Jenny Følling (Sp) blir fylkesvaraordførar. Sp, som med Nils R. Sandal har hatt fylkesordføraren i 12 år, misser dermed den mest symboltunge politiske posisjonen i fylket.

Det blei lange forhandlingar etter eit svært spennande fylkestingsval i Sogn og Fjordane. Lenge såg det ut til at Sp og Ap skulle ende nesten på dødt løp, men med eit kjempeval i heimkommunen Flora sikra Kjelsnes at Ap blei det største partiet med 11 mot Sps 10 mandat. Det blei nok avgjerande for at Følling til slutt gav etter ved forhandlingsbordet.

Til gjengjeld frå Sp tre av medlemene i fylkesutvalet mot Aps to. Sp får også leiarane i to hovudutval, samferdsle og kultur. Ap må nøye seg med eitt slikt bein, hovudutvalet for plan og næring. SV får leiarvervet i hovudutval for opplæring.