Anne-Karin Kleiven Rynning er odelsjente og driv farsgarden som sauebruk med skog som attåtnæring. I sauefjøset i Klauane aular det av små nyfødde lam. No vil ho starta fjernadopsjon av lam, skriv Firdaposten i dag.

Fjellgarden Klauekneipen ligg 769 meter over havet.

Oldelsjenta tenkjer seg at ein gut eller ei jente kan leige eller "adoptere" eitt eller fleire lam frå vår til haust. Dei får bilde av lammet/lamma, og dei blir individuelt merkte (nummermerke), så dei kan finne dei att t.d. i Grytadalen til sommaren.

Då kan fjellturen bli litt spesiell ved at dei går på tur for å finne lammet "sitt", fortel ho til Firdaposten.

PÅSKELAM: Her er eit påskelam frå Songstad gard på Osterøy. Lammet er i gode hender hos June og Bendicte Lindvik. ARKIVFOTO: ARNE NILSEN