VIDAR YSTADvidar.ystad@bergens-tidende.no Oslo

Det opplyser pensjonert oberst Vigar Aabrek til Bergens Tidende. Han er president i FN-Veteranenes Landsforbund, busett i Bergen.

Forsvarssjefen har kunngjort at 30.000 nordmenn som har gjort teneste i krigsområde sidan 1990, skal få tilbod om helsesjekk.

Pågang frå FN-veteranar Aabrek opplyser at landsforbundet har oppretta støttegrupper over heile landet dit medlemer kan vende seg telefonisk. Desse støttegruppene har hatt stor pågang etter presseoppslaga dei siste dagane om helsefarane knytt til stråligsfare og eksponering av tungmetall.

Lenge etter Golf-krigen er det blitt kjent at våpen som inneheldt utarma uran, vart nytta i krigen mot Irak. Etter kvart har søkelyset blitt retta mot skadeverknadar som kan vere påførd amerikanske og britiske soldatar som deltok.

Sjølv gjorde han teneste i 15 månadar i Golfen frå slutten av 1992 av under oppryddinga etter Golfkrigen i 1991.

– Visste ingenting – Vi visste lite eller ingenting om helsefaren slik den nå blir omtala. Kunnskapen min den gongen var lik null, seier Aabrek.

Aabrek var i området også før den lange perioden.

– Då, like etter at krigshandlingane var over, låg røyken tjukk og svart over heile området på grunn av oljebrannane. Det var ikkje tvil om at den røyken var helseskadeleg. Men den var borte då eg kom ned att i 1992.

– Det vi ikkje veit, er kva eksponering dei vart utsett for som kort etter krigen hadde i oppgåve å gjennomsøke og rote i mål som hadde blitt treft av eksplosivar, seier Aabrek.

FFI granska i Golfen – Forvarets Forskingsinstitutt hadde også folk der nede då. Dei var truleg mest ute etter å undersøke og kartlegge om og i kva omfang kjemisk/biologiske våpen var brukt. I kva grad dei også var opptekne av verknadar av utarma uran brukt i våpen, kjenner eg ikkje til.

Aabrek seier at han skulle tru at det også er i brukarane av denne typen våpen si interesse å syte for at eigne mannskap ikkje blir utsett for helsefare.

Han trur at presset nå er så sterkt at alle kort må kome på bordet etter at også NATO har sagt at ein vil ha ei gransking.