Nedtur for Stord
Bodø-Stord 30-27: Gjekk på sitt niande tap for sesongen.
AV: øystein vik
Les også:
Stord tapte onsdag kveld sin niande kamp for sesongen. Bodø, som ligg på nedrykksplass og kjempar for å halda seg oppe, vart for sterke på heimebane. Stord vann sist kamp, men gjekk altså på ein ny smell onsdag kveld.
- Me var bakpå heile kampen og sleit med å finna rytme i forsvarsspelet vårt. Me vart for stasjonære, og for det vart me straffa, seier Bjarte Salomonsen.
Han tok over som trenar etter at Mika Nurmi fekk sparken i månadsskiftet februar-mars.
Stord hadde gullambisjonar før jul, no er målet å koma med i sluttspelet. For å klara det, må laget klatra frå niandeplassen dei innehar no til minst åttandeplass.
- Me er veldig lystne på å vera med i sluttspelet, og slik eg ser det treng me vinna dei tre siste kampane våre for å vera sikre på å koma oss med der. Det er den siste sjansen me har til å kjempa om å vinna noko denne sesongen, seier Salomonsen.
Han utpeikte Øyvind Nyhammer, som scora sju mål, til Stords bestemann mot Bodø.
- Det er kjekt at trenaren seier det, men det hjelper lite når me taper, seier Nyhammer.
Nyhammer deler trenar Salomonsens analyse av at det først og framst var forsvarsspelet som svikta mot Bodø.
- Det vart for store mellomrom i firarblokka. Vanlegvis har me eit veldig godt forsvar, men ikkje i dag. Alle kan ha ein dårleg dag på jobben. Hadde kampen vore i morgon, hadde det kanskje vore annleis, seier Nyhammer.
Les også
Siste fra Håndball
Relaterte bilder
HADDE GULLAMBSJONAR: Nå er målet å koma med i sluttspelet. ARKIVFOTO: JARLE KALDRÅSTØYL, BLADET SUNNHORDLAND