Mitt aller fyrste fotballminne er av meg sjølv, sitjande på plenen heime på Voss.

Mamma eller pappa står bak kamera og gjer evig eit bilete av ei spent, lita jente.

Under armen har eg ein fotball, og eg er ganske sikker på at alt eg har på meg er nytt. Eg skulle jo på mi fyrste fotballtrening.

Eg elska det. Endeleg var det min tur.

Den dagen på den gamle grasflekken på den gamle militærleiren me trente på, endra alt.

Så handla livet mitt om fotball i mange, mange år. Kva dagar det var trening og kva helger me skulle vekk.

Eg heia på Arsenal og var med i den norske fanklubben. Eg hadde penal med kanonar på. Boing-skuledagbok.

Nokre slutta, nye kom til. Alle kvardagar og feriar var bygd opp rundt FBK Voss.

Me trente i sure gymsalar, og me lobba ballar i nysnø på vinteren. Me spelte med gutar og vart betre.

Om sommaren var det treningsfri, men me øvde på langpasningar likevel.

Foreldre sjekka kalenderen for deira tur, og peisa på i bilane til vestlandsbygder.

Langs sidelinja var det både interesse og likesæle. Men ingen mobil å glo på.

Etter kvart pakka me oss inn i minibuss, og så stor buss. Me vart verkeleg gode.

Av og til kom det lag frå Bergen med stor tru på siger, heilt til ein bonde i nærleiken drog fram møkkaspreiaren.

At me spelte «horny» på ballplassen, reagerte ingen på.

Fyrst som vaksen skjønar eg kor mykje tid og energi alle trenarar og foreldre la att berre for vår skuld.

Sogndal Cup, Varegg Cup, Dana Cup, Norway Cup og Bulken Cup. Alle dei vaflane!

Framleis hugsar eg kjensla av å dra på seg eit nytt par med fotballsokkar. Kor stolt eg var for å arva skoa til toppskåraren nokre klassar over meg.

All den tida fotballen måtte ta, gav oss felles lagnad. Ting å snakka om.

Eg saknar fotballen ofte. Dagar og år heng betre i fordi eg var på eit eller anna med fotballen. Det er som ein del av meg aldri vil eller kan gje slepp, fordi eg brydde meg sånn.

Og i år har eg kome nærare enn på lenge.

Eg har vorte Brann-fan. Supporter. Ein som tenkjer på Brann-spelarane òg når dei ikkje spelar kamp.

Sakte, men sikkert har eg vorte trygg i rolla.

No reiser eg meg og skrik, viss det er det som kjennest riktig.

Det er slik ei barnleg glede ved det heile, ei glede eg trur du berre kan få ved å vera veldig inni noko.

Som i sommar, då me var på ferie i Sverige med krevjande wifi og buffra oss gjennom BT-sendinga av Daouda Bamba som kom til Flesland for å verta Brann-spelar. Eg vart del av noko større. Og korleis alle turane mellom den svenske stugan og næraste landhandel eigentleg berre handla om å høyra kva BTs Ballspark-gjeng meinte om kjøpsfesten. Det kokte.

Sjølv om eg er heispassasjer, og det går opp, det går ned, er eg ganske sikker. Eg har eit betre liv som supporter.