-
HORDALANDSROMMET: Chris Jespersen (til v.) frå Skånevik og Sjur Røthe frå Voss lever tett på kvarandre i dobbeltsenga på Beitostølen medan dei førebur seg til langrennsopninga i helga. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Hordalandshåpa
Chris Jespersen (26) vil til OL. Sjur Røthe (21) vil gå verdscup og U23-VM. Dei to er hordalandshåpa i langrennssporet i vinter.
AV: Jørn-Arne tomasgard
Jespersen og Røthe innser at dei helst må gå fort allereie i den nasjonale sesongopninga på Beitostølen i helga. Kjem dei seg ikkje inn på verdscuplaget no, kan det bli vanskeleg å kvalifisere seg seinare. Landslagsleiinga har valt å gje landslagsløparar frikort til verdscup, på grunn av førebuingar til OL i Vancouver. Det gjer nålauget ekstra lite for løparar som Jespersen og Røthe.
Norge har utvida kvote til verdscupopninga på Beitostølen neste helg, og begge har håp om å vere blant dei 16-17 som får gå.
- Viss ikkje er det NM i Stokke i slutten av januar som gjeld, seier Jespersen.
Drøymer om 15 km i OL
Skånevik-karen klemte til i sesongopninga i fjor med 5. plass på Beitostølen og 13. plass i verdscupopninga i Gällivare. Så høyrde ein knappast frå han resten av sesongen.
- Eg vart sjuk rett før NM. Det var ergeleg, for eg hadde ambisjonar om å gå meg inn i diskusjonen til VM i Liberec. Eg satsar på å revansjere meg denne sesongen, seier Jespersen.
Han er den av dei to hordalendingane som er komen lengst i utvikling. Det er i skøyting han ser for seg å ha ein sjanse til å få gå i OL.
- Eg har sett meg ut 15 km friteknikk i OL som ei øving som kan passe. Då må eg vere blant dei fire beste norske skøytarane. Det kan gå, trur langrennsløparen. Han livnærer seg som snekkar i Sunnhordland og på Haukelifjell kvar sommar. Vinterhalvåret har han base i Trondheim.
Inspirert av topplasseringar
- Dei to renna der eg hevda meg i toppen tidleg på sesongen i fjor, inspirerte meg veldig. Eg såg at eg ikkje hadde så lang veg opp til toppen når eg gjekk på mitt beste, cirka eit halvt minutt, seier juniorverdsmeisteren frå 2003.
Bergens Tidende møtte dei to i leilegheita på Beitostølen der dei har halde hus dei to siste vekene medan dei har førebudd seg på langrennsopninga. Distansane er 15 km friteknikk i morgon og 10 km klassisk søndag.
Som i fjor er Jespersen og Røthe med på rekrutteringslandslaget Team Manpower.
- Vi er vel blitt bortimot faste romkameratar. Eg har alltid visst kven Chris var, sjølv om han er nokre år eldre enn meg. Han var jo den store stjerna i krinsen. Etter at vi kom på same lag har vi funne ut at vi går godt i hop, seier Røthe.
Vil avansere til landslaget
Løparar som Martin Johnsrud Sundby, Simen Østensen, Tord Asle Gjerdalen og Øystein Pettersen har alle vore lagkameratar med Jespersen og Røthe. Hordalendingane har ambisjonar om å følgje etter dei opp på det beste landslaget.
- Vi satsar på å kome oss inn på landslaget etter kvart. Det kjem vel snart eit generasjonsskifte, og då kan det vere mogleg, meiner Røthe. Han er økonomistudent på Lillehammer ved sidan av idretten, men er klar på at han prioriterer skigåinga hundre prosent.
Han kom seg gjennom det vanskelege førsteåret som senior forrige sesong på ein skapeleg måte, sjølv om han ikkje nådde målsettinga om U23-VM. Han hadde tre NM-plasseringar blant dei 20 beste, og fekk verdscupdebuten som ein del av den nasjonale kvoten i Granåsen.
Usikre på formen
- Eg har auka treningsmengda med om lag 50 timar til 800. Eg føler meg trygg på at eg vil ta eit nytt steg mot toppen denne sesongen, men OL har eg ikkje i tankane, seier sølvmedaljevinnaren frå junior-VM 2007.
Dei to uttrykkjer ein viss skepsis til formen før opningsrenna. Begge vart sjuke og måtte reise heim etter tre dagar under ei høgdesamling i Ramsau i oktober.
- To veker trening gjekk bort der. Oktober vart amputert. Eg skulle gjerne hatt to veker til å førebu meg på. Men grunnlaget er godt, eg har fått gjort alt eg skulle gjennom sommaren og hausten, seier Jespersen.
Les også
Siste fra Vintersport
* Fødd: 2. juli 1988
* Heimstad: Voss
* Klubb: Voss IL
* Adresse: Lillehammer
* Yrke: Langrennsløpar/økonomistudent
* Sivil status: Singel
* Merittar: Sølv 10+10 km junior-VM 2007, tre plasseringar blant dei 20 i NM 2009, ein 5.- og to 6.-plassar i noregscupen 2009
FAKTA/CHRIS JESPERSEN
* Fødd: 18. oktober 1983
* Heimstad: Skånevik
* Klubb: Byåsen IL
* Adresse: Trondheim/Skånevik
* Yrke: Langrennsløpar/snekkar
* Sivil status: Sambuar med Liv Miriam Nordtømme
* Merittar: Gull 30 km friteknikk junior-VM 2003, 13.-plass verdscup Gällivare 2008, 5.- og 7.-plass og gull stafett frå NM