Eit oransje lyn over vinterbrun røsslyng, frisk vind frå nord. Høg himmel over Fedje.

Halen går, øyro flagrar, snuten skannar landskapet. Lukt. Alt er lukt. Hundehjernen jobbar. Dette er livet, eit storarta hundeliv.