VIDAR YSTADOslo

I Forsvarets Overkommando var ein i går ikkje i stand til å forklare kva slags behandling og oppfylging åtvaringa fekk internt.

Heller ikkje kunne ein svare på kvifor det tok så lang tid å formidle opplysningane frå NATO-hovudkvarteret, SHAPE, til FO.

Til FO kom det amerikanske dokumentet via den norske militærmisjonen ved SHAPE.

Åtvaringa Tema for åtvaringa er at utarma uran (DU) er brukt i våpen som vart nytta under operasjonane i Kosovo.

Folk blir åtvara mot å gå inn i køyretøy som er øydelagt etter å ha blitt truffe av slike våpen. Rett nok gjeld åtvaringa giftig tungmetall. Men i åtvaringa blir det peika på at den som av tenestemessige grunnar må nærme seg eit slikt mål, må utstyrast med godkjend pustevern og dekke seg til for å verne huda.

Det blir slege fast at personellet må stå i kontakt med kyndig helsepersonell som kan kontrollere eksponeringa som dei blir utsett for. Det inneber kontroll både før og etter at dei har vore i området.

Ugradert dokument

Eksistensen av dokumentet vart kjent gjennom avisa Klassekampen i går. Dokumentet har heile tida vore ugradert. Den amerikanske forsvarskommandoen presiserte også at opplysningane måtte formidlast vidare både til dei humanitære hjelpeorganisasjonane som skulle inn i Kosovo, etter krigen, og til den flyktande sivilbefolkningen som vendte tilbake.

Kan ikkje forklare Pressetalsmann, brigader Kjell Grandhagen, opplyser til Bergens Tidende at han ikkje veit om dokumentet låg i den norske misjonen i dei tre månadane som gjekk, før det vart sendt til FO.

Dokumentet vart sendt frå den amerikanske forsvarsstaben NATO-kommandoen i Brussel 1. juli 1999. Først 6. oktober 1999 vart åtvaringa motteke i Forsvarets Overkommando. Men FO sendte aldri åtvaringa vidare til Forsvarsdepartementet.

Først for tre dagar sidan fekk Forsvarsdepartementet kjennskap til den amerikanske åtvaringa som var sendt ut 1. juli 1999.

Grandhagen legg til grunn at KFOR-styrkane i Kosovo har motteke og formidla opplysningane i dokumentet både til hjelpeorganisasjonar og sivilbefolkninga i dei aktuelle områda. Nokon konkret kunnskap om dette har han likevel ikkje. Han bygger på dei generelle ansvarslinene.

Ingen reaksjon frå FD Dokumentet med åtvaringa vart då sendt direkte frå den norske militærmisjonen med NATO-hovudkvarteret i Brussel til Forsvarsdepartementet.

Pressetalskvinne Kirsti Skjerven i Forsvarsdepartementet har ingen opplysningar om kvifor det tok så lang tid før dokumentet hamna i departementet. Ho vil heller ikkje seie noko om korleis departementet reagerer på forholdet. Ho hevdar overfor Bergens Tidende at opplysningar som tidlegare forsvarsministrar har gjeve om helsefaren knytt til Kosovo, ikkje står i motstrid til det som framgår av det amerikanske dokumentet.