Bunadskroppen

gerd2.jpg
  • Gerd Tjeldflåt
Publisert Publisert

Eit av mine sterkaste minne frå barndommen er frå 17. mai, då mor mi kvart år ropte etter far min for at han skulle hjelpe ho å dra igjen bunadsvesten.

Det var sjølve klimakset i det som alltid var ein usannsynleg stressande morgon. Den starta gjerne med at me alle gjekk rundt i berre bunadsskjorter og eventuelt strømpebukse, medan mamma prøvde å finne ut kva delar som høyrde til kva bunad.

Så skulle bror min og eg ferdigstillast. Det verste var når ho skulle feste den sølja som skal sitje heilt oppi halsgropa. Synet av den lange nåla som kom nærare og nærare, medan eg prøvde å presse nakken så langt bak eg kunne og ropte forsiktig, forsiktig.

Kjensla av korleis mamma måtte ta i for å presse nåla gjennom det stive bunadsskjortestoffet. Kvar gong var eg like sikker på at ho ikkje kom til å klare å stoppe før nåla sat langt inni luftrøyret på meg. Men alt det var berre for oppvarming å rekne. Den ekte utfordringa hang framleis i skapet.

Det er ein av dei tinga som gjer oss nordmenn til nordmenn: Den kollektive frykta for ikkje å kome i bunaden. Drit i sommarkroppen, badedrakta er då det mest fleksible plagget du har. Det er bunadskroppen du må tenkje på.

Problemet startar med at me gir oss sjølv eit nesten umogeleg utgangspunkt. Det eine plagget me skal ha resten av livet, kanskje det dyraste me har i klesskapet, det skaffar me oss til konfirmasjonen. For alle går jo rundt og ser ut som ein 15-åring resten av livet.

Kanskje ho var klok av skade, for då eg skulle få bunad til konfirmasjonen gjorde mor mi det klinkande klart: Dette blei ein bunad ein kunne vekse i. Ho la inn rundt 20 cm slingringsmonn i kvar sidesaum. Her var det berre å sy ut i framtida. For det kom eg til å trenge. For å seie det sånn.

Mormor nikka kraftig frå sidelinja. Ho hadde på det tidspunktet ikkje kunna bruke sin bunad på 15 år. Eg hugsar at eg tok det ganske ille opp. Samtidig var det noko inni meg som skjønte at dei truleg hadde rett.

12 år seinare sto eg nyleg på mitt gamle jenterom og prøvde å puste inn og ut alt etter kva for hekte eg skulle lukke. Eg hadde jo gjerne sett for meg at det var etter ein barnefødsel og to eg skulle begynne å få problem. Det viser seg at det var alt for optimistisk.

Men sy ut skal eg ikkje enno. For eg har då teke med meg noko frå barndommens skjelsetjande 17. mai-opplevingar: Det blei kanskje sagt stygge ord undervegs. Og mamma blei ganske trist. Og pappa begynte alltid å sveitte ganske heftig. Men på mirakuløst vis gjekk den vesten igjen. Du må berre ta nok i.

Denne saken ble opprinnelig lagt ut i mai 2016, men vi i redaksjonen tenkte den var like aktuell i år.

Publisert
  1. God helg!

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Sjefen holdt planene hemmelig i et halvt år. Så sa han opp 80 kollegaer.

  2. BT MAGASINET

    – Etter ei tid forstod eg at fotballen er viktig for meg

  3. BT MAGASINET

    800 meter inne i en tunnel skal de avsløre den neste smittebølgen

  4. BT MAGASINET

    Varsler gondol­bråk: – Jeg har ikke tenkt å bo under en slik bane

  5. BT MAGASINET

    Vil øke produksjonen i Hardanger: – Vi profitterer på klimaendringene

  6. BT MAGASINET

    Klimaministeren må til Vaksdal hvert år. Først da får han ro i sjelen.