– Kom då!

Torgeir Lavik (30) står på den bratte bøen sin på Borgatræet i Arna. Ei blå bøtte med kraftfôr tener som lokkemat. Snart flokkar dei seg rundt han. Dagen er komen. No skal dei til fjells og gjera seg feite!