Skur for einkvar smak

På det personlege venterommet til Iris (6) opptar katten Malmo plassen i solsteiken på Nedkvitne i Voss.

Ikkje alle busskur er grå og anonyme.

  • Rune Sævig
Publisert Publisert

Iris Christina Øyre (6) er heldig. Faren Håvard Ølmheim og broren Martin laga busskuret til 6-årsdagen hennar.

Men no er det katten Malmo som kosar seg i skuret medan Iris er på Skulestadmo skule på Voss. Far og bror laga busskuret både for at ho skulle få ein fin presang, men og for at det skulle vere ein meir trafikksikker plass å vente på skulebussen.

Vårsola skin rett inn i busskuret, og bak ligg Lønahorgi. Naturleg nok trivst Malmo godt.

Påskepynta busskur på Stamnes.

Ved Kallestadbrua på Stamnes i Vaksdal står dette påskepynta busskuret. Men skuret er ikkje fint berre til påske! Å nei, Grete Berit Langeland, Monica Skjerve, Solbjørg Veka Zuliani, Monika Kallestad, Else Marie Hesjedal og Nina Hagen pyntar også til jul, og dessutan til vår og sommar. Inni er det hengt opp eit måleri, og på bokhylla fristar bøker. Her kan folk slenge seg ned og kjenne seg heime. Mange stoppar og fotograferer busskuret.

Nokre turgåarar tek seg ein pause med ei bok, medan andre berre, du veit, ventar på bussen.

– Me har pynta i 15 år. No er det snart på tide med vårpynt. Det skjer ikkje så mykje på Stamnes, så noko må ein finne på, seier Grete Berit Langeland.

Dette busskuret står på Kyrkjebø, vest for Høyanger.

I 2014 byrja Daniel Godwin Longfellow, opphavleg frå Washington D.C., å måle busskur i Sogn. Han var lei dei same grå og triste betongkonstruksjonane overalt. No har han måla 65 busskur langs Sognefjorden mellom Lavik og Sogndal. Vegvesenet har attpåtil gitt han lov til å male. Andre har gitt pengar til måling.

Longfellow har ikkje fått seg til å måle landskap inne i skura, sidan dei allereie står i sånn cirka verdas vakraste landskap. Til slutt bestemte han seg for monster som tema.

Litt meir nøktern stil over dette busskuret i Lavikdalen i Sogn.

Når du køyrer gjennom Lavikdalen, på ein smal og svingete veg nordover frå Lavik i Sogn, dukkar det opp busskur med grind. Sjølv om desse absolutt vil sørgje for å halde ventande passasjerar inne, er kanskje hovudnytten å halde sauer ute.

Publisert

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Da koronasyke lå for døden, ble pårørende sluppet inn bakdøren

  2. BT MAGASINET

    «Nå ringer vi bestemor, hun som bor inne i ipadden, vet du»

  3. BT MAGASINET

    – Kanskje de sier noen pene ord om oss i morgen

  4. BT MAGASINET

    Smitte truer villrein på Hardangervidda – nå må tusenvis av dyr skytes

  5. BT MAGASINET

    Den store elsparke­sykkel­testen: Én klar vinner

  6. BT MAGASINET

    – Vi klarer nesten ikke å vente til vi er sammen igjen

Mest lest

  1. Slik så det ut i Nygårdsparken i morges

  2. Debatt: – Vil kommunen virkelig legge en motorvei over et drikkevann?

  3. Siste nytt om korona

  4. De unge er ikke Branns problem. Det er de erfarne som svikter.

  1. Monster
  2. Høyanger
  3. Kunst