Omlegging av trafikken og avgrensingar av fri ferdsel har dempa bråket litt frå valfartande nordmenn, tørste på svenskeøl og sterkare drikkevarer, opplyser NRK. Men framleis er problemet så stort at mange ikkje vågar å kome til byen med barna sine, seier Martin Englund, sjef for det eine av Strömstads to Systembolag, til den svenske avisa Expressen.

Saman med Claes Halvords, butikksjefen for det andre Systembolaget i byen, har dei foreslått å stenge vinutsala for å stanse mengdene av fulle og bråkete nordmenn som køyrer rundt og griser til Strömstad frå tidleg til seint skjærtorsdag.