«Eg vart riven utor svevnen av eit dommedags brak so heile huset og alt i det rista... For eit syn! Heile Ramnefjellet og vatnet stod i eit buldrande kok, og båra reiste seg og braut og vaska uppover Nesodden og alle stader, og brått skaut ho upp nede ved strandi. Ho kom veltande så høg og breid og reiv med seg alt som kom i vegen… Eg kunne ingen ting sjå, men var ikkje heilt i svime so eg hugsar som i ein draum dei 300-400 m eg vart boren uppover. Då kjende eg brått at det bar attende… Det brusa og braka, brast og knast rundt um meg… No vart eg fælande redd. Eg var liksom i dubbel fare.»

Tenesteguten Wilhelm Hovland ga denne augevitneskildringa av det som skjedde for snart 80 år sidan. Teksten er eit utdrag frå ei stykke Hovland skreiv i Agder Tidende 28. november 1936 og som er sitert i boka «Lodalen — fager og fårleg» av Sigurd Nesdal.