No er jenta oppe i sitt livs marerit. Frå brua på båten ser ho ned på hundrevis av flyktningar, som ligg på dekk — mange av dei alvorleg sjuke.

Samtalen broten

— Grete ringde heim siste gongen i 18-tida tysdag. Ho ba oss, foreldre og tre søsken, ikkje vera redde, fortel faren Odd John Bugge til Bergens Tidende.

— Grete ringde også søndag kveld og fortalte at ho ikkje kom heim som planlagt denne veka. Alt då forsto vi at det var noko på gang om bord.. Men samtalen vart broten før ho fekk sagt det ho ville. Først måndag morgon i nyheitene fekk me vite kva som hadde hendt på «Tampa», seier faren til BT.

Munnkorg

— Kva sa Grete tysdag kveld på telefonen? - Berre at vi ikkje måtte vera redde. Ho hadde det bra. Det var alt. For mannskapet har ikkje lov å seia noko som helst om situasjonen. Men eg trur eg oppfatta at Grete var mest redd for korleis det ville gå med flyktningane; kvinnene og barna om bord, seier Odd John Bugge.

Jenta steig raskt

Grete er utdanna styrmann i Horten. Første jobb var som 2. styrmann på Wilhelmsen-skipet «Tanga». Men ho steig raskt. Frå i sommar tok Grete over som nestkommanderande og 1. styrmann på «Tampa». Då var ho nett heimom i Sogn i to dagar, før skiftet til 1. styrmann.

28. august skulle Grete ha landa på Sogndal lufthamn, klar for fire månader fri etter fire og ein halv månad på havet.

Telefonstorm til Sogn

— Når ikkje Grete kan orientere oss er det svært flott at rederiet er flinke til å kontakte oss per telefon, seier Odd John Bugge. Dei to siste døgna har det vore ein telefonstorm til mor og far Bugge på Ornes i Luster, frå inn- og utland.

— Det har vore eit vanvittig trøkk, fortel dei..

— Vi berre håpar at dette snart må finne ei løysing, seier Odd John Bugge til BT. Då hadde han nett fått meldinga om at Australia vil tvinge «Tampa» ut igjen i internasjonalt farvatn.

TØFF JOMFRUTUR: Grete Bugge (26) frå Luster har tidlegare jobba som 2. styrmann i reiarlaget Wilhelmsen. Dette var fyrste turen som 1. styrmann.