• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    DOBBELT STUNT.

    Fallskjerm og snøscooter i aksjon for reklamefilmopptak i Myrkdalen. Sjå glimt frå opptaksdagen. VIDEO: Arne Hofseth.

    VIDEO:

  • «SINNSSJUKT»: Truleg er eit slikt stunt aldri gjort av nokon før.

    FOTO: RUNE SÆVIG

Det ultimate stuntet

Ein ilter snøscooter slår salto frå eine snøhaugen til den andre. Innunder kjem ein fallskjermhoppar swoopande 
i vanvittig fart.

Etter ei rekke prøver kvar for seg, er den lokale fallskjermhoppar Bjørn Magne Bryn og snøscooterakrobaten Jostein Stenberg frå Horten klare til første synkroniseringstest. Det er til å mista pusten av.

-  Du var mellom eitt og to sekund for tidleg, seier ein av dei mange kamerafolka.

-  Eg har ikkje brems, Jostein må starta litt tidlegare, repliserar den dristige vossingen.

Klart for test nummer to. Stenberg speidar mot himmelen. Bryn og kamerakompis Martin Christensen frå Danmark har hoppa ut frå helikopteret oppunder det høge, flortynne skylaget.

-  Fokuser på den raude skjermen, kommanderer regissøren, ingen ringare enn Aksel Hennie, mest kjend som skodespelar.

Den raude skjermen gjer nokre avtalte svingar i 1500 fots høgde, og set kursen for snøhaugane. Samstundes skyt scooteren fart. I svimlande høgde slår han salto, samstundes som fallskjermen kostar forbi under.

-  Perfekt

«Sinnssjukt», «dritkult» og alt som finst av nymotens adjektiv gir gjenlyd i snøen på Ondranuten, like bak toppstasjonen for den seksseters stolheisen i Myrkdalen.

Der har fleire prepareringsmaskiner jobba i dagevis med bygging av svære snøkulisser.

Aktørar og fotografar hyler uhemma av glede, klaskar handflater saman, og omfemnar
 kvarandre.

-  Perfekt.

Kommentaren frå Bjørn Magne Bryn er kort og nøktern.

-  Og korleis føles det?

-  Relativt deilig.

- Berre relativt?

-  Eg føler ei enorm lette. Akkurat no har eg ei ubeskriveleg meistringskjensle, seier Bryn.

Men Aksel Hennie har ikkje tenkt å ta kvelden sjølv om det prefekte stuntet kom på andre forsøk.

-  Vi gjer nokre hopp til, så vi er sikre på å få gode bilete frå alle vinklar, seier han.

Kamera er det flust av. Nokre står på stativ, andre er halvt nedgravne i snøen, og eit kamera til tre millionar kroner heng under eit helikopter som flyg synkront med hoppa. Eit kamera på stativ tek 1100 bilete pr. sekund.

Bjørn Magne Bryn vedgår at det er han som har tenkt ut stuntet.

Han er ganske sikker på at det aldri er gjort før. I heile verda.

-  Det dyraste opptaket

-  Dette er nok det dyraste reklamefilmopptaket vi nokon gong har gjort, Det desidert dyraste, seier marknadssjef Thomas Sandaker i telefonselskapet One Call. Men han vil ikkje ut med summen.

-  Kor mykje billegare ville mobiltakstane blitt om de hadde spart desse pengane?

-  Vi tenkjer ikkje slik. Reklame gir oss fleire kundar, og dermed lågare prisar, reklamerer Sandaker.

Marknadssjefen var blant dei lykkelegaste på Indranuten i går. Stuntet vart akkurat så tøft som han hadde innbilt seg. Før påske var heile gjengen her ei heil veke i Myrkdalen utan å få gjort noko. Vêret slo seg vrangt, sjølv om Meteorologisk institutt sine tiårsstatistikkar tilsa at den veka skulle bli årets beste i Voss Fjellandsby. Tryggleiken har førsteprioritet, sjølv om alle aktørane er godt forsikra.

Les også

Siste fra Ekstremsport

Dette har du ikke sett før

Se 360 graders video fra vill tur ned fjellsiden!

Klarte aldri kravet på 60 meteren

Men den seige undervisningsinspektøren fra Bergen knuser til i et av verdens tøffeste triathlon. Se video fra det vanvittige løpet.

- Helt sykt!

Av og til tyner ekstremsportutøverene grensene litt langt. Hold deg fast i tastaturet for et av årets basehopp i Stryn i Nordfjord.

Flyr om kapp over Alpene 

Ivar Sandstå (45) skal fly om kapp over Alpene. Det har ingen nordmann gjort før han.

Når det ekstreme blir for ekstremt

-Noen av de flotteste minnene jeg har er fra flygingen. Men noen er også de mest skremmende.

Frode har mistet 30
venner i basehopp

Han har aldri hatt dødsangst.

Lederstillinger

Stillinger