• Er det ei sak eg ville prosedere lågmælt, så er det denne saka, sa forsvararen for den andre tiltalte i Beheim Karlsen-saka.

PER MARIFJÆRENper.marifjaeren@bt.no

Advokat Knut Storberget starta si prosedyre på ein kjenslevar måte, men var likevel heilt klar i si sak: Også den andre tiltalte i saka må frifinnast.

Bjørneteneste mot antirasisme — Er det ei sak i løpet av de siste åra som eg ville prosedere lågmælt, så er det denne saka. Eg vil ikkje degradere den problematikken som ligg som eit bakteppe for denne saka, sa Storberget i si innleiing.

— Det har ikkje vore noko antirasistisk hysteri hjå folk flest, familien og andre, det har vore eit sunt opprør.

Men, påpeikte forsvararen, dette fordrar at alle involverte samfunnsautoritertar i denne situasjonen ser til at vi hegnar om nettopp dei rettsreglane vi ønsker å smykke oss med i festtalar.

— Eg er redd vi gjer kampen mot rasisme ein stor bjørneteneste dersom vi brukar slike beviskrav som statsadvokaten gjer i denne saka. Det er domstolens oppgave i ei slik sak å vere enda meir bevisst enn vanleg på dei klassiske rettsikkerheitskrava, sa Storberget.

10-20 sekundar Storberget drog opp bakteppet for saka, med stemningsbølga som skylla over landet etter Holmlia-drapet.

— I strafferetten gjeld andre bevisbyrdereglar enn i andre samfunnsfora. Ønsket om handling og reaksjon må ikkje føre til at vi slakkar på dei beviskrava vi må stille i eikvar sak, sa forsvararen.

— Spørsmålet er om vi har tilstrekkeleg bevis for at tiltalt har utført dei handlingane han er tiltalt for. For min klient er saka rimeleg enkel. For han handlar det straffbare forholdet om ein aktivitet som tok mellom ti og tjue sekundar. 60-70 meters løping skal gje to års fengsel, meiner aktor. Eg påstår at det ikkje er spesielt å løpe til når noe skjer, det er i strid med mi rettskjensle at desse ti-tjue sekundane no skal gje to års fengsel. Vi skal vurdere kva som skjedde inne i hovudet hans når det skjedde, om han kunne ha noko forsett.

Ikkje oppklara Storbergets hovudpoeng er at bevisa i saka ikkje held mål, særleg ettersom aktor baserer seg på fleire usikre og sprikande vitnemål.

— Denne saka er faktisk ikkje oppklara. Vi veit ikkje kva som førte til Arves død.

Prova var ikkje gode nok ved varetektsfengslinga, og fleire bevis er ikkje kome til sidan den gong, påpeika forsvararen.

Om klienten sin sa Storberget:

— Han levde eit heilt normalt velfungerande liv fram til 23. april 1999. To års fengsel, slik statsadvokaten vil ha, ville innebære ei katastrofe for klienten min.