riley (2).jpg
BT Magasinet

Bergensmysterier

Lucinda Riley har selt sju millionar bøker om mystikk og romantikk. Både levande og døde bergensarar dukkar opp i den neste.

Lucinda Riley står på tå hev, med høge helar, oppå ein stol. Den spede skikkelsen når såvidt opp til bøkene på øvste hylle.

Bildevisning

       På kontoret: Lucinda Riley heime i Norfolk.
På kontoret: Lucinda Riley heime i Norfolk.

- Nyleg spurde ein av lesarane mine: «Korleis kunne unge Anna forelske seg i Grieg?». Folk tenkjer på Grieg som gammal og lite ­attraktiv, men også han var ung ein gong!Livlege Lucinda er i ferd med å snakke seg varm. Ho nappar ut ein biografi om komponisten og klatrar ned igjen.

- Sjå her, seier ho og blar opp på eit fotografi av komponisten som ung.

- Slik såg eg Grieg for meg då eg skreiv ­«Stormens søster». Hugs, i 1876 var Grieg berre 33 år og superkjendis. Han var ei rockestjerne, ikkje berre i Noreg, men i heile Europa.

Forfattaren er vever, men inga småjente. 48-åringen har selt sju millionar bøker i 36 land. I Noreg pustar ho Karl Ove Knausgård i nakken med salstal på 450.000 eksemplar. Men med stempel som forfattar av dameromanar, er Riley langt frå like kjent i litterære sirklar.

Det er ein knausgårdsk twist i Rileys nye bok. I «Stormens søster», ute på norsk denne månaden, blir verkelege personar romanfigurar. Sentrale delar av handlinga er lagt til Bergen, og det er i denne byen svaret på ­romanmysteriet ligg.

I biroller finn vi tidlegare Troldhaugen-direktør Erling Dahl jr. og informasjonssjef Henning Målsnes i Bergen Filharmoniske ­Orkester. Edvard Grieg er tildelt ei nøkkelrolle, over hundre år etter sin død.

«Forstår De, Anna?»

Griegs intense blå blikk møtte hennes et øyeblikk, og grepet om hånden hennes strammet seg.

«Jeg forstår, herr Grieg».

«Kall meg Edvard, er De snill».

Bildevisning

       <strong>EDVARD GRIEG:</strong> Dette fotografiet er frå rundt 1880. Det er på denne tida han møter ein ung, norsk sopran i Lucinda Rileys roman. Foto utlånt av Troldhaugen Edvard Grieg Museum.
<strong>EDVARD GRIEG:</strong> Dette fotografiet er frå rundt 1880. Det er på denne tida han møter ein ung, norsk sopran i Lucinda Rileys roman. Foto utlånt av Troldhaugen Edvard Grieg Museum.

I romanen er den store bergenskomponisten både reddande engel, mesen og — kven veit - elskar. Utan at BT Magasinet røper for mykje, antydar romanen at eit kjærleiksforhold i ­Leipzig mellom Grieg og Anna, ein ung ­sopran, resulterte i eit uekte barn.- Eg skriv fiksjon rundt historiske fakta i Griegs liv. Tidleg på 1880-talet var han og kona Nina separert. Det eg skriv, kan ha skjedd, seier Riley.

- Du har ikkje skruplar med å skrive Grieg inn i ein roman på denne måten?

- Før eg bestemte meg, førte eg lange ­diskusjonar med mange. Historikarar har sagt at det ikkje er usannsynleg at Grieg hadde barn utanfor ekteskap. Eg slår ingenting fast, men at Grieg hadde ein pasjon for vakre kvinner med vakre stemmer, er kjent.

«Mum» står det på eit stort, raudt hjarte på kontordøra til Riley. Forfattaren bur i eit herskapleg murhus på landsbygda i Norfolk, England, med sin andre ektemann, to hundar, ein katt og alle ungane. Paret har sju til saman.

- Det går sjeldan meir enn ti minutt mellom kvar gong nokon bankar på døra og seier «unnskyld, mamma, men ...». Eg kan ikkje jobbe her, seier Riley og ser seg rundt i det raude rommet med peis, høge lysestakar og draperte gardiner.

- Når eg skriv, må eg vekk, vere aleine. «Stormens søster» skreiv eg dels i huset vårt i Frankrike, dels i Ibsen-suiten på Grand hotel i Oslo og dels på Hotel Havnekontoret i Bergen. Men jo større suksess bøkene har, jo mindre tid og ro blir det til å skrive.

«Stormens søster» er andre bok i roman­serien «De syv søstre». Ideen fekk ho ei julenatt for tre år sidan. Då pakkane var opna og julemiddagen fortært, tok ho hundane med seg ut i bakhagen.

Riley kikka opp på den store, mørke himmelen over Norfolk og tenkte på kva ho skulle finne på i neste bok. Over henne lyste dei sju stjernene i Pleiadene, også kjent som stjerne­hopen Sjustjerna. Der og då visste ho det.

- «Oh my God», sa eg til hundane og samla straks familien. Eg fortalde om den fantastiske ideen til ein ny romanserie. Sju bøker om sju adoptivbarn på leit etter sitt biologiske opphav. «What do you think», spurde eg ungane. «Whatever, mum», sa dei og gjekk tilbake til sitt. Over nyttår kontakta eg forlaget, du skulle sett andletsuttrykka, « sju bøker?»

Forlaget gav tommelen opp. Eit smart trekk. Rileys romanar går rett inn på bestseljarlistene til Sunday Times.

Bildevisning

       riley07.jpg
riley07.jpg

Turen går til Brasil i første bok, og Riley var aldri i tvil om kor ho skulle reise i bok nummer to. Tårene rann då ho sat på flyet til Bergen første gong.- Eg reiste i fotspora til far, seier ho.

Riley vaks opp i West Cork, Nord-Irland. Far jobba i tekstilindustrien, «vi skjønte aldri heilt med kva», seier ho, men han reiste jorda rundt. Då dottera var fem år, kom pappa heim frå ein tur til Bergen.

- Far tok meg på kneet og fortalde at han hadde vore på «toppen av verda». Bergen var den vakraste byen han hadde sett; «eg håper du reiser dit ein dag», sa han. Mor fekk ei ­vakker strikkejakke, eg ein LP med Edvard Griegs «Peer Gynt Suite No. 1». Den fantastiske ­musikken vart lydsporet til barndomen min.

Ally D’Apliése, hovudpersonen i «Stormens søster», er ei av adoptivdøtrene til ein eksentrisk mangemilliardær. Då faren døyr, får alle kvar sin konvolutt. Oppi ligg mystiske spor om kor dei kjem frå.

Allys reise for å finne sitt opphav, tek til i ­Telemark i 1876, held fram i Christiania og seinare Leipzig, før dramaet blir forløyst ein klar desemberkveld i Bergen i 2007. Då Riley reiste til den norske vestkysten for å gjere ­research, følte ho seg som hovudpersonen i sin eigen roman.

- Allys reise vart mi reise. Det var som om eg skreiv om meg sjølv. Bortsett frå at Ally er seglar, og eg så fort blir sjøsjuk.

Bildevisning

       riley01 (1).jpg
riley01 (1).jpg

Plottet stod plutseleg klart for henne under eit besøk på Ibsen-museet i Oslo. I «Stormens søster» spenner Riley opp eit 130 år langt og norsk lerret, med utgangspunkt i historiske hendingar. Livet til faktiske og fiktive personar blir vovne inn i kvarandre.-  Eg har skrive bøker frå heile verda, men aldri gått tilbake til 1876 før. Det var ei enorm utfordring.

For å skildre kvardagslivet til fire generasjonar nordmenn, måtte Riley gjere leksa si først. I tillegg til bergensreiser og besøk på Troldhaugen, møtte ho Grieg-ekspertar, las biografiar og gamle dokument.

Riley fordjupa seg også i komponistens dagbøker og brev. Det er derfor ho vart så irritert på ein fest i nabolaget sitt like før jul.

Bildevisning

       PÅ TROLDHAUGEN: Lucinda Riley besøkte Trodhaugen i fjor i forbindelse med boken. FOTO: ROAR CHRISTIANSEN
PÅ TROLDHAUGEN: Lucinda Riley besøkte Trodhaugen i fjor i forbindelse med boken. FOTO: ROAR CHRISTIANSEN

- Ein av gjestene sa: «Eg ser du kverner ut bøker til bestseljarlistene», og ei kvinne spurde: «Kan du lære mannen min å skrive ein bestseljar?». Eg blir sjeldan provosert, men slike kommentarar gjer meg opprørt! Eg skrive. Det er ein del av meg; ei form for terapi, og eg skriv med hjarte og instinkt. Årsaka til at eg sel så mange bøker, trur eg, er at eg aldri tenkjer på kva andre måtte meine. Riley nippar til rosevinen og lener seg framover.- Folk flest les ikkje historie, men dei les mine bøker og lærer noko om kor den fantastiske musikken til Grieg kom frå. Då må fakta vere riktige. Eg brukte dagar på å finne ut om ei ny leilegheit i Christiania i 1876 kunne ha vassklosett. Då måtte eg setje meg grundig inn i kloakksystemet i byen i perioden. Av erfaring har eg lært at det alltid er minst éin person på kloden som finn feilen.

«Hallo, Miss D’Aplièse. Jeg er Erling Dahl. Jeg håper du hadde en god tur hit?» En tiltrekkende mann med sølvgrått hår dukket opp ved siden av meg.

På side 306, i suvenirbutikken på Troldhaugen, gjer Erling Dahl jr. entré i «Stormens søster». Den tidlegare Troldhaugen-direktøren møtte Lucinda Riley i 2014, og dei førte lange samtalar. Etterpå korresponderte dei utførleg om detaljar i Griegs liv, men Dahl jr. hadde ikkje forventa å dukke opp som romanfigur.

- Men i ein slik samanheng, synest eg i og for seg at det er heilt kurant, seier Dahl jr.

- Som Grieg-kjennar, korleis reagerer du på at romanen antydar at Grieg hadde eit uekte barn?

- Nokon vil heilt sikkert hisse seg opp over slikt, men ikkje eg. Dette er heilt klart fiksjon. Hadde Grieg fått barn utanfor ekteskap, ville det vore kjent for lengst. Vi veit så godt som alt om hans steg og sidesteg, for å seie det sånn.

- Kva kan det bety for Grieg-interessa at ein millionseljande forfattar som Riley diktar om hans liv?

- All form for formidling er positivt, så lenge det er tufta på fakta. Riley har høyrt på Grieg sidan ho var bittelita og har ein rotfesta kjærleik til hans musikk. Det smittar over på lesaren og skapar større interesse.

- Er du fornøgd med måten du sjølv blir framstilt på i romanen?

- Eg trur at eg alltid har tatt i mot gjester på Troldhaugen på ein venleg måte. Men eg har hatt lite hår i mange år og har nok ikkje sølvgrått hår — med mindre eg let det gro og slår det ut, legg Dahl jr. til.

Bildevisning

       <strong>PENGESLUK:</strong> Store deler av inntektene frå bøkene til Lucinda Riley, har gått med til å pusse opp dette store murhuset frå 1700-talet i Norfolk.
<strong>PENGESLUK:</strong> Store deler av inntektene frå bøkene til Lucinda Riley, har gått med til å pusse opp dette store murhuset frå 1700-talet i Norfolk.

Huset i Norfolk er frå 1700-talet og har tennis­bane i hagen. Det var nærmast ein ruin då Lucinda Riley og mannen Stephen kjøpte bygningen for 14 år sidan. Sidan er det huset som har hatt mest glede av millionane Riley har tent på bøkene sine.- Nesten alt har gått med til å rehabilitere dette huset. Eg hadde ikkje vore i Norfolk før Stephen overtalte meg til å flytte hit. Sjå, seier ho og peikar på regnet som piskar utanfor den 300 år gamle glasruta.

- Vêret minner meg om West Cork og ­Bergen. Det får meg til å føle meg heime.

Neste veke blir Riley verkeleg løfta inn i varmen i Bergen. Torsdag skal ho snakke om forholdet sitt til Grieg og Bergen i Grieghallen, før Leif Ove Andsnes og Bergen Filharmoniske Orkester framfører Schumanns pianokonsert.

- «Stormens søster» er den mest emosjonelle romanen eg har skrive. Eg forelska meg i ­Bergen, slik far min gjorde.

.

widget-list