Dei ti største fordelane med å vere liten

Livet er godt som lav.

Publisert Publisert

158 CM: Det er heilt greitt å leve livet under 1,60. Foto: Adrian B. Søgnen

  1. Leserne mener

I mange år har eg gått rundt og ikkje hatt peiling på kor stor kroppen min eigentleg er – eller rettare: Kor liten den eigentleg er.

Eg har sett i passet mitt at eg er 158 centimeter, men av ein eller annan grunn har eg alltid tenkt at eg var cirka like stor som alle andre.

Det var ikkje før eg var med på eit ståande gruppebilete ved sidan av andre menneske, at eg innsåg min faktiske storleik.

Eg er rett og slett skikkeleg lav.

Les også

Kvite kvinner som pushar 30

Kanskje burde eg skjønt det. På fly har eg god plass, til dømes. Medan andre brettar seg sjølv inn i setet, kan eg slenge meg nedpå og strekke ut beina.

No har eg bestemt meg for å omfamne mitt liv som lav. Her er noko av det beste med å leve nær bakken:

1. Det går fort å fylle opp skritteljaren

Eg prøvar å gå 10.000 skritt kvar dag, og lukkast ganske greitt med det. Det er fort gjort når du har korte bein, og tek dobbelt så mange steg som høge folk på same strekning.

Les også

Når folk seier at noko er «naturleg», blir eg livredd

2. God plass på fly, buss, tog og kino

Å vere liten gir eit langs større arsenal av sitjestillingar på kollektivtransport og andre plassar der du har avgrensa plass.

3. Du unngår at beina stikker ut av dyna

Dette må vere ein av dei verste tinga med å vere lang. Som liten får du plass til heile kroppen under dyna, og slepp å krølle deg saman for å få plass.

4. Du får automatisk pallplass i limbo

Det gjeld å finne konkurransar der du kan bruke høgda di til din fordel. Limbo vil eg anbefale på det varmaste.

Les også

Eg kastar ut ein brannfakkel: Hausten er betre enn sommaren

5. Lavt tyngdepunkt

Dette gjer deg vanskeleg å velte. Ein som verkeleg har brukt det lave tyngdepunktet til sin fordel, er Lionel Messi. Det er til inspirasjon for oss alle.

6. Du slepp å ta skumle karusellar på tivoli

Om nokon prøvar å overtale deg til å gå på tivoli, kan du berre seie at du er for lav til at det er lov.

7. Du kan få folk til å gjere ting for deg

Høge folk er ofte veldig greie. Dei er sjeldan vanskelege å be når du treng hjelp til å nå dei øvste hyllene på butikken, eller må skifte batteri i røykvarslaren.

Les også

Alt går i julegrisen

8. Det er kortare veg ned

Om du først skulle gå på trynet, er det greitt å vere kort. Då slepp du det lange fallet ned mot bakken.

9. Det kan vere klimavenleg

Små folk treng mindre mat og mindre tekstil for å dekke kroppen. Vi kan også vere meir klimavenlege å transportere, sidan vi stort sett har lavare vekt enn høge menneske.

10. Du får ikkje kjeft på festival og konsert

Høge folk får fort stygge blikk og kjeft på konsertar fordi dei blokkerer utsikta for alle andre. Som liten kan du bevege deg fritt rundt utan å måtte bekymre deg for dette.

Dessutan er det viktig å hugse på at du kan vere stor på andre måtar, sjølv om du er liten i kroppen.

Publisert