-
HØGT NIVÅ: 40.000 deltakarar har vært med på 150 motbakkeløp over heile landet i 2011. For dei beste er pengepremiane ein motivasjon, seier Kristen Skjeldal, her i aksjon under Stoltzen Opp i 2009. Årets utgave av Stoltzen Opp arrangeres om 14 dager.FOTO: FOTO: HELGE SKODVIN
Slik blir du betre i oppoverbakke
Fleire og fleire satsar no på motbakkeløp som sin hovudidrett. - Motbakkeløp har truffe den norske folkesjela, meiner Kristen Skjeldal.
AV: øystein vik
Motbakkeløp har tatt av i Norge på 2000-talet, og 2011 ser ikkje ut til å verta nokon i nedtur for ein fersk idrett som er på veg opp og fram. Berre i år ligg det an til at totalt 40.000 deltakarar deltek i over 150 løp over heile landet, ifølgje bladet Kondis.
Motbakkeløpa er for mange små stader årets store hending, og det er vanleg med folkefest og kulturarrangement i tillegg til sjølve motbakkeløpet. Eit krydder for dei 40.000 deltakarane er at det no er i ferd med å veksa fram ein toppidrettskultur ved sidan av "trimklassen". Det vanlege er at trimklassen går opp til toppen før konkurranseklassen, slik at folk kan vera tilskodarar når dei beste kjem springande opp den same løypa dei sjølve har gjennomført.
- Som Tour de France
- Folkefesten rundt løpa er kjempeviktig. Du får nesten ei Tour de France-stemning på toppen når du spring gjennom ein tunnel av folk som står og heiar på deg, sier May Britt Buer.
Buer frå Buerdalen utenfor Odda leiar årets noregscup etter fire av fem løp. Bergensaren Torbjørn Ludvigsen toppar herreutgåva. Begge satsar på motbakkeløp som sin viktigaste idrett. Det gjer dei fire-fem beste i Norgescupen, både på herre- og damesida. Tidlegare har motbakkeløp vore dominert av langdistanseløparar, langrennsløparar og andre som har sprunge motbakkeløp på si.
- Nivået er i ferd med å verta høgare og høgare, seier 33 år gamle Buer.
Støtte frå Friidrettsforbundet
Sidan 2009 har ho satsa som motbakkeløpar, men det må ho gjera kombinert med sin vanlege jobb og ikkje minst rolla som mor. Dermed får ho berre trent ei økt om dagen.
Men det er i ferd med å skje ting innanfor motbakkeløp. Eit motbakkeløpsutval er oppretta innanfor Norges friidrettsforbund (som Buer er medlem av), norgescupen vert arrangert for tredje året på rad, og kvart år sidan 2005 har det vore NM. Leiar for motbakkeutvalet, Jostein Hatteberg, opplever satsingvilje på motbakkeløp i Friidrettsforbundet.
- Men dei opnar ikkje lommeboka på vidt gap før me viser at me kan få til ei satsing sjølve. Me må bruka nokre år på å visa at dette er seriøst.
- Eg ønskjer no å jobba for at me skal få til eit landslag innanfor motbakkeløp og at me kan reisa på høgdeopphold og at me kan førebu oss betre til internasjonale meisterskap, seier Buer. Då ho vart nummer 22 i EM i Tyrkia i år, kom ho til den tyrkiske varmen berre ein dag før konkurransen.
- Appelerer til vanlege folk
Sprek-ekspert og tidlegare langrennsutøvar Kristen Skjeldal omtalar seg sjølv som motbakkeambassadør og har konkurrert lenge i toppen av norske motbakkeløp. Skjeldal deler inntrykket av at konkurransen er i ferd med å hardna til og at fleire satsar på motbakkeløp. Han gler seg også over at motbakkeløpa får så mange vanlege folk ut i naturen.
- Motbakkeløp appelerer veldig til vanlege folk. Det å koma seg ut på tur og opp på ein topp har truffe den norske folkesjela, jo hardare løpet er, jo grommare er det. Samanlikna med andre mosjonsløp er det ikkje så mykje fokus på tida, det er meir det å koma til toppen som betyr noko.
Skjeldal trur at det for dei beste er ein motivasjon med pengepremiane som vert delt ut i motbakkeløp. Vinnaren kan ofte ta med seg 10.000 kroner, og fleire løp deler totalt ut 100.000 kroner til dei beste løparane. Han gir også Friidrettsforbundet honnør for at dei beste utøvarane no vert sendt til internasjonale meisterskap.
- Men me er likevel nokre år unna profesjonelle utøvarar innanfor motbakkeløp. Hvis folk skal leva av dette, er dei avhengige av fleire sponsorar, og det kjem igjen an på medie- og TV-dekning.
Ønskjer hyppigare dopingkontrollar
Dopingkontroll skjer så godt som aldri på norske motbakkeløp. Antidoping Norge avviser at motbakkeløp er ei frisone for dopingmisbruk. Verken motbakkeløpar May Britt Buer eller leiar i motbakkeutvalet Jostein Hatteberg kan hugsa ein dopingkontroll i samband med eit motbakkeløp.
- Eg saknar at me vert sett på lik linje med andre idrettar når det gjeld dopingkontroll. Det burde vera heilt naturleg å testa dei beste utøvarane. Når motbakkeløp no er på veg til å verta ein seriøs idrett, må dopingkontrollen koma på bana, seier Buer som leiar noregscupen.
- Eg har ikkje mistanke mot nokon, men det er å syna respekt og rettferd overfor utøvarane at me kan vera sikre på at idretten er rein. Motbakkeløp er ein kondisjonsidrett, og me ser i andre slike idrettar at det er doping, seier Buer.
Anders Solheim, leiar i Antidoping Norge, seier det har vore dopingkontrollar under løpa Skåla Opp og Tryvann Opp. Han understrekar at testing utanfor konkurranse også er aktuelt.
- Me vurderer kontrollar fortløpande innanfor motbakkeløp på linje med andre idrettar. Det er viktig for oss at reine utøvarar skal kjenna seg trygge, seier Solheim.
- Eg vil seia det slik at det kan tenkjast at me dukkar opp på motbakkeløp. Akkurat som med ein trafikkontroll, er det ein sjanse for at det kan skje, held Solheim fram. Han er glad for at Buer ønskjer dopingkontrollørane velkomne.
Under nasjonale konkurransar er det Antidoping Norge og Kulturdepartementet som tek rekninga for dopingkontrollar. På internasjonale arrangement må arrangøren sjølv betala for kontrollane.
Antidoping Norge har 45-50 personar som er involvert i dopingkontrollar. Desse er på i underkant av 1000 kontrollar i norsk idrett pr. år.
Les også
Siste fra Sport
Tren i bakkar og tren intervall på fire minutt med eitt minutts pause. Ti repetisjonar.
Tren mengde. Langturar oppe i fjellet på rundt 1000 høgdemeter i kupert terreng er bra.
Varier treninga for å avlasta beina. Gå til dømes langrenn om vinteren.
Ver lettast mogleg, men ikkje slank deg slik at du mister muskelmasse.
Ha eit godt kosthald. Spesielt lange økter krev mykje energi.
For å koma på eit høgare nivå, må du ha famile og vener rundt deg som støttar deg.
Relaterte bilder
MOTBAKKEDRONNING: May Britt Buer (til v.) leiar motbakkecupen i år. Her står ho ved sidan av orienteringsspesialist Mari Fasting. FOTO: Eivind A. Pettersen