— Jonas er ei lokal løysing som går godt i lag med den filosofien me ønskjer å køyra vidare med. Han er ein lokal profil på laget, samtidig som han har god kompetanse på fysisk trening. Det gjer at han både kan vera trenar for det handballmessige og det fysiske, seier Øyvind Nyhammer, styreleiar i Stord HK.

Tysdag vart det klart at Stord gir ny kontrakt til trenar Jonas Sjølin. Han skal no leia Stords herrelag i handball dei neste to åra.

Stord rykka ned frå eliteserien for menn i handball etter 2015/16-sesongen med berre fem poeng på 22 kampar. Sjølin tok over laget i januar etter danske Jesper Holm, men får på ingen måte skulda for nedrykket.

— Det vart ein veldig spesiell sesong der me måtte gå til oppseiing av både trenar og spelarar på grunn av dårleg økonomi. Det var ei veldig vanskeleg oppgåve for Jonas å ta over som trenar, seier Nyhammer.

Stord har no som ambisjon å stabilisera seg i 1. divisjon. Det er slutt på å henta inn spelarar for å satsa i toppen av norsk handball.

— Målet er først og fremst å få på plass ei rekkje med ungdomar frå Stord. Det er ei endring i tankegangen vår i forhold til før, men det representerer ei meir økonomisk berekraftig løysing, seier Nyhammer.

Stord har ikkje som mål å rykkja opp att til eliteserien med det første.

— Det viser seg over heile Handball-Noreg at det ikkje er berekraftig å henta inn spelarar. Det er ikkje berre Stord som slit økonomisk. Me ser at det me gjer no er fornuftig for oss.