• Vi har strekt oss langt. Vi ønskjer å legge press på andre land, også NATO-land, til å yte meir både militært og humanitært.

Dette seier utanriksminister Jonas Gahr Støre til Bergens Tidende.

Klart press

Støre gjev uttrykk for at den norske regjeringa er misnøgd med bidraga til gjenoppbygging og humanitær innsats frå andre NATO-land.

På spørsmål frå BT stadfester han at nei'et nå til å sende ytterlegare norske styrkar også er meint som eit klart press for å få andre NATO-land til å yte meir.

— Vi har påteke oss eit stort ansvar i nord, og det er viktig at vi er der for å stabilisere situasjonen. Eg kjem nettopp tilbake frå Afghanistan og det er ei eintydig oppfordring der for at alle må bidra meir med tiltak på den sivile sida, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen til Bergens Tidende.

- Inga militær løysing

— Det finst inga einsidig militær løysing i Afghanistan. Den militære innsatsen må fylgjast opp med bygging av samfunnet. Det er eit avgjerande vilkår for å stabilisere situasjonen og kome ut av dei militære problema, at ein aukar tempoet i gjenoppbygging og betring av levevilkåra til folket i Afghanistan, seier Støre.

Dette er heilt i tråd med kva Afghanistan-eksperten, seniorforskar Arne Strand, uttala i intervju med Bergens Tidende i går. Store militære styrkar kan ikkje gje ei løysing. Han påpeika at det er heilt avgjerande å få lokalbefolkninga med seg. For kvart nytt tap av sivile menneskeliv, aukar mobiliseringa mot NATO.

Støre poengterer at han seinast under møte med verdsbanksjefen, Paul Wolfowitz, i Oslo i førre veke, understreka behovet for kraftigare trykk og innsats i gjenoppbyggingsarbeidet i Afghanistan.

— Vi må ha auka fokus på gjenoppbygging.

Støre viser vidare til at han har sett den nyleg avgåtte norske NATO-ambasadøren, Kai Eide, til å arbeide med desse oppgåvene.

Militærinnsatsen

Samstundes påpeikar Støre at den norske styrken i Afghanistan nå teller 518 mann. Det er 100 meir enn då regjeringa overtok etter Bondevik-regjeringa. Han legg til at Noreg saman med Nederland, i høve til folketalet, er det landet som har den største kontingenten under ISAF-kommando i Afghanistan.

NATO har fått beskjed om at Noreg ser heile Afghanistan under eitt. Det er såleis ingenting i vegen for å setje norske styrkar inn i sør, som er det ynskjemålet som har kome frå NATO der NATO er hardast pressa.

Støre avviser ikkje at det kan bli aktuelt å overføre norske styrkar frå nord til sør i landet.

— Det er ingen fløyelseoperasjon å vere i nord heller. Eg minner om kva som skjedde i Meymaneh i februar. Vi meiner nå vi bør vere i nord der vi kjenner situasjonen og har utstyr på plass, legg Støre til.

Tysdag skal Støre og Strøm-Erichsen orientere og forsvare seg i Stortinget.

Junge, Heiko