Inspektør Svein Rimestad i Mattilsynet i Sunnhordland minner villsaueigarane om tilsynsplikta, og oppfordrar til fôring. Sauen greier ikkje å skaffa seg nok mat på eiga hand i den unormalt lange vestlandsvinteren.

— Normalt skal småfe på utmarksbeite ha tilsyn ein gong i veka. Under spesielle forhold som vi har no treng dei endå meir tilsyn, seier Rimestad.

Mattilsynet har i det siste fått mange uromeldingar frå folk som fryktar at utegangarane skal svelta. Gjennom lokalavisa Marsteinen i Austevoll har inspektør Rimestad oppfordra saueeigarane til å fôra dyra.

I Austevoll og Fitjarøyane finst truleg ein femdel av landets rundt 20.000 villsauer.

— Det er ingen tvil om at denne vinteren krev ekstra innsats. Eg fôrar no sauene våre på Fodno tre gonger i veka, seier saueeigar Bård Inge Sørfonn i Fitjar.