TERJE ULVEDAL

— Eg syns dette er utruleg firkanta. Norske styremakter har sagt at nasjonen skal hjelpe så det verkeleg monnar. Kvifor kan ikkje då vi som går utan arbeid og har lyst til å gjere ein innsats, få lov til det?, spør Iversen.

Svaret frå Aetat er krystallklart: - Eit slikt unntak er ikkje foreinleg med reglane for å motta arbeidsløysetrygd, seier fylkesarbeidssjef Tommy Johansen i Hordaland.

Melde seg etter nyttår

Alt då Karsten Storm Isaksen høyrde om naturkatastrofa i romjula, tok han til å sysle med tankane om å melde seg som hjelpemannskap.

— Katastrofen gjorde eit stort inntrykk. Eg er motivert for å reise ned å hjelpe. Ikkje minst tenkjer eg på alle ungane som no har det vanskeleg. Eg har ei dotter sjølv, så for meg er det lett å forstå kor vanskeleg borna må ha det, seier Iversen.

Han har bakgrunn som kokk, har jobba innanfor fiskerinæringa og vore tilsett som lagerarbeidar.

— Eg har ein relativt variert bakgrunn frå arbeidslivet, og trur eg kan gjere nytte for meg på fleire felt i det omfattande hjelpearbeidet som er sett i gang.

Rett etter nyttår tok han kontakt med Aetat. Dei gjorde det klart at han gjerne måtte reise, men at dagpengane ville bli tatt frå han.

— Innanfor EU/EØS-området kunne eg reist i tre månader utan konsekvensar. Slik praksis er i dag kan ein arbeidslaus «søkje jobb» i tre månader innanfor EU, og behalde stønaden. Det ville vel ikkje vere urimeleg om denne ordninga i ein så spesiell situasjon blei utvida til å gjelde dei asiatiske landa som blei ramma av tsunamien, meiner Isaksen.

Forstår reaksjonen

Fleire arbeidssøkjande har vendt seg til Aetat med det same spørsmålet som Iversen. Fylkesarbeidssjef Tommy Johansen seier han forstår reaksjonen, og skjønar at mange oppfattar regelverket som firkanta.

— Det er gitt dispensasjon for pårørande. Dersom dei ønskjer å dra til dei katastroferamma områda, opprettheld vi stønaden for ein periode på tre veker.

— Men kvifor er det uråd å gjere unntak for arbeidsledige som vil reise ut som hjelpemannskap for humanitære organisasjonar?

— Eg syns det er veldig flott at folk vil hjelpe. Men arbeidsløysetrygd er ein mellombels stønad, og det skal heile tida søkjast etter arbeid til mottakaren. Dersom det dukkar opp eit tilbod medan arbeidssøkjaren er i Asia, vil han ikkje kunne ta jobben, seier Johansen.

Delegat for Røde Kors

Til Bergens Tidende seier Karsten Storm Isaksen at han har vore i kontakt med Røde Kors.

— Eg kan søkje om å bli delegat for dei. Dersom søknaden blir akseptert, kan eg dra nedover. Men då blir det Røde Kors som betaler løna mi, i praksis med pengar som er samla inn for å hjelpe flodbølgjeofra. Eg føler det på ein måte som eg tek pengar frå dei som treng det mest, seier Iversen.

Han har framleis eit håp om at Aetat skal snu. For som han seier, det må jo vere fornuftig å ha noko fornuftig å gjere også som mottakar av dagpengar. Men dersom reglane ikkje blir endra, kjem Iversen truleg til å søkje om å bli Røde Kors-delegat.

— Eg vil helst til Indonesia eller Sri Lanka. Det er dei to landa eg trur har størst behov for hjelp.