Nyttårsforsett: Hugsa på at året er lengre enn desember

Nytt år eller ikkje, om det er deg sjølv eller andre, bry deg.

Foto: Jan M. Lillebø

  • Guro Valland
Publisert Publisert

Første nyttårsdag er Marie Antoinette Andersen 108 år og 93 dagar gammal. Ho er Noregs eldste person.

Andersen bur i Leirfjord, ein liten kommune på Helgelandskysten i Nordland.

Der er det fint.

Eg har sjølv vitja området, med bror min. Me segla, ankra opp, og gjekk turar.

Eg lurer på om Andersen nokon gong har vorte lei av det heile. Lei av det å gå inn eit nytt år.

108 år og 93 dagar. Det er lenge, det.

I kommunen ho bur i er det registrert 2001 personar. Alle veit nok kven Andersen er.

Kan henda ho er ein lokal kjendis. Kan henda ho ikkje bryr seg så mykje.

Marie Antoinette. Berre namnet verkar å fortelja ei historie. Kva er di historie?

Ikkje alle bur på stader der ein lett vert kjent att. På hels med alle, kjenner alt og alle.

Ikkje alle tør å gå ut.

Ikkje alle får segla med bror sin. Ikkje alle har far sin. Eller mor si. Moffen eller mommen.

Nordmenn er einsame. Tel du fem personar på jobben, kjenner minst ein seg aleine.

Men slikt høyrer ein mest om i denne eine månaden i året. Desember, 31 lange dagar.

Mange går i seg sjølve, då, og kikkar inn. Som no, i denne teksten.

Inkludera, ikkje ekskludera. Vera snillare – bry seg meir.

Kva det tyder i praksis er ikkje alltid enkelt å vita. Men mange vil, og mange kan.

Maren Fuchsia Celius-Blix skreiv i Morgenbladet at ho som sjuk kunne verta misunneleg av gjespande og hutrande folk i minusgrader på veg til jobb eller studia.

Noko så trivielt, på eit vis, men noko så einsamt.

Fellesskapet er hardt på den måten. Står du utanfor, kjem du ikkje langt med korkje Kvikk lunsj eller brunost.

Celius-Blix sakna det vanlege, det som samfunnets maskineri stadig minna den unge kvinna om.

Vendepunktet kom i eit overnattingsbesøk:

«Det er vanskelig å forklare for noen som ikke har opplevd å falle utenfor hvordan en tv-kveld i sofaen med venner kan gi livet mening. Men den åpne døren med den lave terskelen var bedre medisin enn noen av de tallrike tiltakene jeg hadde vært i.»

Nytt år eller ikkje, om det er deg sjølv eller andre du må bry deg om, gjer det.

For året er så mykje lengre enn berre éin månad. Livet er så mykje lengre.

Ja, det kan verta 108 år og 93 dagar.

Publisert

Les også

  1. Nyttårskvelden vi aldri glemmer

  2. Nyttår er for amatører

    Da jeg var syv-åtte år kjøpte jeg og kompisen vørterøl og stjerneskudd til nyttårsaften.
  3. 8 ting jeg aldri skal ha nyttårsforsetter om

    Vi er midt i høysesongen for forsetter. Lytt til erfarne forsettfolk: Styr unna disse.
  4. Det finnes ingen grenser for hva folk forsøker å bytte

    – Til slutt måtte vi henge opp en plakat der det sto «Dyr returneres ikke», sier butikkansatt Siv Midttun.

Mer fra BT magasinet

  1. BT MAGASINET

    Tone følte hun var på feil sted i årevis. Så tok hun steget.

  2. BT MAGASINET

    Paret fra Fana var lei av det travle livet. – I løpet av tre minutter bestemte vi oss.

  3. BT MAGASINET

    – Da jeg kom hit som flyktning, ble jeg spurt hva jeg drømte om å gjøre. Svaret var lett.

  4. BT MAGASINET

    «Det er få spiseopplevelser som kan være så nedtonet, men likevel høytidelig»

  5. BT MAGASINET

    Sender Britney Spears ut hemmelige beskjeder, eller vil hun at faren fortsatt skal styre livet hennes?

  6. BT MAGASINET

    – Jeg nevnte opptrinnet til min medstudent. Han så på meg med et sjokkert blikk.

Mest lest

  1. 19 skoler i Bergen har meldt om koronasmitte

  2. Trafikken direkte

  3. Siste nytt om korona

  4. Christopher skulle overta den suksessrike møbelforretningen. Men valgte å gå andre veier.

  1. Nyttår
  2. Ensomhet