Jaget etter å ta VM-kravet eller OL-kravet har vore tema for mange avisartiklar og grunnlag for søvnlause netter for norske friidrettsutøvarar. No er det slutt på systemet som har ridd dei som prøver å springa raskast, hoppa lengst eller høgast som ei mare.

For til VM i Doha i 2019 og OL i Tokyo 2020 vil det vera posisjonen på verdsrankinga som først og fremst avgjer om ein friidrettsutøvarar kjem til meisterskapen eller ikkje. På verdsrankinga tel dei fem beste resultata den aktuelle sesongen.

– Stort sett vil dette vera positivt for norske utøvarar. Tek vi resultata som vart oppnådd i år, så har vi 20 norske utøvarar som ville vore kvalifiserte til VM, seier Erlend Slokvik, sjef for toppidrett i Norges Friidrettsforbund.

Fortel om juks

Fleire friidrettsutøvarar som ingen har høyrt om verken før eller sidan dei tok kravet, har kome seg til VM, EM og OL gjennom historia. Dette har skapt mistanke og spørsmål. Hoppa eigentleg utøvaren frå Kviterussland eller Ukraina så høgt som resultatlista i stemnet på heimebane tilsa? Var løparen frå Kenya, Etiopia eller Marokko så rask som dei skulle ha det til, arrangørane i utøvarens eige heimland? (Landa som er nemnt, er trekt fram fordi dei er på Det internasjonale friidrettsforbundets såkalla «watch list».)

– Det som er så bra er at vi no kan få bort folk som juksar med resultata, seier Eirik Dolve, stavspringar frå Bergen.

Han forklarar kva han meiner:

– Sei at kravet i stavsprang er 5,7 meter. I eit shady land så set dei gjerne lista på 5,55 eller 5,60 meter, men skriv 5,70 på resultattavla. Eg veit at slikt har skjedd. Det fører til at folk som ikkje er gode nok kjem til OL.

– Har du dekning for å hevda at dette skjer?

– Eg har hoppa ganske mykje rundt omkring i Europa dei tre siste åra. Vi utøvarar snakkar saman, og du forstår på haldningane til folk og det dei seier at det skjer mykje som ikkje burde skje, seier Dolve.

Toppidrettssjef Slokvik seier han også har høyrt om juks.

– Det vert vanskeleg å få fem teljande resultat frå sitt eige land. Vi har hatt ein del one hit wonders som av ein eller annan grunn har prestert godt i berre ein konkurranse. Men dei vert det vanskelegare for no.

USIKKER: Sven Martin Skagestad veit ikkje om det nye kvalifiseringssystemet vil slå ut positivt for han eller ikkje.
Vidar Ruud, NTB scanpix

Bra for Norge

Dolve trur det nye systemet vil gjera det lettare for han å koma til sitt første VM eller OL. Diskoskastar Sven Martin Skagestad kallar det «interessant».

– Det har vore eit problem at vi har hatt enkelte kastarar som ikkje har vore gode, men som har fått eitt godt resultat i et vindstemne, seier Skagestad. Både Dolve og Skagestad lyftar fram at det vert viktig å koma seg inn i dei riktige konkurransane, i og med at dei vert vekta ulikt i rankingsystemet.

– Behovet for ein manager som kan få deg inn vert enda større. Dei som konkurrerer jamleg i Diamond League vil ha ein stor fordel, meiner Dolve.

Det at ein må prestera i fleire stemne gjennom sesongen, i staden for å oppnå eitt godt resultat, trur Slokvik vil vera bra for norske utøvarar.

– Vi har mange utøvarar som presterer jamt. Slik eg har skjønt det nye systemet er det positivt for oss.