval.

- Nei, dei lever som i ein tett landsby, og skapar sitt eige miljø. Sjokket kjem nok meir i møte med dei andre elevane. Det er modig å kome hit. Som elev har du stor fridom. Du kan gjenskape din eigen identitet på fritt grunnlag, men samtidig har du ikkje noko å falle tilbake til. Du er den du er på godt og vondt. Eit mini-FN er verdsgymnaset i vestlandsfjorden blitt kalla. I tillegg til at elevane skaffar seg studiekompetanse, får dei opplæring i menneskerettar, fred og berekraftig utvikling. Men elevane må begynne med seg sjølve. Ingen får bu på rom med folk frå sitt eige land.

Melvin flytta på rom med tre gutar frå USA, Nepal og Noreg. Den eine, Dylan DeMarco (19) frå Florida, hadde drøymt om å utforske eit meir multikulturelt miljø enn i heimbyen Inglewood. No heng stars and stripes -capsen hans på same vegg som panfløyta til Melvin.

Dylan løfter vekter og går i fjellet på fritida, Melvin målar bilete. Ein spesiell venskap har vakse fram mellom to tilsynelatande ulike romkameratar.

- Melvin er blitt som ein tvillingbror for meg. Vi er ikkje alltid einige, men har masse felles og mykje moro. Melvin har dessutan lært meg å setje pris på god kaffi. Eg, som er einebarn, har aldri visst korleis det er å ha ein bror før, seier Dylan.

Livet på rommet er vel så viktig som sjølve skulegangen på UWC. Ateistar, truande, svarte, kvite, fattige og rike lever tett saman på få kvadratmeter, på godt og vondt.

- For ein som har altfor mykje, er det bra å dele rom med ein som har altfor lite, seier Osland.

Bildevisning

       UTETIME: Alistar Robertson underviser i miljøfag på United World College Red Cross Nordic i Fjaler. Denne dagen har han tatt klassen med ut. Elevane kjem frå Noreg, Thailand, Laos, Myanmar, Ghana og Nepal.</em>
UTETIME: Alistar Robertson underviser i miljøfag på United World College Red Cross Nordic i Fjaler. Denne dagen har han tatt klassen med ut. Elevane kjem frå Noreg, Thailand, Laos, Myanmar, Ghana og Nepal.</em>

Naturen kjem også tett på i Noreg. Melvin trudde at han måtte nøye seg med å måle landskapet frå rullestolen, men alt første vinteren deltok han på Ridderrennet på Beitostølen. Utan hjelp la han bak seg 20 kilometer på ein lånt langrennskjelke frå TV-programmet «Ingen grenser».

Styrkeprøven var knallhard. Som gulrot den siste kilometeren, hengde heiagjengen frå UWC ein Kvikklunsj på ein skistav framfor han. Utmatta staka Melvin seg over målstreken, der kulturminister Thorhild Widvey venta, klar for ein sjølvie med den utrulege 22-åringen frå El Salvador.

Då skulen planla 1. mai-tur til Jarstadheia, ein fjelltopp 650 meter over Dalsfjorden, var det vel ingen som tenkte at Melvin kunne vere med. Bortsett frå Dylan.

Han visste at han sjølv kom til å elske å nå toppen av Jarstadheia. Derfor visste han at Melvin ville elske det, også.

«Kunne du tenkt deg å måle utsikta frå Jarstadheia», spurde Dylan.

«Ja», sa Melvin.

«Gi meg litt tid. Eg skal finne ut korleis vi kan få deg opp dit.»

El Salvador og Florida hadde trent til den strabasiøse fjellturen sidan jul. For å nå toppen saman med dei andre 1. mai , måtte dei to kompisane tjuvstarte dagen før og overnatte langs stien.

Bildevisning

       NÅDDE TOPPEN: - Eg ville gjort det igjen utan å nøle, seier Dylan DeMarco. Han bar romkameraten Melvin Cornejo Gomez til fjells.
NÅDDE TOPPEN: - Eg ville gjort det igjen utan å nøle, seier Dylan DeMarco. Han bar romkameraten Melvin Cornejo Gomez til fjells.

Sakte jobba dei seg oppover fjellsida, gjennom gjørme, snø og over isglatte parti i bratthenget. Kjelken frå «Ingen grenser» var med, men på store delar av turen måtte Dylan bere 54 kg tunge Melvin på ryggen. Turen ned skulle bli endå hardare.- Det var mykje tøffare enn eg hadde trudd. Eg var mest uroa for Melvin. Men det var verdt kvart sekund, og eg ville gjort det igjen utan å nøle, seier Dylan.

Resten av UWC-elevane venta på toppen av Jarstadheia og heia Melvin og Dylan i mål. Melvin klarte ikkje å stoppe å smile då han endeleg nådde målet.

- Eg hadde aldri trudd at eg skulle få oppleve noko slikt. Det var så vakkert. Eg har skjønt at livet ikkje er over, og at det er så mykje eg kan gjere. Eg lever draumen min.

widget-list