Herborg Kråkevik (40) står på fortauet utanfor Øster Farimagsgade 75. Gamle dørklokker klorer seg fast under callinganlegget. Den klassiske bygarden har halde fasaden i snart 150 år.

Ho går inn i den feriestille oppgangen. Midt i intense prøver på «Hellemyrsfolket» på Den Nationale Scene, har Herborg tatt ein avstikkar til København. Ho er lommekjent i byen, men har aldri vore her inne før.