• IDYLL? Men idyllen i fjellet er alltid svikefull, alltid flyktig, og no er han ved å bli broten.

    FOTO: Knut Langeland

  • SISTE REIS: Farvel sommar, farvel, fridom, farvel fjell. Sauene har late seg leia like til vegen. No kan dei ikkje lenger velja sjølv, men snublar motvillig på plass i tilhengjaren.

    FOTO: Knut Langeland

  • HAUSTTRADISJON: 1,99 millionar sauer går på utmarksbeite i Noreg. Sanking er ein viktig og av mange høgt skatta del av det å vera sauebonde. Her er det Eivind Arefjord frå Sotra som driv ein flokk ned frå dei haustfarga kantane over Fossdalssetrane. alle foto: knut langeland

    FOTO: Knut Langeland

Det er døden vi kjem med bod om. 80 prosent av sauene som blir henta ned frå fjellet, skal ut av tida og inn i kjølediskane.

No skal fårikålen ned frå fjellet.

Fred og ingen fare. Botnavatnet ligg så stille at Tveitakvitingen kan spegla seg i det, rund og røsleg. Her finst ikkje sti, berre stup og ur og hamrar, ein vilter bekk, nokre flekkar med gras og bregner innimellom.

Eit tråkk som sauen har laga. Hit legg folk nesten aldri vegen. I nordvende botnar ligg det enno snø frå sist vinter. Her er lunt og bortgøymd, fredfullt utilgjengeleg, og når skydekket sprekk og sender varme strålar ned over haustlandskapet, blir idyllen fullkomen.

Svikefull idyll

Men idyllen i fjellet er alltid svikefull, alltid flyktig, og no er han ved å bli broten. Frå distanse har vi fått auge på dei. 14 sauer i liene like ovanfor Botnavatnet, fire til oppunder kanten. Dei veit det ikkje enno, dei veit ingenting enno. At byrjinga på slutten er nær.

Vi har alt vore lenge undervegs, og er råsene vi no balanserer namnlaust ukjende, så var det ikkje slik der vi gjekk for å koma hit. Mødalen, Såta, Stoveveggen. Breiarusta i aust, Tveitakvitingen i vest. Velklingande namn og kjære turmål for bergensarar flest, særleg vinterstid.

Ikkje alle ville utan vidare kjend seg att. Sommarsesongen blottlegg landskapet slik det er i all sin brutalitet. Grått og karrig og slett ikkje så jamt stigande som vinteren indikerer. Det går i trappetrinn oppover, med djupe juv innimellom.

Som sparkel

Snøen fungerer liksom som sparkel. Glattar ut og rundar av, pyntar og dekkjer til. Som kosmetikk. No er det hardt og nådelaust. Grå granitt og hudlaust grunnfjell. Vide vatn, somme med små isfjell på. Til 1299 meter reiser Tveitakvitingen seg. Kald og avvisande. Det er ikkje råd å forstå kva sauer har å gjera i slikt nabolag. Sjelebot, javel, men mat skal dei vel også ha?

Så har vi heller ikkjesett ein einaste sau til no. Ikkje høyrt ei einaste bjølle, eit einaste brek. Vi har rasta i livd av ein haug, men i drygt tusen meters høgd er rørsle det einaste som hjelper. Å vera på veg, på tur. Ikkje nødvendigvis så fort, men på fram. Over eit svaberg, langsmed ein kant, ned i ein botn og fram på ein haug.

Det er der vi står no. På eit framspring midt mellom Krokvatnet og Botnavatnet, nordaust for Tveitakvitingen. Her legg vi slagplanen, hærføraren og mannskapet hans. Fem mann der, fire dit. I ein knipetangsmanøver skal sauene fangast og setjast i rørsle. Opp lia, rundt Bjørnahinovi, ned langsmed Juklaberget og fram til mellomstasjonen på Fossdalssetrane.

Nytte og trivnad

Det er Fossdal beitelag som har sauene sine her. Vel 300 dyr til saman, heimehøyrande dels på Sotra og dels i Åsane. Kåre Engeseth er den einaste attverande bonden på Myrdal, eit steinkast frå Åsane Senter. Trengt opp i eit hjørne av den urbane tsunamien som stadig rullar over bydelen.

Han er glad i denne sysselen, og glad i sauene sine. No vil han ha dei heim att.

For Kåre er sankinga noko av trivnaden med sauehaldet. I løpet av dei seinare åra har han meir og meir fått sansen for friluftsliv. Han og kona Inger kombinerer gjerne det nyttige med det trivelege. I sommar tok dei med seg telt og overnatta ved Botnavatnet, samtidig som dei såg til dyra. Slik er det no også. Ei heil helg med nytte og trivnad. Sauesanking er friluftsliv med meining, aktivitet som inkluderer sjelebot, fellesskap, samarbeid og gode opplevingar.

 

Les også

Her trener de mest

Folk på bygdene trener mindre enn byfolk. – Det handler om klasseskille, sier samfunnsgeograf. 

 

Klare til flukt

Men no er det lenge sidan sauene sist såg folk. Alt lenge før vi er framme ved dei har dei reist seg og gjort seg klare til flukt. Sankarane plasserer seg strategisk for å syta for at fluktvegen går dit dei har tenkt. Heim til slaktebenken. Ikkje dit sauene finn det for godt. Til nærmaste musøyre.

Og slik er det eit brutalt ærend vi er ute i. Vi er slaktarens forlenga arm, bøddelens utsending. Det er døden vi kjem med bod om. 80 prosent av sauene som blir henta ned frå fjellet, skal ut av tida og inn i kjølediskane.

Det er ikkje godt å vita kva sauene tenkjer, om dei tenkjer.

- Deira oppgåve her i livet er å eta og forplanta seg. Eg trur ikkje dei tenkjer stort, seier Kåre Engeseth.

Hadde dei visst,hadde dei berre hatt den minste aning om sin grimme lagnad, hadde dei truleg lagt meir i det. Meir enn ein halvhjarta avstikkar opp ei ur, meir enn ein skøyaraktig sving ut på ein kant, meir enn ein prøvande unnamanøver.

Eg ville ha sprinta

Hadde dei vore opplyste og reflekterte og i stand til å måla risikoen opp mot utbytet, ville dei sjølvsagt stroke beint til fjells att, heller enn å tassa lydig disiplinert nedetter liene, inn i småskogen, frametter lyng og myrdrag, slik at dei til slutt står att utan opsjonar, utan alternativ – anna enn tilhengjaren, dyretransporten og slaktekniven til Nortura.

Eg veit at eg ville ha sprinta det eg var kar om. Eg veit at eg ville ha risikert venskapen med matfar om eg hadde så mykje som ant at det gøymde seg ein svikar under felleskjøpscapsen. Eg skulle ha teke rennefart og stonga meg inn att i fridomen. Eg skulle ha sprunge til lungene kollapsa. Til nye fjell og nye, grøderike botnar. Dit ingen ville ha funne meg, dit ingen ville ha tenkt å leita. Der skulle eg ha lege musestille til faren var over, og sidan skulle eg ha fråtsa i kvann og gras og musøyre og anna snacks. Til eg ånda ut, mett av dage.

Les også

- Ekstremt hardt og tungt

Dette er et løp for ekte hardhauser.

 

Godtruande

No les eg anklagei hundreogti godtruande saueaugo, og enno er dei ikkje lengre komne enn til oppsamlingsplassen ved Fossdalssetrane. Enno har dei ikkje fatta det fulle omfanget av sviket dei er utsette for, av konspirasjonen dei fall som offer for.

Les også

HELT OPPE: Dette er en solnedgang vi kommer til å huske. Og langt der ute ligger havet. FOTO: TORUNN A. AARØY

Her kan du nyte livet

Opp hit dro rike cruiseturister for hundre år siden. Vi skjønner godt hvorfor.

 

Enno tenkjer dei kanskje godt om oss. At vi nok skal sleppa dei ut att i matfatet.

Men snart er dei siste illusjonar farne. I ein luftig tilhengjar bak ein Mercedes på veg ned att i låglandet demrar det sakte.

- Kor steikjande dum går det an å bli…?

- Kålhove!

 

Les også

KOMMENTARER Våre regler

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra Sprek

Her hadde de det så kjekt da de
kom i mål at de bare ble værende

Årets hittil fineste dag kan nytes på mange måter. Noen valgte å kappløpe opp Løvstakken.

Preikestolen slår sprekker

For første gang på 22 år vokser sprekken som en vakker dag vil felle Preikestolen.

Fakta om fårikål

* Fårikål er Noregs nasjonalrett og kan reknast som husmannskost like gjerne som festmat.

* Dette treng du (til fire porsjonar): 1,5 kg fårikålkjøt, 1,5 kg hovudkål, 4 ts heil pepar, 2 ts salt, 3 dl vatn.

* Slik går du fram: 1. Del hovudkålen i båtar. 2. Legg kjøt og kål lagvis i ei gryte (kjøt nedst med feittsida ned). Strø salt og pepper mellom laga. Peparkorna kan leggjast i ein spesiell peparhaldar. 3. Hell på vatn. Kok opp og la fårikålen trekkja på svak varme til kjøtet er mørt. Ca. 2 timar. 4. Server rykande varm på varme tallerkar og med kokte poteter til.

Relaterte bilder

GODT GØYMDE: Kåre Engeseth frå Myrdal i Åsane speidar etter sau frå snaufjellet aust for Tveitakvitingen. Det kan sjå tomt ut, men med eitt dukkar dei opp frå bakom ein haug, seier Engeseth.

GODT GØYMDE: Kåre Engeseth frå Myrdal i Åsane speidar etter sau frå snaufjellet aust for Tveitakvitingen. - Det kan sjå tomt ut, men med eitt dukkar dei opp frå bakom ein haug, seier Engeseth. FOTO: Knut Langeland

Dette deler våre lesere på Facebook: