HILDE KRISTIN STRAND

— Det var fantastisk å sjå utover heile Shanghai. Å sveva i fritt fall gir kjensle av fridom, seier basehopparen.

Bryn er i Kina i samband med nasjonaldagsfeiring der. Saman med 31 andre basehopparar frå heile verda, åtte av dei norske, var han spesielt invitert av hotelleigaren til Shanghai Jin Mao Tower.

— Me skulle halda eit show for publikum. Det var 300.000 tilskodarar på staden, og 500 millionar andre kunne sjå hendinga på fjernsyn, seier Bryn.

Den norske attacheen bad nordmennene om å gjera noko litt ekstraordinært. Sjølv hoppa Bryn med vossabunad frå det 421 meter høge bygget. Kameraten hans, Andrè Bach, hoppa med ein laks som Bryn overleverte attacheen etter landing.

— Etterpå hoppa eg med vingedrakt, som gjer at eg flyt lenger i lufta. Då eg hadde landa fekk eg vita at eg hadde sett ny verdsrekord i hopp frå bygning, med 12 sekund i fritt fall, seier Bryn.

— Dette er det flottaste hotellet eg har hoppa frå, legg han til.

Vossingen har 200 basehopp (hopp frå stilleståande objekt) bak seg. I tillegg har han drive med fallskjermhopping sidan 1998.