Europa og verda har behov for svimlande mengder olje og gass dei neste tiåra. Shtokman er berre eitt av mange spennande prosjekt som kjem i arktiske område, minner Statoils oljeanalytikar Bjørn Vidar Lerøen om.

— Denne delen av verda blir utruleg interessant. US Geological Survey reknar med at nær 25 prosent av verdas uoppdaga petroleumsressursar ligg i arktiske strøk. Shtokman er viktig, men ikkje det einaste toget som går, seier Lerøen.

Shtokman er verdas største gassfelt til havs, ei utbygging vil krevja investeringar på rundt 160 milliardar kroner. Totalt skal det investerast for over 1200 milliardar kroner i Nordvest-Russland dei neste 15 åra, ifølgje overslag frå Murmansk fylke.

Shell-stopp på Sakalin 2

Medan Statoil og Hydro stadig ventar på Shtokman-klarering, har Russland stoppa Shells utbygging av Sakalin 2-feltet i stillehavsområdet mot Japan.

— Eg trur ikkje det som no skjer på Sakalin får innverknad på Shtokman-prosessen. Russarane avventar og gjer seg kostbare, seier petroleumsekspert Øystein Noreng, professor ved Handelshøyskolen BI.

I snart eitt år har Russlands statlege oljeselskap Gazprom halde vestlege samarbeidspartnarar på pinebenken med Shtokman. Vil Statoil, Hydro, Total, Phillips Conoco eller Chevron få delansvar for gigantiske Shtokman? Avgjerda er utsett fleire gonger, den siste meldinga frå Kreml går ut på at saka skal konkluderast før nyttår.

— Russarane har ikkje hastverk, det har ikkje vi heller. Det kan ta årevis før dei set foten ned, eller det kan skje veldig fort, seier professor Noreng til Bergens Tidende.

For Statoil er teknologispranget som er gjort på Snøhvit-feltet den store døropnaren for det arktiske eventyret. For Hydro er Ormen Lange-erfaringa det største plusset.

Kval, laks og taktikk

Russiske styresmakter si avgjerd sist helg om å suspendera utbyggingslisensen for Sakalin 2 kjem etter ei langvarig tautrekking mellom Gazprom og utbyggingskonsortiet leia av engelsk-hollandske Shell.

Gazprom har hatt ønske om å få innpass i konsortiet og gasshandsamingsfabrikken som skal byggjast på land på Sakalin. Shell har i dag japanske Mitsui og Mitsubishi med seg på laget.

Den formelle grunngjevinga for suspensjonen er omsynet til miljøet. Miljøorganisasjonar har protestert mot olje- og gassaktiviteten på Sakalin, mellom anna av frykt for konsekvensar for elvelaks og gråkval.

130 mrd-jobb på vent

Russlands naturressursminister Juri Trutnev har bede Sakalin-konsortiet koma med grundigare dokumentasjon på at utbygginga tek nok omsyn til miljøet.

Kremls inngrep fører til full stans i eit utbyggingsprosjekt til 130 milliardar kroner, dobbelt så dyrt som opphaveleg rekna med.

— Vi vil halda fram med å samarbeida med russiske styresmakter for å koma fram til ei løysing. Såleis vil vi halda på tilliten til internasjonale kundar i Japan, Korea og Nord-Amerika, dit vi har kontraktfesta å levera Sakalin-gass frå 2008, går det fram av ei melding frå konsortiet ifølgje nyhendebyrået AFP.

«GJER SEGKOSTBARE»: I snarteitt år har Russlandsstatlege oljeselskapGazprom haldevestlege samarbeidspartnararpåpinebenken medShtokman.¿ Russarane gjerseg kostbare, meinerpetroleumsekspertØystein Noreng,professor vedHandelshøyskolenBI.ARKIVFOTO: AFTENPOSTEN
Furulund, Svein Erik