I snirklete, gotisk skrift stod det at ei ung jente frå byen hadde vore til avhøyr på politikammeret. Ho var mistenkt for å ha «født i Dølgsmål og forvoldt sitt Barns død».

Å føde i dølgsmål betyr å føde i skjul. Barnet er uønskt. Svangerskapet må haldast hemmeleg, og alle spor etter ein fødsel og eit barn må fjernast.