VIDAR YSTAD

I kortform blir striden omtala som «uverdig». Huuse har ope og direkte utfordra POD-sjefen, Ingelin Killengreen, i diskusjonen om dei omstridde listene over sakna etter flodbylgje-katastrofen.

Hadde det ikkje vore for at Huuse er for avgåande, ville saka ha kunna få alvorlege fylgjer for hans vidare verke i norsk politi.

Nå blir affæren oppfatta som eit siste «takk og farvel» frå Huuse etter at han i haust forsto at han ikkje ville få jobben som toppsjef for nye Kripos.

Striden mellom dei to er ikkje av ny dato. Gong på gong, når han har funne grunn til det, har Huuse utfordra både Killengreen og den politiske leiinga i Justisdepartementet. Det har skjedd under skiftande politiske regime.

Huuse har som sjef for Kripos vore underlagd POD-sjef Killengreen. Det meiner enkelte han aldri har akseptert.

Huuse har måtta avfinne seg med at Killengreen, først som sjef for Politiavdelinga i Justisdepartementet, deretter som departementsråd og øvste embetsmann, kunne treffe avgjerder og disposisjonar som han mislikte. I neste omgang vart Killengreen politimeister i Oslo, ein jobb Huuse hadde lyst på, men ikkje fekk.

Endeleg vart Killengreen sjef for det nyoppretta Politidirektoratet og dermed direkte overordna Huuse. Det betydde også meir direkte styring ettersom Politidirektoratet har budsjettansvaret for heile politiet, inkludert Kripos. Dermed kom konfliktane meir på spissen.

Når heller ikkje Justisdepartementet eller riksadvokaten som leiar i Rådet for Kripos har gjort noko forsøk på å styre Kripos, har Huuse fått frie hender.

Forklaringa frå folk som kjenner forholda frå innsida, er at «Huuse er ein rå imperiebyggar som gjer nesten kva som helst for å styrke eige organ». Det inkluderer effektiv bruk av media.

Både i Justisdepartementet og i POD har oppfatninga vore at Huuse i fleire tilfelle har nytta «gode saker» i kamp om budsjettmidlar og andre viktige mål.

Både departementet og POD meiner at Huuse i stor utstrekning har nytta media ved å servere «utvalde godbitar» for å nå måla sine. Ein aktiv bruk av politikarane på Stortinget inngår også i denne strategien, er oppfatninga.

Dette har også vekt sterke reaksjonar til topps i påtalemakta men utan at det har fått konsekvensar for Huuse.

Eit døme på dette er den omstridde barnepornorassiaen for drygt to år sidan. Etter ein nøye planlagd mediestrategi rykka Huuse ut med dei «funn som var gjort» under rassiaen. Av den interne mediestrategien i Kripos som BT kunne avsløre, framgjekk det at Kripos skulle bruke saka til å fokusere på behovet for nye stillingar.

Reaksjonane var sterke. Fleire sentrale folk i politi og påtalemakt meinte at mediesutspelet skjedde altfor tidleg, til stor mein for etterforskinga. Riksadvokaten tok opp og forfylgde saka. Det gjorde også Politidirektoratet.

Saka fekk ingen konsekvensar for Huuse.