TERJE ULVEDAL

Då bukken finn ut at er vi nær nok, snur tvert om, gjer eit byks, bles i nasen og legg i veg luntande bortetter bakkane. Resten av flokken følgjer etter.

Det kunne vore ein villreinflokk på vidda ein stad. Men vi er ikkje på høgfjellet, og det er ikkje rein. På Kvist i Balestrand rår geitene grunnen, ville geiter. I det som sannsynlegvis er bortimot 100 år, har den unike geitestamma utvikla seg i dei stupbratte og sørvende fjellsidene ned mot Sognefjorden.

Ingen veit kor mange dei er. Men Mattilsynet meiner talet på dyr har auka kraftig siste åra. Så mange er dei blitt at tilsynet no meiner flokken må slankast.

Kom ikkje heim att

Historia om villgeitflokken starta med at det no nedlagde småbruket fekk nye eigarar i 1909. Dei nye brukarane kom frå sørsida av fjorden, og tok med seg dyra sine. Alt før dei kom til Kvist, skal geitene ha vore vane med å gå ut mest heile året.

— Dei blei mjølka til rundt 1940. Deretter var det slutt, fortel dagens eigar av bruket, og dermed også eigar av dei ville geitene, Laila Sæter Sørebø.

Men historiene om den unike flokken er mange. Det finst dei som meiner å vite at det var ein gong mellom 1920 og 1930 at det tok til - i det små. Nokre geiter skapte seg vanskelege for bonden på Kvist. Dei ville rett og slett ikkje til gards att. Så blei det til at dei gjekk ute ein vinter. Og hausten etter var dei ikkje nett enklare å få i hus for geitebonden.

Dyra treivst i det fri. Om somrane trekte dei opp i høgda, til saftige fjellbeite. I vinterhalvåret tokka dei seg nærare sjøen. Området har tradisjonelt lite snø om vintrane, og geitene levde godt på bork, nyrenningar og det dei elles måtte finne av etande. Og dei tok seg gjerne ein tur i fjøra for å forsyne seg av tang og tare.

30 eller 200

Slik utvikla det seg. Dei sterkaste overlevde, og flokken vaks. Det som var nokre få dyr, blei sakte men sikkert til fleire. På 1980-talet ein gong hadde dei blitt så mange at flokken blei redusert. Med hjelp av ein snøtung vinter fanga eigaren inn ein god del, og sende dei til slaktehuset. Ordet går framleis om at slakteriet verken før eller seinare har fått i hus så flotte skrottar.

Kor mange individ villgeitflokken tel, har ingen klart oversyn over. Laila Sæter Sørebø meiner stamma held seg stabil. Ørna forsyner seg av kje kvart år. Og i det siste har eigaren teke ut nokre dyr kvar vinter. Mest gamle dyr, men også ein del unge.

— Vi brukar kjøtet sjølve, fortel Sæter Sørebø.

Aldri vore teljing

Torstein Kongslien i Mattilsynet meiner derimot flokken er blitt større. Han trur det no er kring 100 geiter.

Naboen, Norodd Baug, meiner det kan vere endå fleire, kanskje nærare 200 enn 100.

— Men det har aldri vore noko teljing. Så desse overslaga blir for meg litt som «tenk på eit tal», seier Baug.

Han har forresten stort sett berre godord å seie om villgeitene.

— Sjølvsagt kan dei vere litt til plage, mest om våren. Det er jo ikkje nett lett å gjerde for geiter, då. Men vi må også sjå på at desse dyra gjer ein kjempejobb i skogen. Her inne hindrar dei attgroinga som skjer overalt elles, seier Baug.

Geit er husdyr

Når Mattilsynet vil ha eit ord med i laget om villgeitene på Kvist, er grunnen at her i landet er geit husdyr. Og med husdyr har tilsynet ansvar for å føre tilsyn.

— Vi meiner stamma er blitt for stor. Dyra spreier seg over større område, både innover og oppover. Når dei blir spreidde, blir det vanskeleg å halde kontroll slik vi gjerne vil, seier Kongslien.

— Men dette er jo ville dyr. Og dei ser ut til å ha det som kongen på haugen?

— Ja, dei er store, fine og spreke. Men geit er eit husdyr, og vi har eit regelverk å halde oss til, seier Kongslien.

Han vil no påleggje eigaren å ta ut ganske mange av dyra. Mattilsynet meiner flokken bør telje kring 30 geiter. Då vil stamma vere levedyktig. Dersom tilsynet då har rett i sitt anslag om at det er kring 100 ville husdyr i området, må det altså fjernast 70 dyr.

— Til vinteren må det bli gjort forsøk på å samle dyra, seier Kongslien.

— Men det er vel ikkje nett lett å sanke desse geitene. Kva om det ikkje går?

— Då meiner vi at det må skytast dyr.

Turistattraksjon

— Geitene greier seg veldig godt, seier eigar Laila Sæter Sørebø. - Om vintrane køyrer vi ut høy til dei. Og vi passar alltid på å leggje ut greiner som dei kan ete bork av. Det likar dei veldig godt, seier villgeiteigaren.

Ho legg ikkje skjul på at ho meiner tilsynet overdriv. Hadde geitene vore så mange, ville det vore langt fleire å sjå nede ved vegen.

— Eg trur desse geitene har det langt betre enn mange av dei som står inne, seier Sørebø.

Villgeitene er største turistattraksjonen på Kvist. Dei som køyrer vegen mellom Balestrand og Høyanger, stoppar ofte for å studere geitene som går i fjellsida over riksvegen. Det hender til og med at bussane stoppar.

Og er det snø om vintrane, kjem dei vegfarane titt og ofte i nærkontakt med dyra. Då hender det at geitene spankulerer langs riksvegen. Bilar affiserer dei nemleg ikkje. Men stoppar ein, og folk kjem ut, forsvinn dei fortare enn svint over brøytekantane.

— Det kan jo vere litt skummelt for trafikken at geitene går i vegen. Men det er svært sjeldan at det har skjedd noko, seier nabo Baug.

I utkanten av bøen, oppe ved skogkanten, stoppar flokken. Dei 13 geitene snur seg, kikar ned på oss tobeinte, og forsikrar seg om at vi er på forsvarleg avstand. Snart dreg dei til fjells, ein ny sommar ventar i det fri. For mange av dei kan det bli den siste, om Mattilsynet får viljen.

TURISTATTRAKSJON: Mange har teke bilete av villgeitene når dei går og beiter i bakken ovanfor bilvegen.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH
VILLE I SNART 100 ÅR: Geitene på Kvist har vore utegangarar i generasjonar. No meiner Mattilsynet at flokken er blitt for stor. Til vinteren må dei sankast for å få redusert stamma. Går ikkje det, kan det bli geitejakt på Kvist.
UTAN BORK: Rognegreinene er gnaga så godt som frie for bork. Geitene hindrar attgroing på Kvist.