Mannen som forsvann i lause lufta

Ein mann gjekk på tur i dongeribukse og sko. To personar passa på han. Likevel forsvann Christer Fretheim Flem sporlaust. Korleis kunne det skje?

Foto: Privat

Publisert:

Det var den vakraste vårdagen så langt. Snøen låg nesten heilt ned til Sogndal lufthamn, men sola skein frå blå himmel, og det var godt og varmt i turterrenget på Haukåsen. Alt Christer Fretheim Flem hadde på seg, var dongeribukse, sokkar og sko.

Årdølen ruva godt i terrenget. Han var 180 centimeter høg og vog 80 kilo, hadde tyrenakke og blondt hår. Han var 37 år, stor og sterk, men forstod det ikkje sjølv.

Mentalt var han berre tre.

Han gjekk ikkje aleine. Christer var aldri aleine. 24 timar i døgnet skulle to personar passa på han. Christer var eit menneske med heilt spesielle behov. Født med Angelmans syndrom, ei sjeldan og alvorleg utviklingshemming. Mangla språk, hadde høgt aktivitetsnivå, sat nesten aldri i ro. Heilt frå han var liten, sov han minimalt.

SPORLAUST BORTE: Christer Fretheim Flem forsvann eit par veker etter at dette biletet vart teke på Leikanger i fjor vår. Foto: Privat

Christer kunne bli høglydt og utagerande. For å hindra at han skadde seg sjølv eller andre, hadde personalet lov å bruka tvang og makt. Fire dagar tidlegare hadde han blitt lagt i bakken tre gonger, men denne vårdagen skal Christer ha vore i strålande humør. Personalet har forklart at han tulla og lo, og innimellom stoppa han og studerte ting langs turvegen, slik han hadde for vane.

Dei to andre gjekk eit stykke framfor han. Det var rutinen. Christer likte å bevega seg fritt på tur og ha godt med rom rundt seg. Personalet hadde opplevd at han kunne bli irritabel og fysisk om dei kom for tett på.

Etter vel fire kilometer, rasta dei og åt nista si. Christer signaliserte at han ville snu. På tilbakevegen stoppa han ved ein snøhaug i skuggen. Han var fascinert av snø, likte å eta snø og gav teikn om at han ville bli der litt. Han fekk klarsignal frå personalet, som rusla i førevegen.

Sidan har ingen sett Christer Fretheim Flem.

Personalet forklarte seinare at dei hadde gått i kring fire minutt då dei snudde seg og oppdaga at Christer ikkje kom etter. Dei gjekk tilbake til snøfonna. Ingen der.

Turvegen delte seg like ved snøhaugen. Pleiarane gjekk, delvis sprang, i ulike retningar for å leita. Etter kvart varsla dei kollegaene sine i Melås Helse AS, det private selskapet som hadde ansvaret for Christer. Fleire tilsette reiste opp til turområdet for å leita, men han var som sunken i jorda.

Etter tre timar vart politiet varsla. I løpet av kort tid var ein av tidenes største leiteaksjonar i Sogn i gang.

Han hadde vore sakna i fem timar då mora og syster hans i Årdal fekk beskjed. Ingeborg Flem (76) og Gro Charlotte Fretheim Sraidi (42) sette seg i bilen med ein gong. Camilla, den 13 år gamle dottera til Gro, vart med. Nær midnatt var dei framme på Haukåsen.

– Eg gløymer aldri synet som møtte oss. Det var politi og folk overalt. Lyskastarar sveipa over terrenget. ATV-ar køyrde inn og ut av området, skogen var full av lysande lommelykter. Det var surrealistisk, som på film, seier Gro.

Kvinnene som stod Christer nærast, var sikre på at det berre var eit tidsspørsmål før han kom til rette.

«Dei finn han», forsikra dei kvarandre, «snart er det over».

Dei kunne ikkje fatta at Christer kunne bli borte på denne måten. For det første hadde han dårleg motorikk og kjende seg utrygg i ulendt terreng. Det ville vera utypisk han å strena ut av turvegen og inn i terrenget. For det andre hadde han gått tur på Haukåsen fleire gonger før. At Christer, med autistiske trekk og fotografisk minne, skulle gå seg vill i kjent terreng, verka så usannsynleg.

Det var blitt dag då dei køyrde heim. Morgonen var klar og vakker, men gradestokken kraup mot null. Ingeborg tenkte på kor redd og kald sonen måtte vera, han som hadde vore ute heile natta i bar overkropp.

Tett skog, steile stup og bratte berg. Den ville vestlandsnaturen på Haukåsen er dressert der Sogndal Lufthamn ligg, men området rundt er mange stader nær uframkomeleg.

500 M.O.H.: Øvst til høgre ligg Sogndal lufthamn. Klarelvi renn ned fjellsida til venstre. Foto: POLITIET

Folk strøymde til for å hjelpa til å leita. Frå heile Sogn og Fjordane rykte frivillige frå hjelpekorpsa ut. På det meste leita over hundre menneske samtidig, frå fjell til fjord.

Helikopter med varmesøkjande kamera sirkla over området og dei snødekte liene. Redningshundar, patruljehundar og spesialsøkshundar finkjemde terrenget med snutane - utan å få los ein einaste gong.

Om natta sat folk musestille i skogen for å lytta etter åtselfuglar og ville dyr. Klarelvi, som renn kring 850 meter frå snøhaugen der Christer sist var observert, vart finkjemt av elveredningsmannskap frå Eid og Sogndal. Froskemenn dykka i alle kulpar.

Christer var sporlaust borte.

FRÅ FJELL TIL FJORD: Elveredningsmannskap søkte i Klarelvi. Foto: POLITIET

– Det er veldig, veldig rart at ein så stor innsats ikkje har ført til funn. På mange måtar er det eit mysterium, seier Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn.

Parallelt med leiteaksjonen oppretta politiet umiddelbart etterforsking. Ei rekkje avhøyr vart gjennomførte på kort tid. Politiet kartla bevegelsar, sjekka trafikkdata i området og utførte ei rundspørjing på flyplassen.

– Me sjekka til og med passasjerlistene, seier Johannessen.

Politiet oppretta også etterforsking mot Melås Helse AS, det private selskapet som hadde ansvaret for mannen som forsvann i lause lufta.

Folk som hevda at dei var synske, kontakta familien; alle like skråsikre på at dei visste kor Christer var. Ei kvinne påstod at han levde, men at han var innelåst i ein lagerbygning og låg på eit steingolv. Systera til Christer fekk panikk. Det var første pinsedag og ingen leiteaktivitet. Gro kontakta ein eldre, lokalkjent kar, fekk med seg ei venninne og drog av garde.

Dei leita i ni timar utan stopp. Under kjellarar, i kummar, ved stølar og hytter, på oppsida og nedsida av hovudvegen. Alt dei hadde med seg, var ei flaske vatn og litt kjeks, men dei rørte det ikkje. Når dei fann Christer, ville han ha behov for provianten.

– Me ropte og skreik på Christer, var forvirra og fortvilte, men trudde verkeleg at me skulle finna han i live, fortel Gro.

Det gjorde vondt verre å få slike oppringingar.

– Når ein klarsynt påstod at Christer var innelåst, kunne me ikkje la vera å leita. Men det var grufullt. Alt i alt vart me kontakta av seks personar som sa at dei såg kor Christer var. Mor og eg vart like oppkava kvar gong. Når du ikkje får svar, grip du tak i alt. Det usannsynlege blir sannsynleg.

Leitinga heldt fram utover i mai månad, og tidvis også i juni og juli. Over 11.000 dekar vart gjennomsøkte. Nokre område vart til og med dobbeltsjekka.

Året skifta, hausten kom, men familien slutta ikkje å leita. Fram til snøen kom, var dei stadig i Haukåsen; like overbeviste kvar gong om at dei kom til å finna han. Gro hadde alltid eit laken i sekken. Det skulle ho leggja over bror sin når ho fann han.

Også politiet tok klarsynte på alvor, utan at det førte fram, og fekk ei rekkje andre tips.

MYSTERIET: – Vi har prøvd alt. Ikkje eitt spor, seier regionlensmann Arne Johannessen.

– Leitinga etter Christer har engasjert mange. Folk har følgt godt med og held fram med å halda augo opne i området, seier Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn.

– Men han er framleis søkk borte?

– Ja, det er realiteten. Eg har ikkje vore ute for ei liknande sak før. Me har hatt leiteaksjonar i denne svære naturen i Sogn før utan at folk er blitt funne, men denne har ei spesiell og tragisk forhistorie. Ein person med stort omsorgsbehov har to personar til å passa på seg. Likevel forsvinn han. Det er grunnen til at vi har brukt så enormt mykje tid og ressursar på å leita, forklarar han.

– Vi har prøvd alt. Ikkje eitt spor.

VINTER: I dette turområdet vart Christer Fretheim Flem sett siste gong.

Mannen som forsvann sporlaust, kom til Årdal som fosterbarn i 1978. Ingeborg Flem visste at alt kanskje ikkje var som det skulle med den tre månader gamle babyen.

«Eg tek sjansen likevel», sa Ingeborg.

Ganske raskt oppdaga fostermora at Christer ikkje følgde same utvikling som Gro, storesøstera. Alt ved guten var så annleis.

– Ho var så spel levande, han så slapp. Eg hugsar at eg prøvde å putte leiker i handa hans, seier Ingeborg.

Då Christer var innlagt på Haukeland som toåring, tok ein lege guten under haka og sa orda «angel face». Det var første gong mor hans høyrde om det sjeldne syndromet. I åra som kom meinte likevel fagfolk at Christer mest sannsynleg hadde alvorleg autisme. Først i ein alder av 24 år fekk Christer diagnosen Angelmans syndrom.

ENGLEBARNET: Ein lege kalla Christer for «angel face» allereie då han var to år, men først i ein alder av 24 år fekk han diagnosen Angelmans syndrom. Foto: Privat

Christer var eit uvanleg krevjande barn. Ein vandrar, som knapt sat i ro, knapt sov og måtte passast 24 timar i døgnet. Då fosterforeldra vart skilde, klarte ikkje yrkesaktive Ingeborg å ta seg av guten lenger.

Frå han var seks til 12 år budde Christer på institusjonen Helgeseter i Bergen. Han var berre heime i Årdal i feriar og langhelgar. Kvar gong han skulle dra tilbake til Bergen, gret han og gøymde ranselen sin.

– Han ville ikkje tilbake, men hadde ikkje språk til å formidla det han følte. Det var mange forferdelege stunder, seier mor hans med eit grøss.

Så kom den store HVPU-reforma. Menneske med psykisk utviklingshemming skulle ut av sentralinstitusjonane og få tenestene dei hadde behov for i heimkommunen. I 1990 kom Christer tilbake til Årdal.

12-åringen vart innkvartert i ei leilegheit med eige personale i Øvre Årdal. Når mor hadde helgefri, budde han heime hos henne. Christer gjekk på ungdomsskulen og hadde eige klasserom og assistent, men var med dei andre elevane i svømmetimane. Christer var hekta på vatn, eit trekk han hadde til felles med andre med same syndrom.

I gatebiletet i Årdal vart han ein kjent skikkelse. Christer hadde ikkje språk, men lagde ein karakteristisk, summande og ofte insisterande lyd.

«Mmmmmmmm».

Den blonde guten som etter kvart vaks opp til mann, forstod ikkje sosiale kodar. Han kunne vera kontaktsøkjande. Fekk han ikkje respons, kunne han gå heilt inntil folk. Vart han aggressiv eller utagerande, kunne han bli lagt i bakken av personalet, ofte fleire gonger dagleg.

– Folk i Årdal var nok litt redde han. Det hadde vore episodar. Ein gong dytta han eit barn i badebassenget. Han ville sjå vasspruten. Folk hadde også sett han bli lagt i bakken av to personar i gata. Han var ein av dei tyngste brukarane i Sogn og Fjordane. Mange oppfatta Christer som ein versting, fortel Gro.

MARATONMANNEN: Fleire gonger tok Christer ut energien i maratonløp. Foto: Privat

Ingeborg hadde adoptert fostersonen og var også hans verje. I ein periode kløyvde Christer ved i ei verna bedrift. Då han kom heim med den første lønningsposen, var det like før mor heiste flagget.

– Nesten tusen kroner! Eg trudde aldri det skulle skje. Han kunne vera vanskeleg å ha med å gjera, men inst inne var han ikkje slik. Christer var ikkje slem, seier Ingeborg med trykk på kvart ord.

MOR: – Eg sa ofte til personalet at dei ikkje måtte gå så langt frå Christer på tur. Kvar gong fekk eg til svar at «han vil ha det sånn», seier Ingeborg Flem.

Men i butiltaket i Årdal stod utfordringane i kø.

– Han vart større, sterkare og kravde meir plass. Samtidig var det vanskeleg å få folk til å jobba der. Stor gjennomtrekk gjorde Christer meir uroleg, og han vart oftare lagt i bakken. Det var ein vond spiral, og sommaren 2006 var alle dei fem tilsette sjukmelde, fortel systera Gro.

Tiltaket kollapsa. Fordi Årdal kommune ikkje lengre klarte å gje han eit stabilt tilbod i heimbygda, vart Christer akutt plassert på Leikanger i Sogn. Eit privat helseselskap overtok det faglege og daglege ansvaret for han.

TRE HUS: I denne husrekkja på Leikanger heldt Christer og personalet i butiltaket til.

I Hovdavegen på Leikanger ligg tre små, grå hus i rekkje. Christer var 27 år då han kom hit. Han budde spartansk i huset i midten med få gjenstandar og møblar, for å hindra at han øydela eller kasta ting.

Innanfor var det gjennomgang til dei to andre husa. Dette var Christers nye heim, og romma kjøkken, opphaldsrom, kontor og soverom for personalet.

– Der hadde han bordet sitt, og der stod fjernsynet hans, seier Ingeborg Flem og peikar ut i den tomme stova.

– Dette var som eit slott samanlikna med korleis Christer budde i Årdal. Han hadde god plass og utsikt over Leikanger.

Melås Helse AS skulle yte omsorg til Christer heile døgnet, og ta ansvar for at han fekk eit så meiningsfullt og godt liv som råd. Han skulle ha tilrettelagt arbeid, delta i fritidsaktivitetar og dra på helgeturar, stod det i kontrakten med Årdal kommune.

TOMROMMET: Syster Gro og mor Ingeborg er tilbake i huset der Christer budde dei siste ti åra av livet.

Døgnet rundt skulle to personar passa på han, og selskapet forplikta seg til å stilla med kvalifisert personale. Christer skulle også ha ein individuell plan. Ei ansvarsgruppe med representantar frå selskapet, kommunen og familien skulle møtast jamleg. Etter det første året på Leikanger var mor glad og letta.

– Christer hadde det godt og stabilt. Han vart ikkje lagt i bakken ein einaste gong, fortel ho.

Personalet i Hovdavegen kunne bruka makt eller tvang mot Christer når det var fare for at han gjekk til angrep, kasta gjenstandar eller skadde seg sjølv. Vilkåret for eit slikt tvangsvedtak var at minst ein av dei to som passa på han til ei kvar tid, hadde høgskulekompetanse. Slik er lova.

I eit tilsyn Fylkesmannen førte med Årdal kommune og Melås Helse i 2014 kom det fram at selskapet sleit med å skaffa kvalifisert personell, og at det var søkt om dispensasjon frå utdanningskravet for fleire tilsette. Tilsynet avdekte også at Christer hadde få aktivitetar som motiverte han til å stå opp om morgonen.

Både det private selskapet og kommunen, som hadde det overordna ansvaret, lova å ta tak i desse forholda. Men i juni 2015, berre fem månader etter at tilsynet var avslutta, kom ei bekymringsmelding.

Avsendar var familien til Christer. På dette tidspunktet hadde han ikkje vore sysselsett på over eit år, og ikkje fått oppdatert individuell plan sidan 2012. Ifølgje mor kunne Christer vera vaken i tre døgn på rad, og av og til sova til både klokka 17 og 20.

I bekymringsmeldinga hevda familien at butiltaket i Hovdavegen var på randa av kaos. Turnusen var på eit minimumsnivå, skreiv dei. Familien, som frykta at innhaldet i dagane til Christer var i ferd med å smuldra opp, etterlyste tilsette med høgskuleutdanning.

– Eg trur ikkje han hadde det vondt, men dagane hadde så lite innhald. Han trødde fram og tilbake, og alt han hadde, var bilturane og gåturane. Som regel tok dei han med til avsides stader der han ikkje var til sjenanse for andre. Christer, som likte godt å ha menneske rundt seg, vart meir og meir einsam og fekk ikkje trening i å vera ute blant folk, seier ho.

Familien etterlyste stabilitet i heimen til Christer, og Melås Helse forsikra at det skulle bli betre. Meldinga vart lagt bort.

Vinteren har breidd sitt kvite teppe over Haukåsen. Dei to kvinnene vassar i snø til knea på turvegen der Christer forsvann for ni månader sidan. Mor og syster har ikkje gitt opp håpet.

– Kvar gong tenkjer eg: «I dag er dagen. I dag finn me han», seier Gro.

GIR IKKJE OPP: Gro Charlotte Fretheim Sraidi skal tilbake og leita etter veslebroren når snøen har smelta på Haukåsen.

For få veker sidan, på oppfordring frå familien, søkte mannskap frå Marinen etter Christer ved elvemunningen i Sognefjorden. Også dette søket, utført i samband med ei øving, var resultatlaust.

– Kor er Christer? Det er eit stort mysterium, seier mor Ingeborg.

Politiet har ikkje avslutta etterforskinga. I løpet av våren skal dei gå gjennom saka med friske auge.

– Kall det gjerne kvalitetssikring, seier regionlensmannen.

– Trur du saka kan bli løyst?

Arne Johannessen sukkar tungt.

– Sjansane minkar for kvar dag som går. Eg er redd dette blir eit spørsmål vi ikkje får svar på, sjølv om det gir ei dårleg kjensle for politiet og ikkje minst for dei pårørande.

Få veker etter at Christer Fretheim Flem forsvann 9. mai i fjor, oppretta Fylkesmannen igjen tilsyn mot Årdal kommune og Melås Helse AS.

Kommunen fekk skarp kritikk. Det hadde mellom anna ikkje blitt gjennomført årlege tilsyn og samarbeidsmøte. Kommunen hadde heller ikkje følgt opp tidlegare tilsyn, og ikkje kvalitetssikra at Christer fekk eit verdig tenestetilbod og ein meiningsfylt kvardag, kjem det fram i dokument BT har fått tilgang til.

– For å seia det ganske enkelt: Årdal kommune hadde styringsansvar for å sjå til at tenestene han fekk, vart utførte på forsvarleg vis. Vårt tilsyn avdekte at kommunen ikkje har hatt tett nok oppfølging, seier fylkeslege Per Steinar Stensland i Sogn og Fjordane.

Årdal kommune, som har informert Fylkesmannen om nye rutinar, vil ikkje kommentera saka overfor BT.

Under tilsynet med Melås Helse kom det for ein dag at Christer hadde vore borte fleire gonger utan at tilsette hadde hatt kontroll. Dette trass i at det stod i prosedyren til Melås Helse at på tur skulle personalet til ei kvar tid vere i «rimeleg avstand» til Christer for å ha kontroll om uventa situasjonar oppstod. Til dømes om Christer støytte på turgåarar som vart skremde av oppførselen hans, eller om han møtte hundar, hestar og kyr. Han var redd for dyr.

– Eg sa ofte til personalet at dei ikkje måtte gå så langt frå Christer på tur. Kvar gong fekk eg til svar at «han vil ha det sånn», seier Ingeborg Flem.

På veg heim frå ein tur i august 2015, gjekk personalet som vanleg eit stykke framom Christer. Då dei oppdaga at han ikkje kom etter, snudde dei, men fann han ikkje. Dei sprang tilbake for å henta bilen og køyrde langt oppover i Henjadalen før dei fann han etter vel ein time.

Bygdefolk på Leikanger skal også ha møtt Christer ute på eiga hand. Ifølgje dokument BT har sett, tok delar av personalet ikkje opp denne typen avvik med leiinga. Dei skal ha vore redde for å mista jobben.

I periodar hadde det vore stor utskifting i butiltaket på Leikanger, kom det fram i tilsynet. Dei to som var med på turen då Christer forsvann, kjende han godt, men ingen av dei hadde høgskulekompetanse eller dispensasjon for å bruka tvang.

Desse opplysningane er av så alvorleg karakter at saka er sendt vidare til Statens helsetilsyn, som no vurderer om det er grunnlag for reaksjon mot Melås Helse AS. Saka har høg prioritet, får BT opplyst av Helsetilsynet.

– I dette tilfellet veit me at Melås Helse arrangerte tur for ein brukar under tilsyn av eit personale på to. Det faktumet at ein brukar blir borte under slike forhold, er ein alvorleg svikt. Når ein person med stort omsorgsbehov blir teken vare på av samfunnet, forventar vi at dette skjer på ein trygg og forsvarleg måte, seier fylkeslege Stensland.

«UAKSEPTABELT»: – I mine seks år som fylkeslege har eg aldri høyrt om liknande, seier fylkeslege Per Steinar Stensland i Sogn og Fjordane.

– Kor utfordrande er det for kommunar å gje gode tenester til menneske med alvorleg utviklingshemming?

– Det er naturlegvis krevjande, men like fullt innanfor rammene av det ein kan forventa av ein kommune eller ein institusjon. Det er dette dei er sette til å kunne klara.

– Gjer mange kommunar som Årdal og set tenester til tunge brukarar ut til private?

– Ja, og eit viktig læringspunkt for alle som kjøper slike tenester, er at kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å styre tenestene. Det er altfor lett å tenkja at dei private aktørane er profesjonelle. Kommunane må ta styringsoppgåva på alvor og sikra at kvaliteten er god nok, understrekar fylkeslegen.

DET SOM ER ATT: Christer budde spartansk på Leikanger med berre nokre få eigedelar.

– Kor spesiell er denne saka?

– At ein person som samfunnet har ansvar for, blir borte på denne måten, skal ikkje kunne skje. Det er fullstendig uakseptabelt. I mine seks år som fylkeslege og over 40 år som lege, har eg aldri høyrt om liknande.

Melås Helse AS vart etablert av helsegründeren Per Steinar Melås i 2005. Ti år seinare, i 2015, hadde selskapet 110 tilsette, 13 avdelingar og ei omsetning på 78,5 millionar kroner.

Melås vil ikkje uttala seg til BT før helsetilsynet har behandla saka. Men BT har sett brev frå Melås til Fylkesmannen etter forsvinninga. Mellom skriv Melås at det i mange år vart gjort forsøk på å finna aktivitetar til Christer, men at han var ein brukar som ikkje kunne påtvingast dette:

«Etter kvart vart det ei vurdering av kor mykje ein skulle nytte tvang for å gjennomføre ein aktivitet».

Melås legg ikkje skjul på at det har utfordrande å rekruttera høgskuleutdanna personale i periodar, men skriv også at det var heilt avgjerande for Christer å ha personar kring seg som han var trygg på, og hadde kjent over tid:

«Vi har av erfaring sett at det ikkje heile tida er avgjerande kva formell kompetanse personale har, men personlege eigenskapar».

Han skriv dessutan at selskapet ser svært alvorleg på at avvik ikkje er blitt rapporterte til leiinga.

I september i fjor slo Melås Helse AS seg saman med Mestrings-og læringssenteret i Trøndelag, eit anna selskap som tilbyr bu- og omsorgstenester til menneske som treng særskild oppfølging.

Same månad vart selskapet kjøpt opp av Longhorn, eit oppkjøpsfond registrert i skatteparadiset Guernsey.

På lensmannskontoret i Sogndal understrekar Arne Johannessen at det ikkje har kome fram noko i løpet av etterforskinga som tyder på at det har hendt noko kriminelt.

– Kva trur du kan ha skjedd?

– Det som skjedde, er forferdeleg tragisk, men alt tyder på at dette var eit hendeleg uhell, og at dei som skulle passa på Christer, mista kontrollen over han. Alle tenkjer at slikt ikkje skal vera mogeleg, men me er berre menneske, og dei fleste ulukker skjer på grunn av menneskeleg svikt. Di meir me har jobba med saka, dess meir sannsynleg er det at han må ha gått i elva og hamna i sjøen.

TILBAKE PÅ HAUKÅSEN: Ingeborg Flem (til h.) og Gro Charlotte Fretheim Sraidi i terrenget der Christer vart borte.

Dei to kvinnene i snøen på Haukåsen har mange spørsmål og ingen svar. Så mykje skurrar, synest dei.

– Det er ingen vitneobservasjonar frå den dagen Christer forsvann, ingen spor. Det er så ein lurer på om Christer vart henta av ein UFO. Me har framleis fått svært få detaljar om kva som faktisk skjedde på Haukåsen den dagen, seier systera.

– Det er blitt framstilt som at det var Christer som forsvann, og dermed som om noko av skulda var hans. Christer forsvann ikkje. Han var eit barn på tre år som vart forlaten i fjellheimen, seier mor hans.

Til våren, når snøen har smelta, skal Ingeborg Flem og Gro Charlotte Fretheim Sraidi tilbake til Haukåsen.

– Det skal bli godt å koma opp att og leita. Me får ikkje fred før me finn han.

Publisert: