23. februar i 2016 kom Maria Preda og George Manolache køyrande til Øystese i Kvam. Dei framande parkerte bubilen ved kyrkja.

På kyrkjetrappa sat organisten Margrete Lid Kjosås og tok ein kvil. Paret frå landsbyen Segarcea i Romania kom bort til kyrkja, og dei kom i snakk. Firebarnsforeldra var komne til Øystese for å skaffe pengar. Preda hadde strikkevarer å tilby, mannen skulle selje gatemagasinet «Folk er folk».