Ah! Endeleg er den her. Årets første haustmånad.

Eg er lei av å sveitte, bli solbrent og myse meg gjennom dagane. No vil eg gøyme meg i haustmørket og ete nyjakta hjortekjøt med meir saus enn legen seier er bra.

Nokre ting vil eg sakne. Å gå berrføtt, lukta av nylagt asfalt og nyslått gras.

Men det kan vente til neste år. Dette er ni grunnar til at hausten er årets best årstid.

1. Betre søvn

Etter å ha sveitta deg gjennom sommarnettene, kan du no sove som ein stein. Det er slutt på å sove med ein pakke frosne erter. No kan du smyge deg under den varme dundyna og kjenne deg som ein liten bjørn i hi.

I tillegg treffer gjerne ein storm eller to vestkysten. Knaking i veggane og tunge dropar mot vindauget er vestlandsnaturens eigen sovemedisin. Då er det så vilt koseleg å vere inne i varmen. Det gler eg meg til.

2. Det bognar av gode, norske matvarer

Bær, plommer og poteter frå våre lokale bønder fyller opp butikkhyllene no, og det er mykje stilig du kan putte på menyen – som lilla gulrot! Stikkelsbær er nok min største favoritt, fordi dei har så artig konsistens.

I tillegg kan du plukke sopp i skogen, lage rips- og rognebærvin eller gå på molteslang i fjellet, om du klarer å finne dei. Til å vere store oransje bær, er dei flinke til å gøyme seg.

3. Samfunnet fungerer igjen

Fellesferien er Noregs fem veker lange siesta. Folk lever som lasaronar og sosar rundt i parkar for å drikke boksøl og ete pølser. Offentleg sektor stoppar ikkje langt frå heilt opp.

Men så kjem hausten – og plutseleg fungerer alt som det skal.

Vi blir effektive, får nye ambisjonar og framtidsmål. Batteria er lada opp. Vi er fit for fight.

4. Du kan gå med nesten kva som helst

Du veit aldri kva slags vêr det blir om hausten. Det er som å få ei lita overrasking kvar dag.

Ein gong gjekk eg med sommarkjole, regnjakke og ullgenser same dag! Du får verkeleg sjekka kva garderoben er i stand til før vinteren set i gong.

5. Det er årstida for nye byrjingar

For mange byr hausten på ny bustad, ny jobb, ny by, ny skule, eller kanskje ein ny kjærast? Ingen årstider opnar så mange mogelegheiter som hausten. Eigentleg bør du ha haustforsett heller enn nyttårsforsett.

6. Jaktsesong

Eg jaktar ikkje sjølv, men det pleier likevel å hamne nokre kilo av årets hjortekjøt i gryta mi. Det er eit av årets desidert beste måltid.

7. Du kan tenne i peisen, lese ei bok og drikke te

Greitt, det er den store haustklisjeen, men den finst av ein grunn.

Eg har dessverre ingen peis, og om du har same problem, skal du få eit tips heilt gratis: Gå på YouTube og søk etter «fireplace». Vips har du ti timar lange peisvideoar du kan setje på TV-en.

Det er nesten like bra, og langt meir budsjettsvenleg enn å bygge peis.

8. Det er val

Ok, kanskje ikkje alle synest dette er like kjekt som meg, for no har eg gledd meg i to år sidan førre val. I år er det ekstra spennande fordi det er både kommunesamanslåing, fylkessamanslåing og tett med målingar.

9. Naturen ser magisk ut

Med ein gong det første lauvet treff bakken, er det berre å kome seg opp på ein liten fjelltopp og nyte haustfargane. Det er like vakkert kvart år.

Nyt hausten!