EYSTEIN RØSSUM

eystein.rossum@bergens-tidende.no

Det er kommunalavdeling teknisk utbygging som har søkt om å få rive trehuset i Kalfarveien 20. Villaen er ein del av Gamle Betanien sykehus, og har stått tom sidan 1991. Kalfarveien 20 er i dag murforblenda, men byantikvar Siri Myrvoll går sterkt imot planen. Huset er teikna av dåtidas fremste arkitekt i Bergen, Ole Peter Riis Høgh, på oppdrag frå amtmann Jan Schytz, og vart oppført av førsteklasses materialar.

Stor klassisist Riis Høgh var ifølgje byantikvaren ein av landets fremste klassisistar, og teikna i same tidsperiode både Norges Bank, Katedralskolen, Bergen Museum og De søfarendes fattighus. Kommunen har gjennomført ei antikvarisk kartlegging av bygget — ein rapport som ifølgje Myrvoll viser at både hovudkonstruksjon og viktige detaljar i interiøret er bevart. Det skal heller ikkje vere påvist alvorlege bygningsskader, trass i at taket har vore lekk i lang tid. Myrvoll er tvert imot overraska over at huset er i såpass god stand. Bystyret i Bergen har tidlegare bestemt at det skal byggjast ut 30 sjukeheimsplassar på denne adressa. Kommunalavdeling for teknisk utbygging har kome fram til at det er vanskeleg å bruke det gamle trehuset som sjukeheim i dag.

Går imot riving Myrvoll meiner likevel dette ikkje er eit godt nok argument til å rive: "Kalfarveien 20 er et av Bergens verneverdige bygg som burde vært behandlet på linje med fredete anlegg", skriv Myrvoll, som også har sendt saka vidare til fylkesantikvaren. Bygningsrådet skal ta stilling til rivingssøknaden 27. januar. Administrasjonen i Kommunalavdeling for byutvikling går inn for at politikarane ikkje skal gje grønt lys for riving utan vidare, og ber om at et blir lagt ned byggje- og deleforbud inntil vidare.