Eit sjukehus, FNs hovudkvarter og eit nødhjelpslager vart i går råka då Israel trappa opp krigen inne i Gaza by. Panikkslagne sivile hadde ingen stad å flykte.

— Dette blir berre verre og verre. Folk er veldig redde, særleg barna er råka av rein frykt og panikk, seier nødhjelpsleiaren i hjelpeorganisasjonen Care i Gaza.

  • Det er som i helvete. Vi høyrer skyting overalt, og vi har høyrt stridsvognene. Vi veit ikkje kvar vi skal dra. Eg har ingen moglegheit til å flykte no, seier Yazdan Amawi til NTB.

Les dagens leder:

Å dømme en konflikt

Minst 70 drepte

Krigen i Gaza kravde i går minst 70 menneskeliv, ifølgje palestinske sjukehuskjelder. Rundt 1100 palestinarar er til no drepne sidan Israels offensiv byrja 27. desember.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon var skaka over åtake på FN-hovudkvarteret, der 700 palestinarar hadde søkt tilflukt.

Både i og utanfor Israel kjem det no stadig fleire skuldingar om at Israel gjer seg skuldig i alvorlege krigsbrotsverk i Gaza. I ein kronikk i dagens BT tek høgsterettsdommar Ketil Lund, UiB-forskar Terje Einarsen og advokat Jan Borgen til orde for at krigsforbrytarar på begge sider i konflikten blir stilt for ein internasjonal straffedomstol.

— Vi meiner det er viktig at ein no bringer inn det strafferettslege aspektet av det som skjer, seier Ketil Lund.

Les kronikken her:

En internasjonal straffedomstol for Midtøsten

USA seier truleg nei

Dei tre juristane foreslår at Tryggingsrådet i FN anten oppnemner ein eigen spesialdomstol, slik som etter krigen i Jugoslavia. Alternativt kan partane stemnast for Straffedomstolen i Haag, noko som òg krev eit vedtak i Tryggingsrådet. Dei meiner at Noreg bør ta initiativet til ei slik straffeforfølging.

Generalsekretær Petter Eide, som i BT i førre veke skulda Israel for alvorlege krigsforbrytingar, støttar forslaget. Men han meiner det er viktig at Straffedomstolen i Haag får jobben. Om det let seg gjennomføre, er likevel tvilsamt.

— Det skal politisk sett mykje til for at USA aksepterer at generalar i Israel, eller forsvarsminister Barak, blir stilt for retten. Men dei kunne til dømes gjort det etter bombinga av sjukehuset i dag, seier han.

- Kan skje på sikt

Som Israel har USA ikkje akseptert Straffedomstolen i Haag. Det må difor ei radikal endring i amerikansk politikk til for at dei tre juristanes forslag skal bli realitet.

Ketil Lund er sjølvsagt klar over dette, men meiner det er viktig å få i gang debatten.

  • Dei fleste er samde om at det ikkje er mogleg på kort sikt, men det er viktig at tanken blir lansert og kan modnast. På lengre sikt trur eg den har vesentleg større sjansar for å vinne gehør, seier han.

- Mislykka diplomati

Dei tre meiner det er på tide å forlate linja med å skape fred gjennom diplomati, «etter 60 år med mislykkede forsøk», som dei skriv i kronikken. Dei meiner ein domstol vil ha større sjansar for å skape fred, og begrunner det slik:

  • Det langsamt fjernar grobotnen for kollektiv tenking om kvarandre ved at ugjerningane blir plassert på einskildindivid.
  • Eit nytt leiarskap kan vekse fram på begge sider når det gamle blir dømt.
  • Det vil skape grobotn for respekt for menneskerettane innanfor både Israel og ein palestinsk stat.
MOHAMMED SABER