Absolutt fjogning

Sleivkjefta sogningar, trauste sunnfjordingar, disiplinerte nordfjordingar: Å gjera urinnvånarane i Sogn og Fjordane til eitt folkeslag, er ikkje gjort på 250 år.

FØRDE ROAD: – Sunnfjordingen er dønn ærleg, men må få ete fyrst, seier biletkunstnaren Oddvar Torsheim i Førde. Forfedrane hans skal ha flykta frå hugenottane i Frankrike til asyl i Sunnfjord.

Publisert Publisert

Har du høyrt den om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen, som fekk i oppdrag å koma seg gjennom ei stengd dør så raskt som råd?

Sunnfjordingen venta litt før han tok i døra, konstaterte at ho faktisk var låst og gav opp.

Nordfjordingen kjende også først etter om døra var låst, før han fann ein streng og dirka opp låsen.

Sogningen tok springfart, spende den eine foten tvers gjennom døra og hinka rundt på den andre dei neste tre vekene.

DEN FRØKNE: (t.h) Sogn og Fjordane er eit fylke for og av stabeisar, meiner Jens Brekke frå Vik i Sogn. – Me er det mest spesielle folket i landet, seier han, og viser til at fylket ofte ligg i den eine eller andre statistiske ytterkanten.

Nordfjordingen tenkjer før. Sunnfjordingen tenkjer før og etter. Sogningen tenkjer verken før eller etter. Det er faktisk forskjell på oss, seier Jens Brekke (62), kulturell lausarbeidar frå Vik i Sogn.

Neste veke har folket i dei gamle futedøma Sogn, Sunnfjord og Nordfjord vore samla innanfor same fylkesgrense i 250 år. Opp gjennom hundreåra er det likevel blitt så som så med den kulturelle og sosiale integreringa.

– Dei gamle fogderigrensene er i høgste grad oppegåande den dag i dag. Me er tre ulike folkeslag, hevdar Brekke, som har skrive bok om stammemotsetningane i Sogn og Fjordane.

– På kva måte?

– Sogningen er kvikk, rappkjefta og svarar på ståande fot. Spør du sunnfjordingen om noko, er «eh ...» den fyrste lyden som kjem ut, og så seier han noko på halv fart, etter å ha tenkt seg om. Det er ikkje meint nedsetjande, men handlar om den indre spenninga i den tilbakehaldne sunnfjordingen.

– Og nordfjordingen?

– Han er målretta, disiplinert og dreg i flokk. Han har klart noko sogningar og sunnfjordingar aldri ville ha fått til, Opera Nordfjord! Det er like imponerande som å byggja ein skiflygingsbakke i Afrika. Operahuset kronar verket til nordfjordingen.

TØFFE TIDER: – Sunnfjordingane er litt meir forsiktig enn sogningane. Dei er tøffare, men vi er tøffe vi òg, forsikrar 19-åringen Siv Kristin Eikås Hovland.

Han er ikkje  den første som påstår at det er skilnad på folk i Sogn og Fjordane. «Neppe nogensteds her til lands staar folketyperne saa skarpt mot hinanden som her», skreiv professor Amund Helland om Bergenhus Nordre Amt i 1901.

Då var det alt 138 år sidan Sogn, Sunnfjord og Nordfjord vart slått saman til eit amt. Det skjedde 19. september 1763, då Bergenhus Amt vart delt inn i ein søndre og ein nordre del, i dag Hordaland og Sogn og Fjordane.

Professor Helland granska innbyggjarane i 15 norske amt, og delte folket inn etter fasongen på hovudskallane. Kortskallane budde for det meste langs kysten, langskallane lengre inn i landet. Men då forskaren kom til Sognefjorden, stemde ikkje lenger kartet hans med terrenget.

I ytre strøk var det stort innslag av langskallar, og i indre Sogn fann han eit «høist mærkeligt kortskallet centrum». Ikkje var dei høgreiste, blonde germanarar, heller. Tvert om var indresogningen mørk, middels høg, rappkjefta og sprek, og med ein energi og eit kroppsspråk «som om man havde for sig ein franskmand eller sydeuropeer».

Sunnfjordingen, stakkars, vart parkert av professoren som ein treg og stillferdig type; ein arbeidstrell som attpåtil var meir tjukkfallen enn sogningen. Men nordfjordingen hadde karakter! Vakker og muskuløs, seig og uthaldande, og både stødigare og meir alvorleg enn sogningen.

GRISGRENDT: Aleksander Holen frå Innvik seier at nordfjordingar er nokså sosiale, men ofte er det er eit stykke til naboen. – Du må ha bil med ein gong du fyller 18 år. Elles er du hjelpelaus, seier stryningen.

Slike gamle oppfatningar er framleis i omløp, men er dei sanne? Fridtjov Urdal legg den kvite hatten på bordet, skyv brillene opp i panna og tenkjer seg om, slik ein sunnfjording skal.

– Mytane er reelle på sitt vis. Om folk trur på dei og forheld seg til dei, så har dei ein funksjon. Ulike regionar og interesser gjer seg gjeldande, slik det vel er i dei fleste fylke, men strid og kiving er ikkje av det vonde. Det gjer det trivelegare og meir morosamt å bu her.

Urdal tenkjer på det litt til.

– Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Og knapt nok det.

Så ler sunnfjordingen. Heile han ristar.

FROM SUNNFJORD WITH LOVE: Fridtjof Urdal trur at det ville vore betre om folk i Sogn og Fjordane drog i same ende av tauet. – Vi burde prøve å hale til oss utanfrå i staden for innanfrå, seier sunnfjordingen.

Dei ti siste åra  har Jens Brekke vore innom kvar einaste skule i fjordfylket med Den kulturelle skulesekken. Slikt blir det mange ferjeturar av, og Brekke set seg alltid ved kiosken og følgjer med. Ligg det ei pølse og rullar på grillen, har han observert følgjande tilnærming frå dei tre arketypane:

Sunnfjordingen nærmar seg disken med skepsis, ser pølsa og spør: «Eh ... har du pølse?»

Den korrekte nordfjordingen spør: «Kan eg få ei pølse?».

Sogningen stikk hovudet over disken og bjeffar: «Pylsa!»

– Eg har ein teori, seier Brekke.

– I Sogn kom ville folkeslag som hallingar og valdrisar over fjellet på veg til Bergen. Når dei skulle kryssa fjorden, møttest dei i Sogn, og frå gammalt av skulle desse to folkestammene alltid slåst. Sogningen måtte parera denne villskapen og vera rask i snuen for å ikkje få ein kniv i seg, eller etter seg. Slik døydde den trege varianten av sogningen ut.

Over fjellet til Nordfjord kom dei langt fredelegare nordgudbrandsdølene. Til Sunnfjord kom ingen i det heile tatt.

«Jostedalsbreen var eit uhorveleg forsvarsverk som Gud hadde sett opp for å verna sine», skriv Brekke i boka «Dei seie so».

På 1800-talet reiste folkelivsforskaren Eilert Sundt landet rundt for å kartleggja det norske folket. Somme av dei største regionale skilnadene fann han mellom Sogn og Sunnfjord. Medan nattefrieri og lausungar var utbreidd i Sogn, visste dei knapt kva det var i Sunnfjord.

Sundt, som også var prest, gledde seg over dei reinslege og dydige sunnfjordingane. Likevel klarte han ikkje heilt å skjula at det vart kjedeleg i Sunnfjord i lengda.

TIME OUT: (t.h.) Bonde Kåre Dvergsdal frå Jølster i Sunnfjord måtte «tenkje på det» då BT Magasinet bad om å få ta eit bilete.

Har du høyrt  den om sunnfjordingen, som vart beden om å hjelpa ein mann opp av ei isråk? «Eg ve no ete fyrst», sa sunnfjordingen.

Når eg har langvegsfarande på møte, passar eg alltid på at dei får mat fyrst. Det har vi tradisjon for i Sunnfjord, seier Magni Øvrebotten.

Ho er oppvaksen i Bremanger, og har budd i Sunnfjord mesteparten av livet. I 14 år var Øvrebotten distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, og i dag er ho leiar for NRK Nynorsk mediesenter. På fleire vis kjenner Øvrebotten seg att i karikaturen av sunnfjordingen.

– Det slår meg at både sogningar og nordfjordingar har betre sjølvkjensle enn sunnfjordingar. Vi er meir lute. Vi har heile tida så mykje å bevise og ikkje stor tru på oss sjølve. Om det er fordi vi er klemde mellom to sjølvhøgtidelegheiter, veit eg ikkje.

Som halvt rogalending har Øvrebotten likevel aldri følt lojalitet til den trege sunnfjordingen.

– Men eg har budd i Naustdal i 30 år, og ser at han finst. Det er utruleg kor seint det kan gå!

Framstillinga av kvikkasen frå indre Sogn tek ho derimot med ei klype salt.

– Eg meiner at skilja går på tvers av fylket, ikkje langs fjordane. Kystfolk er ikkje så ulike. Vi er meir frampå og store i kjeften, og pakkar ikkje ting inn i bomull. Men di lengre inn i fjorden ein kjem, dess tregare er folket, sjølv om indresogningen alltid dyrkar seg sjølv som kjapp både i kjeften og føtene. Å, kor det irriterer meg!

OPPSTRAMMAREN: Sunnfjordingen Magni Øvrebotten har brukt sine 33 år i NRK Sogn og Fjordane til å nedkjempa husmannsånda i fylket. – Vi er for lite stolte av det vi får til. Altfor lett let vi verda rundt oss definere at her er det inga framtid, seier Øvrebotten.

Ein av dei  som ofte terga på seg Øvrebotten, var Einar Førde (1943–2004). Som kringkastingssjef var sleivkjeften frå Sogn også hennar sjef i elleve år. Både sogningen og sunnfjordingen likte å «rive kjeft», og snakka eit stammespråk ingen andre forstod.

Som skribent i BT siterte Førde i 2002 Kristian Elster d.e., som meinte at «Landets tyngste, sejgeste og sendrektigste Folk» truleg budde i Sunnfjord. Dei drog seg sakte fram i tjukk vadmål, skreiv Elster, og orda kom «sigende sejgt som Taagen fra Havet».

– Det er interessant at 150 år gamle observasjonar stemmer på ein prikk med dei sjablongane som lever den dag i dag, og som sjølv sunnfjordingane aksepterer, skreiv Førde.

Han hadde gitt ut ei bok om heimbygda Høyanger med mykje sunnfjordsjikane. Boka selde overraskande godt i Sunnfjord.

– Dei er masochistar òg, noterte forfattaren seg, og lanserte sin neste, «geniale» bokide.

– Eg vil lage boka «Sunnfjordingar» med bilete og kort omtale av alle slike. Den boka kjem dei alle til å kjøpe minst tre eksemplar av til seg sjølve og slekt og vener. Det er så sjeldan nokon bryr seg med dei.

Øvrebotten har aldri vore borti nokon som til dei grader dyrka desse mytane som Einar Førde.

– Men Førde sa også at det til sjuande og sist var sunnfjordingen det vart noko av, for han var så svær til å arbeide. Berre han fekk ete litt fyrst.

Når du køyrer over Utvikfjellet frå Byrkjelo, trillar ned til fjorden og følgjer riksvegen til kommunesenteret Stryn, ligg så å seia alle store varemerke frå Sogn og Fjordane langs vegen. Skogstad, Ricco Vero, Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt, Hotel Alexandra, Skålatårnet og Strynetrappa. Velkomen til nordfjordingens rike!

– Nordfjordingar er tilpassingsdyktige og målbevisste. Problemet er at vi aldri blir fornøgde. Vi må alltid vidare, seier kreativ direktør i Ricco Vero, Finn Einar Kvamme (48).

EG ER NORDFJORDING, EG: –  Vi tenkjer oss om, og vi er handlekraftige, seier Finn Einar Kvamme.

Farfaren var skreddar og starta konfeksjonseventyret i Olden i etterkrigsåra. Faren vidareutvikla bedrifta til bukseprodusenten Kvamme Konfeksjon AS på 1970-talet. Finn Einar Kvamme, tredje generasjon, satsa på kule dressar då han etablerte Ricco Vero AS i 1986.

I dag har selskapet 26 tilsette, og dei aller fleste arbeider ved hovudkontoret i Olden. I 2012 braut Ricco Vero AS barrieren på 100 millionar kroner i omsetnad.

– Vi er heller ikkje så snakkesalige, men seier vi noko, står vi for det, held Kvamme fram.

–  Vi tenkjer oss om, og vi er handlekraftige. Dessutan er vi forsiktige med pengar. Vi bur trass alt ikkje langt frå Sunnmøre.

I 1901 hevda professor Helland at nordfjordingane med si militære ånd var det beste soldatmaterialet i landet. På ei togreise godt og vel 70 år seinare kom Fridtjov Urdal i snakk med ein eldre bergensar, som hadde vore offiser i Fjordane infanteriregime under kampane i Valdres i 1940. Soldatane frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord «oppfylte hver på sine måter alle fordommer», sa bergensaren.

Sogningen var angrepsvillig. Nordfjordingen følgde ordre. Sunnfjordingen var lite villig å gjera retrett:

«Vi kan no liggje her ei stund til og sjå».

I Hordaland  glir 250-årsjubileet stille forbi, men Sogn og Fjordane slår på stortromma. Neste veke feirar fylket seg sjølv med framtidskonferanse, bursdagsfest, jubileumsgudstenester og nettsatsing. I tillegg er eit historieverk på fire band under arbeid.

Dette betyr ikkje at folket i trivselsfylket alltid har sett si ære i å leva lukkelege til fylkesgrensene skil dei åt. Tvert om har dei slåst om mykje. Om sjukehus, skular og flyplassar, institusjonar og veganlegg.

– Å prøve å leggje noko til Sogn og Fjordane, er som å kaste eit kjøtstykke til haiane. Først slåst dei om kjøtstykket, så et dei den som kasta det, skal den tidlegare pressemannen og politikaren Norulv Øvrebotten ha sagt.

Fenomenet, som går under namnet fogderistrid, forklarar Jens Brekke som vestlandsk vrangskap.

– Denne vrangskapen er ei viktig drivkraft for framsteget. Ein kjempar for seg og sitt. Slik må det vere der topografien står på høgkant, og ingenting kjem av seg sjølv, seier Brekke.

– Men vrangskap kan også hindra framsteg?

– Absolutt. Det blir ein sandkassementalitet som handlar om at «dei skal honen ikkje få, om ikkje me får», og er eit teikn på dei vanvitige kreftene som ligg under, meiner Brekke.

Hordalendingane har alltid hatt Bergen. I Sogn og Fjordane har mangelen på ein sterk historisk by skapt spenningar mellom ulike bygdelag.

– Likevel er vår illgjetne fogderistrid berre ein variant av dei regionale spenningane som pregar alle fylke og regionar, seier fylkeshistorikar Oddmund Løkensgard Hoel.

NABOHJELPA: Folk i Sogn og Fjordane må bli flinkare til å sjå stort på det, meiner fylkesmann Anne Karin Hamre. - Det blir for mykje kiving og grendepolitikk, seier ho.

Til og med fylkesnamnet  er eit kompromiss. Då dei gamle amta skulle bli fylke og få nye namn i 1919, var kriteriet at alle skulle ha eitt namn. Alle utanom Sogn og Fjordane klarte det (naboen i nord heitte faktisk Møre i nokre år).

– Staten ville ha Fjordfylket, men det var det umogeleg for sogningane å godta. På den måten er dobbeltnamnet Sogn og Fjordane eit uttrykk for dei gamle identitetane, fortel Hoel.

For folk flest i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord betydde det lite å bli eitt fylke for 250 år sidan. Amtmannen sat stort sett i Bergen heilt fram til 1840-åra, og det fylkesoverbindande leddet var svakt. Å koma seg frå ein region til ein annan var tungvint, og handel og organisasjonsarbeid følgde mykje dei gamle grensene. Folk heldt også på dialektar, draktskikkar og driftsmåtar.

– Då den moderne identitetsbygginga for alvor tok til på slutten av 1800-talet, var dei gamle futedøma framleis dei operative einingane i fylket. Det er ikkje det minste rart at futedøme-identiteten i dag står sterkt, og at folk framleis kallar seg sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar, seier Hoel.

Lenge hadde både Lærdal, Høyanger, Florø, Førde og Eid sjukehus, men nye transportårer har rokka ved gamle strukturar. Etter kvart som lokalsjukehusa vart nedlagde eller reduserte, har fakkeltoga gått over heile fylket.

– Sjukehussaka har ridd fylket som ei ulukke i stadig nye omgangar heilt sidan tidleg på 1970-talet, meiner Magni Øvrebotten.

– Kampen for lokalsjukehusa handlar om fundamental tryggleik, og det har det vore for lite forståing for, men ein kan gå seg skårfast i all motstand. Då blir det bittert, som i sjukehuskampen i Nordfjord. Pasientar reiser til Voss, Volda eller Ålesund i staden for til sentralsjukehuset i Førde, og det er trist, fordi vi byggjer ned oss sjølve i staden. Vi hadde hatt mykje å tene på å dra meir i lag, og gle oss over andre sine suksessar, seier ho.

UT MOT HAVET: - Her er alt moderne menneske treng, seier Gerd Kjellaug Berge i Selje om heimfylket.

Folk i fylket  vil nok elska og hata fogderistriden i mange år enno, trur historikaren. Likevel meiner Hoel at førestillinga om fogderistriden i dag mest av alt ligg som eit røykteppe over andre og viktigare motsetnader, som spenningar internt i regionane.

– Det er berre å kaste eit blikk på bikkjeslagsmålet i Nordfjord om kor E39 skal gå, seier Hoel.

Også Anne Karin Hamre, sogning og fylkesmann i Sogn og Fjordane, meiner at gamle grenser og regionale særtrekk er i ferd med å bli viska ut. Nye transportårer har endra fylket, og skapt nye samarbeidskonstellasjonar.

– Eg voks opp i ei tid då ei reise til Sunnfjord eller Nordfjord kunne vera ei dagsreise, og vel så det. I dag deltek sønene min på idrettsstemne over heile fylket. Fylkesidentiteten blir større når ein kjenner folk på tvers av futedømma, seier Hamre.

– Kva er dagens største utfordring for Sogn og Fjordane?

– Vekst i folketalet. Vi held ikkje tritt med landet elles. Mange unge flyttar ut for å ta utdanning, og etablerer seg utanfor fylket. Det er vanskeleg å få dei tilbake. Sogn og Fjordane treng fleire kompetansearbeidsplassar for folk med høgare utdanning.

– Kva kan gjerast?

– I dag blir det for mykje kiving og grendepolitikk i fylket. Kvar kommune kjempar for sitt. Vi må bli flinkare til å bli samde lokalt, og tenkja at det som gagnar naboen, gagnar meg.

Har du høyrt den om sunnfjordingen og nordfjordingen som måtte møta i forliksrådet etter ein slåstkamp? Eit vitne fekk spørsmål om kor mykje dei to kamphanane hadde drukke. Han svarte at han ikkje visste, og at han berre heilt tilfeldig hadde vore i naborommet under slåstkampen.

– Kvifor er du innkalla som vitne då, spurde leiaren i forliksrådet.

– Jau, fordi eg høyrde at den eine sa «eh ...».

Ut mot havet  står Gerd Kjellaug Berge (70) med sjøsprøyt i håret. I snart 40 år har sogningen drive hotell i Selje, endestasjonen i Sogn og Fjordane.

– Eg oppdagar stadig nye sider av Sogn og Fjordane. Her er alt moderne menneske treng, og vi har vist så mange gonger før i dette fylket at det umogelege kan bli mogeleg, seier Berge.

250-årsjubileet kan bli annleisfylket sin siste sjanse til å feira seg sjølv. Høgre og Framstegspartiet vil avvikla fylkeskommunane. Samtidig blussar debatten opp igjen om ein sterk vestlandsregion med Bergen som hovudsete. Sogn og Fjordane, som slit med fråflytting og forgubbing, kan stå lagleg til for hogg.

Magni Øvrebotten ønskjer ikkje ein stor vestlandsregion. Bergen og Stavanger ville bruka all energi på å krangla om kven som er sværast, meiner ho, og Sunnmøre klarar seg alltids.

–  Men for Sogn og Fjordane ville «Storvestlandet» vere ei ulykke. Eg har ikkje tru på at vi får det betre med Bergen som hovudsete. Det er historielaust å innbille seg det, og når hordalendingar snakkar om oss som «nordfylket», får eg utslett! For meg let det som «Nordre Bergenhus Amt». Det er nedlatande. Eg vil gjerne halde fram med å vere ein sogn og fjording.

KJELDER: «Dei seie so ...», Jens Brekke, Selja forlag (2010), «Raseteoriar 2», Einar Førde, kommentar i BT, 2002, sfj250.no

Publisert