8. august, 1983. Høgsommaren i Hardanger er på sitt heitaste. Det er nesten for varmt. Vegarbeidaren Terje Kollbotn bestemmer seg likevel for å jogga heim etter arbeidsdagen i Kløvet. Han tek på seg joggesko, og får skyss med ein kollega nedover Oddadalen. På Hildal går han av.

31-åringen joggar opp kjerrevegen til den avsides garden Tjødnadalen. Eit gammalt syskenpar bur aleine på småbruket. Rykta vil ha det til at Sunneva (78) og Samson (76) Hildal oppbevarer mykje pengar i huset.