Øyhopparen frå Havanna

Ein dag blei Orlando Luis Pardo Lazo kalla inn på sjefens kontor. Der fekk den unge forskaren sparken - og framtidsplanane hans blei knuste. Orlando hadde kritisert Fidel Castros Cuba.

Publisert Publisert

– Kanskje kom han frå fengselet La Cabaña den morgonen? Che likte å vera til stades når opposisjonelle blei skotne der nattetid, han skaut mange av dei sjølv, inviterte endåtil gjester til avrettingane. Han ville sjå om motstandarane av revolusjonen døydde som ein mann eller som ein kujon. Kanskje er det dette Che står og tenkjer på, seier Orlando Luis Pardo Lazo.

Alle har sett Alberto Kordas fotografi av den 31 år gamle revolusjonshelten Ernesto «Che» Guevara, teke om morgonen 5. mars 1960 i Havanna, Cuba. Alle har sett blikket hans. Som med Mona Lisas smil har mange lurt på kva som rører seg bak det ikoniske ansiktet. Kva tenkjer Che under den svarte bereten, bak den gylne stjerna i panna? Tenkjer han på Revolusjonen? På Folket, på det sosialistiske Paradiset, der ingen skal mangla noko, på det store fellesskapet der alle skal vera lukkelege?

Les hele saken med abonnement