– Ein må vera litt fornuftig og ikkje berre tenkja på at ein skal vera fin og ta seg godt ut!

Folk i Vest: Møt Sigrid Espeland Haga (74).

– Eg er på veg frå Solund til Stord. Vanlegvis korresponderer båtane veldig bra, men i dag må eg venta i nesten tre timar i Bergen på avgangen til Leirvik. Det er striregn, vind og kaldt, og eg vil ikkje risikera å bli sjuk, så eg har lagt ei jakke utanpå regnjakka. Ein må vera litt fornuftig og ikkje berre tenkja på at ein skal vera fin og ta seg godt ut! Eg er ekte vestlending og ikkje så nøyen på det. Ikkje har eg handlelyst, heller, og litt bagasje å drasse på, blant anna stikkelsbærsbuskar til oldebarna. Det blir ei kjekk gåve, ei dei kan ha glede av i mange år. Det er no litt fint å sitja her på kaien og venta. Ein kan filosofera litt, sjå på fuglane og studera det fine seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» i Vågen. Og Bryggen er no alltid fin å kvila blikket på, men no er eg lei. Vanlegvis tykkjer eg at tida går fort, men ikkje når ein ventar på neste båt.

Du har nå lest dine gratis artikler denne uken. Bli abonnent for å lese videre.

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    TV-kjendis Jay Leno har en utrolig bilsamling. En av stjernene er et vrak fra Hjellestad.

  2. BT MAGASINET

    Nye Ulriksbanen: De henger i stroppen meter­vis over bakken

  3. BT MAGASINET

    Dette busskuret er ein presang til Iris (6)

  4. BT MAGASINET

    Faren sa han ville hjem. Så oppdaget datteren at flere bilder av ham var slettet.

  5. BT MAGASINET

    – Vi var på vei til Roma i mars i fjor. Så var det noe oppstyr i Nord-Italia.

  6. BT MAGASINET

    – Historien min må bety noe. Min lidelse skal ikke ha vært forgjeves.