GODE BIEFFEKTAR: Hagearbeid kan ha gode bieffektar, viser britisk forsking.
BT Magasinet

Skitt er det nye Prozac

Eg blir lukkeleg av å grave i jorda. Britiske forskarar har funne ut kvifor.

«Er skitt det nye Prozac?» stod det i ei overskrift i vitskapsmagasinet Discover. Svaret var ja.

For nokre år sidan fann nemleg Dr. Chris Lowry og kollegane hans ved University of Bristol og University College London ut at ufarlege jordbakterier har same effekt på serotoninproduksjonen i hjernen som mange antidepressiva.

Det var godt nytt for meg og kom eigentleg ikkje som noko stor overrasking. Kvifor skulle eg elles bli i godt humør av å jobbe i hagen? Men no er det i alle fall så godt som vitskapleg bevist. Ved hjelp av små injeksjonar av jordbakterien «Mycobacterium vaccae» på mus, meiner dei britiske forskarane å ha bevist at dette stimulerer serotonin-produksjonen akkurat på same vis som kjemisk framstilt antidepressiva. Og når det funkar på mus, funkar det som regel på menneske og, får vi tru.

Er du så heldig å ha litt skrapjord som ikkje duger til noko, kan eg godt tilrå å byggje opp ein eigen permakulturhage. Det er eit møysommeleg arbeid der du legg lag på lag av trestokkar, greiner, røter, lauv, kartong, avispapir, gras, flis, naturgjødsel, kjøkkenkompost og det du elles måtte ha av hageavfall til du har ein høveleg stor voll som du etter kvart kan plante det du måtte ønskje av tre, bærbuskar og andre nyttevekster i høveleg arbeidshøgde. Det tar tid, men det tar som kjent også terapi og kjemi. Prosessen med å byggje opp ein teneleg permakulturhage kan gjerne ta både to og tre år – naturen skal også gjere sitt undervegs.

Antidepressiva-bruken her i landet er alarmerande høg, samtidig som dei positive verknadene av den er diskutable. I følgje tal frå Reseptregisteret brukte 322.647 personar antidepressiva her i landet i 2015. Sidan 2004 har totalforbruket auka frå 81 til nærmare 99 millionar doser i året. Det er høge tal – i det som skal vere det lukkelegaste landet i verda. Når det er sagt, brukar nordmenn mindre antidepressiva enn våre naboland. Tal frå 2014 var 6,2 prosent i Norge, 7,5 prosent i Sverige og 9,1 prosent i Danmark.

På same vis som vi er blitt hysterisk opptatt av å halde hus og heim reint og støvfritt, med ein påfølgjande eksplosjon i astma og allergitilfelle for både store og små, kan det hende vi er blitt for redde for å få skit under neglene, eller puste inn litt av dei gode jordbakteriene som naturleg stimulerer den nødvendige serotonin-produksjonen og regulerer humøret vårt.

Og skulle det likevel vise seg berre å vere sludder og pølsevev det dei britiske forskarane har funne ut, har eg enno ikkje høyrt om nokon som har tatt skade av å ta seg ei økt i friluft i hagen. Med eller utan Prozac, naturlegvis.

widget-list