Den siste bonden på Sylvarnes

Sola. Innimellom, på fine haustdagar som denne, hender det at han saknar sola. Elles har han alt han treng, Magne Sylvarnes (60).

Midt i oktober vart ho borte. Kor mykje han strekkjer hals, ser han ikkje sola att før i slutten av februar no. Men det er ikkje noko han ofte får høve til å tenkje over. På Sylvarnes er det låg skodde hyppigare enn det er høg himmel, og dessutan nok å hengja fingrane i av daglege gjeremål.

Han tek imot på kaien, han og buhunden Sif (8). Sender av garde til Vik ein velfylt tank med mjølk før han fyrer opp traktoren og putrar oppover til tunet. Forbi høgreist sprakje og rank furu. Midt ute på ein velstelt bø ligg det gamle skulehuset. Vidare over brua og forbi nabobruket. Til høgre forbi tuntreet som lyser haustgul i det skuggelagde landskapet.

Les hele saken med abonnement

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    – Gjennom brevene ble vi kjent med hverandre. Vi hadde felles skjebne.

  2. BT MAGASINET

    – Jeg begynte å danse i hemmelighet

  3. BT MAGASINET

    Konrad (17) skulle ta et siste stup. Det endret livet hans for alltid.

  4. BT MAGASINET

    Barn med Julias lidelse blir sjelden voksne. Håpet lever etter en reise til Polen.

  5. BT MAGASINET

    Den engelske mutanten herjet verst med de unge i Ulvik

  6. BT MAGASINET

    – Håpet er at sønnen min også skal bli glad i denne stilen, og arve mange av mine klær