Det er etter det Bergens Tidende kjenner til situasjonen framfor tilsettingane i dei ledige politimeisterembeta.

Berre ei kursendring frå ei ny regjering vil kunne endre dette opplegget.

Etter planen skal alle dei 18 ledige politimeisterembeta gå i statsråd fredag 2. november. Det er Kongen i statsråd som formelt avgjer kven som får kva.

Kinkig

Wegner er i den kinkige situasjonen at han er blitt «fristilt» i den jobben han sit i gjennom den omorganiseringa av politidistrikta som Stortinget har vedteke. Hordaland og Bergen blir slege saman til Hordaland politidistrikt. Dermed vart han tvinga til å søke på ny dersom han ville halde fram som politimeister. Men uansett utfall er han, som dei andre politimeistrane som ikkje får ny utnemning, garantert å få oppretthalde løn, tittel og kontor.

Tre sterke søkarar peikar seg ut mellom dei som har søkt jobben i Bergen. Forutan Wegner gjeld det førstestatsadvokat Walter Wangberg og ekspedisjonssjefen i politiavdelinga i Justisdepartementet, Vidar Refvik. Wegner er 60, dei to andre er begge 52.

Hint til Wegner

Gode kjelder opplyser til Bergens Tidende at Wegner, før søknadsfristen var ute, skal ha blitt informert om at Refvik kom til å søke jobben i Bergen.

Føremålet med å orientere Wegner skal ha vore å la han forstå at han kanskje burde avstå frå å søke — for å unngå å «la seg slå» av Refvik. Wegner avslår å svare Bergens Tidende på om han har fått hint om at Refvik kom til å søke. Han vil heller ikkje kommentere situasjonen eller utsiktene til å få jobben. Han stadfester at han har vore inne til intervju.

Refviks problem

Refvik er på si side i den situasjonen at det er lite att av innhaldet i ekspedisjonssjefjobben hans etter at Politidirektoratet har overteke det meste. Samstundes har Refvik søkt to leiarstillingar som han ikkje har fått. Det gjeld jobben som sjef for Politidirektoratet, som gjekk til politimeisteren i Oslo, Ingelin Killengreen.

Og det gjeld jobben som politimeister i Oslo etter Killengreen. Den gjekk til økokrimsjef Anstein Gjengedal.

Vurderinga er nå den at når Refvik på ny har søkt seg nytt embete, «må» han få jobben ý eller i det minste ha fått klare signal om at han har gode utsikter til å få jobben.

— Det er grenser for kor mange jobbar ein ekspedisjonssjef kan søke, utan å nå opp, som det blir formulert overfor Bergens Tidende. Asker og Bærum

Etter at søknadsfristen var ute på dei 17 embeta som vart lyst ledig som fylgje av distriktsendringane, vart også Asker og Bærum politidistrikt lyst ledig. Wegner let vere å søke dette embetet, og satsar på eitt kort: å bli verande i Bergen.

«For skams skuld» må nokre av dei nye politimeistrane vere kvinner.

Rykta vil nå ha det til at fengselsdirektør Ellinor Houm er tiltenkt jobben i Asker og Bærum. Narkotikasjefen i Oslo, Christine Fossen, skal vere blinka ut for politimeisterjobben i Drammen, Søndre Buskerud. Medan politimeister Elisabeth Kaas i Vardø er tiltenkt jobben i Midtre Hålogaland politidistrikt.

FÅR TØFF KAMP: Berre ei kursendring frå ei ny regjering ser ut til å kunne gi Rolf B. Wegner politimeisterjobben i Bergen.
ARKIVFOTO: ARNE NILSEN