Når folk seier at noko er «naturleg», blir eg livredd

Har du sett kva som finst der ute?!

Publisert Publisert

KLASSISK NATUREN: Det finst knapt grenser for kva du kan finne i naturen. Her er ein brun versjon av edderkoppen Den svarte enkje. Foto: PHIL SANDLIN / AP

  • Ingvild Nave

Eg var rundt åtte år då eg oppdaga at edderkoppen svart enkje eksisterte.

Enkja blei vist på eit naturprogram på TV. Programleiaren snakka om at ho var kjempegiftig og livsfarleg. Håra reiste seg på armen då dei viste nærbilete av dei åtte beina hennar.

Det var paringstid, og ho hadde endeleg funne seg ein make. Dei to formerte seg og skulle lage edderkopp-babyar, før alt tok ei mørk vending: Ho byrja å ete han opp.

Først då forstod eg kvifor ho hadde fått namnet «enkje». Eg lærte også at naturen kan vere brutal og skummel. Moder jord overgår kvar ein skrekkfantasi du kan førestille deg.

Den stakkars edderkopp-hannen hadde ingenting å stille opp med. Han enda livet som middag.

Her er ein video om andre skumle ting i naturen:

https://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/bt/multimedias/5ed45c1a7fe6165a27adce8bdfdaf6b6/Naturen%20er%20skummel? 1563364966591

Nokre gongar er naturen søt og rar også. Eg hadde blitt skuffa om ein kjærast gav meg runde gråsteinar til bursdagen, men for nokre pingvinar er det den beste presangen du kan få.

Det er kanskje deira versjon av ein diamant? Så lenge steinane glinsar, er dei populære også blant oss menneske. Medan pingvinane brukar dei til å bygge reir, brukar vi dei til å bygge status.

Men jaggu tok ikkje historia om pingvinane med dei søte steinane i nebbet også ei mørk vending. I 2010 oppdaga BBC at Adélie-pingvinar prostituerte seg i byte mot småstein til å bygge reir. Ein pingvin tok heile 15 steinar.

Naturen slår til igjen. Ikkje ein gong pingvinar i Antarktis skal sleppe unna sexhandel.

PRESANG: Denne klippehopparpingvinen samlar stein for å imponere dame-pingvinane og bygge reir. Foto: Charles Rex Arbogast / AP

Mange produkt marknadsfører seg som «naturlege», som om det er det beste i verda. Som om naturen vil oss vel. Eg tippar naturen gir blaffen i oss, og synest at ting laga i laboratorium er heilt topp.

Kvifor skal plantar vere interesserte i at vi skal ete dei opp, eller smørje dei utover huda vår? Om dei gjer seg lekre slik at vi ønskjer å ete dei, kan du banne på at dei har ein baktanke. Som å spreie frø.

Frukt meistrar dette. Dei byr seg fram på greinene, og smakar søtt og godt. Dei henger i trea og roper: «Et meg! Et meg!»

Vi bit på, bokstavleg tala.

Les også

Du vil ikkje tru kva eg oppdaga på skallen min

Heldigvis er vi gode til å tilpasse oss, og finn luksuriøse og verdifulle ressursar på dei snodigaste stadar.

Mitt favoritteksempel er ambergris. Det er kjempedyrt kvalspy, som blir brukt i parfyme.

Spermkvalen lagar det i fordøyelsessystemet sitt, og spyr det opp når den er ute på tur. Ein gong i historia har nokon funne ut at det får parfyme til å vare lenger, og selde det som toppen av sofistikasjon.

Det er vanvitig komisk at fine fruer smurte seg inn med kvalspy.

Var eg ein kval, ville eg ledd meg i hel.

Sjølv om naturen er skummel, resulterer den også i ein del god humor. Svart humor. Det skal den ha.

Publisert

God helg!

  1. BT MAGASINET

    «Det var ikkje før eg var med på eit ståande gruppebilete, at eg innsåg min faktiske storleik»

  2. BT MAGASINET

    Ingvild trudde ho såg svaner. Då tok ho grep.

  3. BT MAGASINET

    «Nesten ingen har gjort meg så glad som Azar Karadas. Få har gjort meg mer forbannet.»

  4. BT MAGASINET

    – Når folk seier at noko er «naturleg», blir eg livredd. Har du sett kva som finst der ute?!

  5. BT MAGASINET

    – Hatet mot ananas på pizza kjenner ingen grenser

  6. BT MAGASINET

    Bursdagens store spørsmål: Korleis takkar du på Facebook?

Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Kvite kvinner som pushar 30

  1. God helg!
  2. Natur