Tromsø Mineskadesenter (TMC) dreiv i sju år opplæring av helsepersonell i Afghanistan. Utanriksdepartementet løyvde 13,5 millionar kroner til arbeidet, som blant anna skulle berge livet til bombeoffer.

I 2009 la TMC ned prosjektet. Ein av grunnane var den massive korrupsjonen i landet. Sluttrapporten som vart sendt til UD i april i år, fortel om ei konkret sak der FN-tenestemenn hadde kravd pengar.

Noreg og Utanriksdepartementet har nulltoleranse for korrupsjon. Heile UD-systemet er pålagt å melde inn korrupsjonssaker dei blir kjent med. UDs seksjon for humanitære spørsmål valde likevel å ikkje gå vidare med saka.

UD: — Gjekk for lang tid

Korrupsjonsforskar Tina Søreide ved Christian Michelsens Institutt (CMI) og UiB meiner UD skulle ha tatt tak i det dei fekk vite.

— UD må ta ei slik sak opp med FN, og så må FN granske. Eit slik forsøk på korrupsjon er så alvorleg at det ikkje kan få passere, seier Søreide, som har tatt doktorgrad på korrupsjon.

UD viser til at det gjekk for lang tid før dei fekk vite om kva som hadde hendt den gongen i 2009.

"Om påstandene om uregelmessigheter hadde blitt oversendt departementet tidligere ville Sentral kontrollenhet blitt bedt om å undersøkje saken", skriv kommunikasjonsrådgjevar Svein Atle Michelsen i UD i ein e-post til Bergens Tidende.

Sentral kontrollenhet vart oppretta i UD i 2007 for å handtere og granske alle saker der det er mistanke om misbruk av midlar i utanrikstenesta.

- Spesielt og alvorleg

Retningslinjene til UD seier ingenting om at saker som er tre år gamle ikkje treng meldast.

— Saker som omhandlar korrupsjon eller forsøk på korrupsjon skal rapporterast, sjølv om dei ikkje er ferske. Vi har hatt saker som er eldre enn tre år, seier seniorrådgjevar Arne Bjørnstad ved Sentral kontrollenhet.

Heller ikkje det økonomiske omfanget spelar noko rolle, ifølgje Bjørnstad.

— Ei krone er nok. Den minste saka vi har hatt, var på under 500 kroner. Vi praktiserer nulltoleranse, og følgjer opp alle saker vi får vite om. Problemet er dei sakene vi aldri får melding om, seier seniorrådgjevaren, som ikkje kjenner saka med TMC i Afghanistan.

Korrupsjonsforskar Søreide meiner det ikkje er eit haldbart argument at det gjekk lang tid før UD fekk beskjed.

— Det beste ville sjølvsagt vore om dei fekk melding med ein gong. Men dette gjeld FN, og det gjer saka spesiell og særleg alvorleg. Representantar for FN må stå for FNs verdiar, også om dei er lokalt tilsette. Elles vil FN-systemet raskt misse tillit, seier Søreide.

Aldri kontakta av UD

Humanitær seksjon i UD nøya seg med å ta "informasjonen til etterretning", ifølgje kommunikasjonsrådgjevar Michelsen i UD. Han skriv at dette også var fordi "påstandene TMC fremmer verken er underbygget av dokumentasjon, er utdypet, eller ble tatt opp med departementet da det angivelig skal ha skjedd".

TMCs rapport gir fleire detaljar om det som hende, blant anna at det var FN-tenestemenn på mellomnivå som kravde pengar. Episoden er også tidfesta, til oktober 2009. Bakgrunnen var at UNHCR, FNs høgkommissær for flyktningar, hadde evaluert resultata av prosjektet og planane for å utvide. Dei korrupte tenestemennene ville ikkje formidle søknaden vidare i systemet dersom dei ikkje fekk "a lump sum of dollars", heiter det i rapporten.

— Eg eller andre ved TMC vart aldri bedt om å leggje fram meir dokumentasjon eller utdjupe, seier kirurg Hans Husum om kontakten med UD.

FN etterforskar sjølve

Ifølgje prosjektleiaren var det snakk om nokre hundre dollar til afghanske FN-tilsette. Pengane vart aldri betalt – men det fritek ikkje frå rapporteringsplikta, ifølgje Sentral kontrollenhet.

— I ei sak der folk i FN-systemet blir skulda for å ha kravd pengar, vil det normale for oss vere å melde frå til FN. Det har vi også gjort tidlegare. FN har ei eiga eining som etterforskar slike saker, seier seniorrådgjevar Bjørnstad i Sentral kontrollenhet i UD.

Generalsekretær Guro Slettemark i Transparency International Norge meiner det er svært alvorleg dersom tilsette i FN er korrupte.

— Det er viktig å kome til botnen i slike saker, for å ta lærdom og for å hindre at slikt hender igjen, seier Slettemark.

KRITISK: Korrupsjonsforskar Tina Søreide ved Christian Michelsens Institutt (CMI) og UiB meiner UD skulle ha tatt tak i det dei fekk vite. - UD må ta ei slik sak opp med FN, og så må FN granske, seier ho.