Monica Norman og ektemannen har landa på Jelsa. Dette blir vår siste buplass, slår dei fast.
Bolig

Nytt i gamal stil i sjøkanten på Jelsa

For nokre år sidan stod det tre falleferdige bygningar her. Eit våningshus, eit bakeri og eit uthus.

Husa var opprinneleg frå 1800-talet og stamma frå Jelsa si stordomstid då staden var eigen kommune med heile tre bakeri, samt postkontor og fleire butikkar.

Monica Norman og Trond Eilertsen fekk riva det gamle og bygga nytt i gamal stil.

Bildevisning

       Dei tre falleferdige bygga som låg her er nå erstatta av tre nye, som alle minner om dei historiske. Til venstre er uthuset. Bygget i midten var bakeri før i tida. Sidan eigedommen ligg vêrhardt til har Monica og Trond fått bygd ein molo til vern. Steinane vil etter kvart mørkna.

Jan Inge Haga
Bildevisning

       Det gamle uthuset.
Det gamle uthuset.
Privat
Bildevisning

       Slik såg det gamle bakeriet ut.
Slik såg det gamle bakeriet ut.
Privat
Bildevisning

       Det gamle våningshuset på eigedommen.
Det gamle våningshuset på eigedommen.
Privat

Bakarfamilien Jonassen

I følge bygdeboka «Jelsa, gardar og folk, bind 1» kan ein dokumentera folk på denne tomta frå 1740-talet.

Jonassen heitte familien som dreiv bakeri her. Først Johan Jonassen, seinare overtok sønene Jostein og Bjarne.

Like ved kyrkja ligg eigedomen deira, og frå hagen har dei utsikt mot dampskipskaien og mot Foldøy i vest.

Å komma inn dørene her er som å stiga inn i ei gamal skipparhus, for ekteparet har reist vidt og langt og har samla minne frå heile verda. Her finn me mellom anna masker frå Nigeria, krukker frå Mexico og møblar frå Texas.

Bildevisning

        Uthuset blei i gamle dagar brukt til sauefjøs.
Uthuset blei i gamle dagar brukt til sauefjøs.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Monica Norman og Trond Eilertsen har vidsyn mot vest frå eigedommen sin på Jelsa.
Monica Norman og Trond Eilertsen har vidsyn mot vest frå eigedommen sin på Jelsa.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Den ærverdige dampskipskaien på Jelsa er næraste nabo.
Den ærverdige dampskipskaien på Jelsa er næraste nabo.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Monica har grøne fingrar og er i full gong med å fylle blomebed og krukker.
Monica har grøne fingrar og er i full gong med å fylle blomebed og krukker.
Jan Inge Haga

No har Monica og Trond budd halvtanna år ved sjøkanten midt i Jelsa. Bygginga av husa tok eit år, papirarbeidet tok halvtanna år.

Å riva historiske bygg kloss i sjøen førte naturlegvis til at det måtte takast omsyn til pålegg frå både bygnings-, landskaps- og miljøvernarar.

Prosessen var omstendeleg og tidkrevjande, men det var aldri på tale å gi seg. Til det er dei begge to for sta.

Torsk og ålegras i fare?

Både ålegras og kysttorsken kunne stå på spel, fekk dei høyre tidleg i prosessen, men til slutt fekk dei lov å etablere seg på draumestaden sin.

Skulle dei få byggja her, måtte bygningane utanpå i mest mogleg grad sjå ut som dei gamle. Endå til spikertypen som skulle brukast, ville Fylkesmannen ha greie på.

Til å hjelpe seg med å utforme bygningane utvendig hyrte Monica og Trond inn arkitektkontoret Schelderup og Gram som har spesialkompetanse på slikt.

Sidan både våningshuset og bakeriet var små bygg ønskte paret å binda dei i saman med eit mellombygg. Først fekk dei nei til det, men då Trond og Monica fann eit gamalt bilde som viste at bygga også ein gong tidlegare hadde vore bunde saman, snudde Fylkesmannen.

Bildevisning

       Åra ovanom sofaen blei funne i det gamle bakeriet. Veggane er kledde med forskalingsbord i ulik breidde.
Åra ovanom sofaen blei funne i det gamle bakeriet. Veggane er kledde med forskalingsbord i ulik breidde.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Soverommet blei bygd rundt møblane paret ville ha inn i det. Den trekanta døra til venstre går inn til oppbevaringsrommet under trappa.
Soverommet blei bygd rundt møblane paret ville ha inn i det. Den trekanta døra til venstre går inn til oppbevaringsrommet under trappa.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Utsikt frå hemsen i bakeriet. Monica og Trond har kjøpt lite nytt til heimen sin på Jelsa. Det meste stammar frå parets mange reiser og opphald i inn- og utland.
Utsikt frå hemsen i bakeriet. Monica og Trond har kjøpt lite nytt til heimen sin på Jelsa. Det meste stammar frå parets mange reiser og opphald i inn- og utland.
Jan Inge Haga

– Me tykkjer både bygningsvernfolka hjå fylkeskommunen og særleg bygningsetaten i Suldal kommune har gjort ein god jobb i prosessen. I tillegg har flinke snikkarar, erfarne molobyggarar og steinleggarar fått til eit godt resultat. Mykje er basert på lokale produkt, fortel ekteparet.

Å riva bygga var som å gå baklengs inn i historia. Dei fann fem forskjellige golvhøgder i våningshuset, noko som viser det er blitt påbygd i fleire omgangar.

Bildevisning

       Før moloen blei bygd, slo sjøen inn over husa på eigedommen i uvær.
Før moloen blei bygd, slo sjøen inn over husa på eigedommen i uvær.
Privat
Bildevisning

Måtte ha molo

Tomta er på rundt 600 kvadratmeter og har om lag 25 meter strandlinje. Utfylling i sjøen har gitt både ein grøn flekk og ei velfungerande sjøsikring mot vestaværet.

For å få ein liten hageflekk har huseigarane fylt ut i sjøen, så langt som ein hest kan gå ved fjære sjø. Ein molo måtte også til fordi sjøen kan gå langt innover land i dei verste stormane.

– I moloen slår bølgene seg i hel. For å få det til måtte det store steinar til. Ein finmurt molo ville ikkje gjort denne jobben. Før moloen kom, kunne sjøen stå inn over husa. For å vera på den sikre sida er veggen som vender mot sjøen i bakeriet laga av armert betong, forklarer Trond.

Innomhus har paret fått frie tøylar, så det er lite som minner om originalbygningane her. Det einaste dei har kopiert, er listverket.

Dei har vald ikkje å ha loft korkje i bakeriet eller hovudhuset, i staden har dei to hemsar. Skulle dei hatt loft, ville takhøgda blitt låg grunna isolasjonskrava.

Det er difor luftig under taket når me kjem inn i kjøkkenet. To bjelkar gjer at rommet ikkje blir for «katedralaktig» som Trond uttrykker det.

Frodig stil

Ekteparet har ingen sans for minimalisme.

– Somme vil nok synast det blir for mykje rot med krukker frå Mexico, persiske teppe, amerikanske møblar og svensk kjøkken. Men det nedstrippa er ikkje noko for oss, slår Trond fast.

Bildevisning

       Paret svergar til ein frodig og fargerik stil. Nedstrippa læstadianarstil som Trond kallar det, har ingen av dei sans for. Husa har ikkje loft, berre hems for å sikra god takhøgde i hovudromma.

       Dagsenga står der kor den gamle bakaromnen stod før. Skjermbrettet kjem frå Mexico.
Dagsenga står der kor den gamle bakaromnen stod før. Skjermbrettet kjem frå Mexico.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Kjøkkenet er svensk og kjem frå Drømmekjøkkenet.
Kjøkkenet er svensk og kjem frå Drømmekjøkkenet.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Bakeribygget er innreia i røff, maritim og internasjonal stil. Veggane er kledde med forskalingsbord i ulik breidde.
Bakeribygget er innreia i røff, maritim og internasjonal stil. Veggane er kledde med forskalingsbord i ulik breidde.
Jan Inge Haga

65-åringen frå Finnsnes i Troms har hatt mykje av verda som sin arbeidsplass og var blant det andre kullet som utdanna seg til petroleumsingeniør ved det som då heitte Distriktshøgskolen i Rogaland.

Monica Norman som kjem frå Oslo, har doktorgrad i atomfysikk og har også arbeidd utanlands.

Dei siste åra har paret budd i Stavanger. For nokre år sidan tok dei begge sluttpakke i jobbane sine, og ingen har angra eit sekund.

Bildevisning

       Kjøkkenet er malt i same farge som besteforeldra til Trond hadde i Vesterålen. Spisebord og stolar kjem frå Helgø Møbler.
Kjøkkenet er malt i same farge som besteforeldra til Trond hadde i Vesterålen. Spisebord og stolar kjem frå Helgø Møbler.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Mykje av uteområdet er steinsett. Små blomebed og blomekrukker bryt opp alt det grå.
Mykje av uteområdet er steinsett. Små blomebed og blomekrukker bryt opp alt det grå.
Jan Inge Haga
Bildevisning

       Begge er sikre på at Jelsa blir deira siste heim.
Begge er sikre på at Jelsa blir deira siste heim.
Jan Inge Haga

Huset på Eiganes er seld, og begge er sikre på at Jelsa blir deira siste heim.

– Sidan me ikkje har familie i Stavanger, freista det ikkje å bli gamle i byen. Ingen av oss har noko ønske om å enda opp sitjande på prostatabenken i eit kjøpesenter, seier Trond og ler.

Jelsa blei dei kjent med då dei fekk seg hytte i nærleiken for 12 år sidan. Etter ei stund fekk dei auge på dei falleferdige husa på Jelsa. Diverre blei eigedommen seld utan at dei fekk nyss om det.

Trond ringde til kjøpar og sa han var interessert i å kjøpe om det skulle bli aktuelt ved eit seinare høve. Den førre kjøparen lukkast ikkje i å få lov til å byggje ein moderne familiebustad og gav opp planane for staden. Dermed fekk Monica og Trond endeleg hand om eigedommen.

Nygamalt er dyrt

Som pensjonistar har dei ikkje trong for så mykje plass. 110 kvadratmeter i grunnflate er akkurat passelig, forsikrar dei.

Å byggja nytt i gamal stil fører ikkje berre med seg mykje papirarbeid, det gjer også at det meste blir mykje dyrare. Vindauga i husa er spesiallaga for å sjå gamle ut, og takrennene er av sink. Desse kostar tre gonger så mykje som takrenner i stål.

Alle bygga må målast med linolje, og paret drog til Sverige for å få kjøpt den litt billegare.

Ute i hagen bles sjøbrisen gjennom nyplanta blomar, og den grøne plenflekken skin mellom steinhellene.

– Me treng litt grønt for å bryta opp det grå, seier Monica som også har blitt med i Suldal Hagelag.

Trond engasjerer seg i den lokale båtforeininga og er gratisarbeidande hamnesjef. Dei to var også med på å berga lokalbutikken på Jelsa. Saman med to andre eigarar har dei kjøpt seg inn i forretninga, kor Monica er gratisarbeidande dagleg leiar.

– Me er heilt avhengige av å ha ein butikk, og sjølv om det ikkje er ei gullgruve, sviv det rundt. Men det er stor forskjell på handelen ein sommardag og ein måndag i januar, påpeiker Monica og Trond.

Dei har landa

Ekteparet har til saman fem barn og seks barnebarn og har god plass til gjester.

På Jelsa har dei funne fred og ro og vennlege menneske.

– Folk på landsbygda bryr seg om andre på ein annan måte enn dei gjer i ein by. Me har blitt godt tekne i mot av dei fastbuande.

Ingen av dei har sakna jobbane sine eitt sekund.

– På slutten ville eg nesten spy kvar gong eg kom til ein flyplass, seier Trond.

Ein og annan flytur til feriemål blir det ennå, men begge er samde om at dei har landa på Jelsa.

Bildevisning

       Dette bildet viser korleis eigedommen såg ut før i tida.
Dette bildet viser korleis eigedommen såg ut før i tida.
Privat
widget-list